In My Room Innhaldsliste Låtskrivinga | Musikarar | Ettermæle | Bakgrunnsstoff | Kjelder |...


Songar frå 1963The Beach Boys-songarBeste songar gjennom tidene hos Rolling StoneSongar skrivne av Brian WilsonCapitol Records-singlarSongar produserte av Brian WilsonGrammy Hall of Fame AwardGrant Lee Buffalo-songarLinda Ronstadt-songarTammy Wynette-songarDavid Crosby-songarCarly Simon-songarJimmy Webb-songarVince Gill-songarLisa Loeb-songar


Brian WilsonGary UsherpopbandetThe Beach BoysBe True to Your SchoolSagittariusHawthorneRolling StoneDavid CrosbyThe ByrdsCrosby, Stills & Nash (and Young)Jimmy WebbCarly SimonJohn CaleDesert Island Discs














































In My Room
Singel av The Beach Boys
frå albumet Surfer Girl


A-side
«Be True to Your School»

Utgjeve
14. oktober 1963

Innspelt
16. juli 1963

Sjanger

Pop

Lengd
2:11

Selskap

Capitol

Låtskrivar(ar)

Brian Wilson
Gary Usher

Produsent

Brian Wilson

The Beach Boys-kronologi
«Surfer Girl»/«Little Deuce Coupe»
(1963)

In My Room
«Little Saint Nick»
(1963)




«In My Room» er ein song skriven av Brian Wilson og Gary Usher for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Songen vart gjeven ut på albumet Surfer Girl 1963. Seinare same året kom han ut som B-side til singelen «Be True to Your School». Singelen nådde sjetteplass i USA. Ei utgåva av songen av Sagittarius, bandet til Usher, nådde 86. plass i 1969.




Innhaldsliste






  • 1 Låtskrivinga


  • 2 Musikarar


  • 3 Ettermæle


  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Kjelder





Låtskrivinga |






There's a world where I can go and tell my secrets to

In my room, in my room

In this world I lock out all my worries and my fears

In my room, in my room



Brian Wilson/Gary Usher




Gary Usher skreiv delar av teksten i lag med Brian Wilson, medan Wilson skreiv heile melodien.


Brian Wilson har forklart at det er ei soge bak songen. Då han og brørne Dennis og Carl budde i Hawthorne som born, søv dei alle i same rom. Ein kveld song han songen «Ivory Tower» til dei og dei likte det. Eit par veker seinare lærte han dei å synge harmonivokalar til songen. Dei song denne songen kveld etter kveld, og gav dei ro. Då dei spelte inn «In My Room» var det berre Dennis, Carl og Brian på førsteverset. I følgje Brian høyrdest dei akkurat ut som dei gjorde på soverommet sitt alle dei kveldane.



Musikarar |




  • Brian Wilson: solovokal, bass


  • Mike Love: korvokal, solovokal (mellomspel)


  • Carl Wilson: korvokal, gitar


  • Dennis Wilson: korvokal, trommer


  • Al Jardine: korvokal


  • David Marks: gitar



Ettermæle |


«In My Room» låg på Billboard Top 100 i 11 veker og nådde 23. plass i 1963.[1] Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 212. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene i 2010.
David Crosby frå The Byrds og Crosby, Stills & Nash (and Young) har fortalt at han er stor tilhengjar av songen, og at då han høyrde songen første gongen så ville ha gje opp med musikk fordi han aldri kom til å klare å gjere det same. Han song nettopp denne songen på ein hyllest konsert til Brian Wilson i lag med Jimmy Webb og Carly Simon. John Cale valde ut songen på radioprogrammet Desert Island Discs.



Bakgrunnsstoff |


  • Greg Panfile sin musikalske analyse av «In My Room»


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «In My Room» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2009.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2006 ISBN 0-89820-172-1 og ISBN 978-0-89820-172-7












Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Nässjö kommun Tettstader | Kjelder | NavigasjonsmenyeVIAFISNIGeoNamesMusicBrainz (area)

Kvitkval Innhaldsliste Taksonomi og utvikling | Utsjånad og levevis | Utbreiing | Åtferd |...