Ørsta kommune Innhaldsliste Næringsliv | Samferdsel | Tettstader og bygder i Ørsta | Kommunehistorie...


NynorskkommunarØrsta kommuneSunnmøreKommunar i Møre og Romsdal


Møre og Romsdal fylkeSunnmøreVartdalsfjordenSogn og Fjordane fylkeSykkylvenStrandaVoldaHornindalSogn og FjordaneVartdalsfjordenStorfjordenUlsteinHareidSulaØrstaadministrasjonssenteretVartdal PlastVartdalsfjordenStorfjordenlakstorskBondalenFollestaddalenÅmdalenIvar Aasen-tunetØrsta/Volda lufthamn, HovdenBergen lufthamn, FleslandOslo lufthamn, GardermoenE 39FestøyaferjesambandSolavågenHundeidvikFylkesveg 655SæbøLeknesNorangsdalenrasStandalTrandalSkårTIMEkspressenKristiansundYtrestøylVartdalHjørundfjordHjørundfjordenStorfjordenVartdalsfjordenØrstafjordenSunnmørsalpaneMolaupsulykkaEngesetfonnaDen norske kyrkjakyrkjerØrsta frikyrkje


































































Ørsta kommune

kommune





kommunevåpen


Land

Flag of Norway.svg Noreg

Fylke

Møre og Romsdal


Adm.senter

Ørsta

Areal
805 km²
 - land
786 km²
 - vatn
19 km²

Folketal
10 812 (1. januar 2018)
Folketettleik

14 / km²



Målform
nynorsk

Ordførar
Stein Aam (Sp)


Kommunenr.
1520




NO 1520 Ørsta.svg




Wikimedia Commons: Ørsta

Nettstad: www.orsta.kommune.no


Ørsta kommune er ein kommune i Møre og Romsdal fylke. Han ligg på Sunnmøre sør i fylket, og strekkjer seg frå Vartdalsfjorden i nordvest til fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane fylke i søraust.


Kommunen grensar til Sykkylven og Stranda i aust, til Volda i sørvest og til Hornindal i Sogn og Fjordane i sør. Nord for Vartdalsfjorden og Storfjorden ligg kommunane Ulstein, Hareid og Sula. Ørsta kommune har sine noverande grenser frå 1964, etter samanslåinga av kommunane Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord.


Bygdebyen Ørsta er administrasjonssenteret i kommunen.


Ørsta har og sitt eige motto: Ørsta - I hjartet i Sunnmørsalpane.


På sommaren vert Nordens brattaste fjelløp, Saudehornet rett opp (1.303 moh), arrangert for folket og det går samstundes eit barneløp til Skåla.




Innhaldsliste






  • 1 Næringsliv


  • 2 Samferdsel


  • 3 Tettstader og bygder i Ørsta


  • 4 Kommunehistorie


  • 5 Folketalsutvikling


  • 6 Natur


    • 6.1 Kjende fjell


    • 6.2 Andre naturområde




  • 7 Naturulukker


  • 8 Kyrkjer


  • 9 Kjende ørstingar


  • 10 Sjå òg


  • 11 Kjelder


    • 11.1 Fotnotar




  • 12 Bakgrunnsstoff





Næringsliv |




Ivar Asen-tunet i Ørsta.


I Ørsta er industri, handel, jordbruk, fiske og havbruk viktige næringsvegar. Viktige bedrifter er Saferoad AS, Vik Ørsta AS , Vartdal Plast, Tine Meieri Vest avd. Ørsta og Fora Form AS. Fiskebåtane er særleg lokalisert til Vartdal. Der har fiske tradisjonelt vore viktig, men i dag er det få havgåande fartøy i kommunen. I Vartdalsfjorden og Storfjorden er det oppdrett av laks og torsk. I tillegg har kommunen landbaset settefiskproduksjon.


Jordbruket finn ein mest i dei største dalane: Bondalen, Follestaddalen og Åmdalen. Av kulturelle attraksjonar må særleg nemnast Ivar Aasen-tunet, som vart opna i 2000 og Brudavollen som har vore bebudd sidan 1500-talet.



Samferdsel |


I Ørsta kommune ligg Ørsta/Volda lufthamn, Hovden like ved grensa til Volda. Herfrå går ruter til Bergen lufthamn, Flesland, Trondheim lufthamn, Værnes og Oslo lufthamn, Gardermoen.


E 39 går gjennom Ørsta. Det er om lag 10 kilometer mellom Ørsta sentrum og sentrum i nabokommunen Volda. Etter opninga av Eiksundsambandet i 2008 er det ferjefritt samband mellom Ørsta og nabokommunane Ulstein og Hareid. Eiksundsambandet har gjort dei seks kommunane Ørsta, Volda, Herøy, Ulstein, Sande og Hareid til ein felles bu- og arbeidsmarknad. Det er 36 kilometer frå Ørsta sentrum til Festøya, her er det ferjesamband til Solavågen i Sula. Frå Festøya går det og ferje til Hundeidvik i Sykkylven.


Ørsta har fem andre ferjekaier. Fylkesveg 655, som går frå Ørsta sentrum, kryssar Hjørundfjorden ved ferjeleiet på Sæbø på vestsida av fjorden, og Leknes på austsida. Riksveg 655 held fram mot Stranda gjennom Norangsdalen. Denne vegen er ofte stengd om vinteren på grunn av ras og rasfare. Ferja mellom Sæbø og Leknes går og rute til Standal og Trandal. I Hjørundfjorden er det og ferjekai på Skår. Hit kjem ferja på signal.


Utanom ferjerutene vert Hjørundfjorden trafikkert av ein skyssbåt.


TIMEkspressen mellom Volda og Kristiansund går på E39 gjennom Ørsta med om lag 15 avgangar om dagen begge vegar.



Tettstader og bygder i Ørsta |




Monumentet over Ivar Aasen i Ørsta sentrum.



  • Tettstaden Ørsta er den fjerde største tettstaden i Møre og Romsdal, etter Ålesund, Molde og Kristiansund. Pr. 1. januar 2009 budde 6495 av innbyggarane i Ørsta kommune i tettstaden Ørsta, som omfattar Ørsta sentrum og Hovdebygda.


  • Sætre i Vartdal er også definert som tettstad. Dette er den tettast folkesette delen av bygda Søre Vartdal på Vartdalsstranda. Sætre er den 56. største tettstaden i Møre og Romsdal, med 376 innbyggarar pr 1.1.2007.

  • Barstadvik

  • Bondalen

  • Hovdebygda

  • Standal

  • Sæbø

  • Vartdal

  • Bjørke



Kommunehistorie |


Ørsta vart eigen kommune den 1. august 1883, etter å ha vore ein del av Volda kommune frå 1837. Ved kommunedelinga hadde den nye Ørsta kommune 2070 innbyggarar.[1]Den 1. november 1893 vart garden Ytrestøyl med 13 innbyggarar ført over til Volda. [1]


I 1917 vart namnet endra frå Ørsten til Ørsta.


1. januar 1964 vart Ørsta slegen saman med Vartdal og Hjørundfjord til det som i dag er Ørsta kommune. Ved kommunesamanslåinga hadde Vartdal 1315 innbyggarar, Hjørundfjord 1728 innbyggarar og gamle Ørsta kommune 6209 innbyggarar. Til saman vart dette 9252 innbyggarar i den nye storkommunen.[1] I 2013 er fordelinga mellom dei tidlegare kommunane 1081 (Vartdal), 927 (Hjørundfjord) og 8448 (tidlegare Ørsta kommune).



Folketalsutvikling |


Folketalsutvikling for noverande Ørsta kommune frå 1900:































1900[2]
1.12.1920[3]
1.12.1930[4]
3.12.1946[4]
1.1.1951[5][6][7]
1.1.1961[5][6][7]
1.1.1971[5]
1.1.1981[5]
1.1.1991[5]
1.1.2001[5]
1.1.2010[5]
1.1.2014[5]
5163
6011
6195
7615
8108
9102
9484
10149
10248
10259
10343
10536


Natur |





Sunnmørsalpane på ytre del av Ørstahalvøya.Biletet er teke frå Klovekinn mot søraust.


Størstedelen av Ørsta kommune ligg på ei halvøy som er avgrensa av Hjørundfjorden, Storfjorden, Vartdalsfjorden og Ørstafjorden. Denne halvøya vert stundom kalla Ørstahalvøya. Naturen her er prega av høge, spisse fjell kring tronge dalar. Det gjeld og den delen av kommunen som ligg på austsida av Hjørundfjorden. Mykje av det området som vert kalla Sunnmørsalpane finn vi i Ørsta kommune.



Kjende fjell |








  • Jakta

  • Kolåstinden

  • Konehornet

  • Kvitegga

  • Liadalsnipa

  • Ramoen




  • Romedalstinden

  • Råna

  • Saksa

  • Saudehornet

  • Skårasalen

  • Slogen




  • Sølvkallen

  • Smørskredtinden

  • Urkedalstindane

  • Vallahornet

  • Vassdalstinden

  • Åvasstinden




Andre naturområde |







  • Molladalen

  • Masdalskloven

  • Romedalen

  • Standalseidet

  • Bondalseidet




  • Kvamsetdalen

  • Tussavatnet

  • Norangsdalen

  • Langsæterdalen

  • Urkedalen




Naturulukker |


Naturen i Ørsta gjer at området har vorte råka av fleire store ulukker, særleg då snøras.
1. januar 1770 vart kyrkjebåtane frå indre del av Hjørundfjorden råka av snøras. 27 menneske miste livet.


I februar 1968 vart garden Rise teken av snøras. Mange hus vart knust og tre menneske miste livet.


I november 1971 miste sju mann livet i Molaupsulykka. Dei vart tekne av snøras i bratt fjellterreng på austsida av Hjørundfjorden.


I februar 1979 vart bustadområdet Engeset ved Ørsta sentrum råka av Engesetfonna. Snøen knuste fleire hus og tre menneske omkom. Dagen før miste ein brøytesjåfør livet. Snømengda i Engesetfonna vart rekna fram til å vere minst 500 000 m³ og er då kanskje det største kjende snøskredet i Noreg.



Kyrkjer |




Vartdal kyrkje


Den norske kyrkja har fire kyrkjer i Ørsta.



  • Ørsta kyrkje

  • Vartdal kyrkje

  • Hjørundfjord kyrkje

  • Bjørke kyrkje


I Ørsta sentrum ligg og Ørsta frikyrkje



Kjende ørstingar |




Ivar Aasen




  • Ivar Aasen (1813–1896), språkforskar, målmann og diktar.


  • Anders Hovden (1860–1943), diktarprest og målmann.


  • Sivert Aarflot (1759-1817), folkeopplysar.


  • Olav Martinius Steinnes (1888-1961), arbeidarpartipolitikar og statsråd.


  • Ivar Digernes (1904-1958), journalist og omsetjar.


  • Peter Kjeldseth Moe (1909–1973), arbeidarpolitikar, stortingsrepresentant og sakførar.


  • Runar Gudnason, filmskapar, vokalist og frontfigur i hiphopgruppa Side Brok.


  • Marie Takvam (1926–2008), forfattar og skodespelar.


  • Anna Skeide (1910–1980), lyrikar.


  • Olav Strømme (1909–1978), målar.


  • Bjarte Engeset, dirigent.


  • Side Brok, hiphopmusikarar.


  • Musikaren Egil Olsen frå einmannsbandet Uncle's Institution.


  • Roar Hagen (1954-), avisteiknar og bokillustratør.


  • Andreas Haavoll (1869–1958), bladmann.


  • Gunnhild Øyehaug (1975), forfattar.


  • Vassendgutane (1996-), festcountry-band.


  • Kristine Eikrem Engeset (1988-), friidrettsutøvar.


  • Arill Riise (1958-), journalist og nyheitsankar i TV2.


  • Per Hovden (1944-2008), rådmann.


  • Henrik Straumsheim (1893–1975), diktar.


  • Sigvard Engeset (1885–1974), forkynnar, pastor og salmediktar


  • Mathias Brække (1873-1919), arkitekt.

  • Kåre Aam (1920-2011), industrileiar, grunnleggjar av Ørsta Stålindustri, no Vik Ørsta.

  • Terje Aarset

  • Birgitte Hustad Vinjevoll (1988-), vinnar av 71 grader Nord.



Sjå òg |


  • Høgaste fjella i Ørsta


Kjelder |



Fotnotar |





  1. 1,01,11,2 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)


  2. "Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960 frå Registreringssentral for historiske data


  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)


  4. 4,04,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)


  5. 5,05,15,25,35,45,55,65,7 Folkemengd i Ørsta 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå


  6. 6,06,1 Folkemengd i Vartdal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå


  7. 7,07,1 Folkemengd i Hjørundfjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå




Bakgrunnsstoff |



  • Nettsidene til Ørsta kommune

  • Informasjon om Ørsta på www.orstainfo.no





















Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...