Jacques Tits Kjelder | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmeny«Jacques Tits»Biografi på Abelprisens...


EinskildmennFødde i 1930Belgiske matematikararFranske matematikararMedlemmar av Det Norske Videnskaps-AkademiÆreslegionenMedlemmar av United States National Academy of SciencesMedlemmar av Det franske vitskapsakademietPour le MériteFolk frå UccleAbelprisenWolfprisen i matematikkMatematikarar på 1900-talet


franskbelgiskmatematikargruppeteoriaritmetiskeBrusselBonngruppeteoriCollège de Franceprofessor emeritusAcadémie des SciencesNational Academy of SciencesAmerican Academy of Arts and SciencesUtrechtGhentBonnLeuvenJohn Griggs ThompsonAbelprisenalgebraChevalier de la Légion d'Honneurl'Ordre National du Mérite



































Jacques Tits
Jacques Tits (2008).jpg

Fødd
12. august 1930
Uccle
Nasjonalitet Frankrike, Belgia
Område Gruppeteori
Yrke
matematikar, universitetslærar, professor
Institusjonar
Universitetet i Bonn
Collège de France
Alma mater Université libre de Bruxelles
Medlem
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Det franske vitskapsakademiet
Det Norske Videnskaps-Akademi
National Academy of Sciences
Academia Europaea
American Academy of Arts and Sciences
Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen

Jacques Tits (fødd 12. august 1930 i Uccle) er ein fransk (frå 1974, tidlegare belgisk) matematikar. Han har skrive mange forskingsartiklar på fleire område, men i hovudsak innan gruppeteori.


Tits viste seg tidleg som ein dugande matematikar. I 3-årsaldenen kunne han utføre alle aritmetiske operasjonar, han bestod opptakseksamenen til Friuniversitetet i Brussel då han var 14 år og fekk doktoratet sitt då han var 20 år gammal. Tits var professor ved Friuniversitetet i Brussel 1962–1964, professor ved universitetet i Bonn frå 1964 til han i 1973 flytta til Paris, der han fekk eit professorat i gruppeteori ved Collège de France. Tits hadde dette professoratet til han gjekk av i 2000 og har sidan vore professor emeritus.


Jacques Tits har vore medlem av det franske Académie des Sciences sidan 1974. I 1992 vart han valt til utanlandsk medlem av National Academy of Sciences i USA og American Academy of Arts and Sciences. I tillegg er han medlem av vitskapsakademi i Noreg, i Nederland og Belgia.


Han har fått tildelt æresdoktorat frå universiteta i Utrecht, Ghent, Bonn og Leuven og har mottatt fleire priser. Saman med John Griggs Thompson mottok han Abelprisen i 2008 for arbeide deira innan algebra, og særleg for utforminga av moderne gruppeteori. Jacques Tits sine publikasjonar inneheld særs mange grunnleggande og banebrytande matematiske idear, noko gjer han til ein av dei viktigaste og originale matematikarane i vår tid.


Tits vart slått til riddar av den franske æreslegionen, Chevalier de la Légion d'Honneur, i 1995, og han fekk den franske fortenestemedaljen, l'Ordre National du Mérite i 2001.



Kjelder |



  • «Jacques Tits» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff |



  • Biografi på Abelprisens nettsider (pdf)








Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...