Jelena Romanova Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildkvinnerFødde i 1963Døde i 2007Russiske friidrettsutøvararRussiske langdistanseløpararOlympiske meistrar for RusslandDeltakarar under sommar-OL 1988Deltakarar under sommar-OL 1992Deltakarar under sommar-OL 1996


28. januar2007Volgograd20. mars196328. januar2007Voronezj oblastSovjetunionenRusslandTatjana SamolenkoVolgograd




















Jelena Romanova

Yelena Romanova.jpg

Fødd
20. mars 1963
Voronezj
Død

28. januar 2007
Volgograd


Yrke
langdistanseløpar, friidrettsutøvar

Jelena Nikolajevna Romanova, fødd Malikhina, (20. mars 1963–28. januar 2007) var ein friidrettsutøvar frå Nesjenskoje i Voronezj oblast som representerte Sovjetunionen og seinare Russland på mellom- og langdistansane. Ho vart europameister på 3 000 meter i 1990 og olympisk meister på 10 000 meter i 1992.



Aktiv |


Romanovas fyrste internasjonale meisterskap var VM 1987 i Roma der ho vart nummer fem på 5 000 meter og braut 10 000 meter. I Sommar-OL 1988 i Seoul kom ho på fjerdeplass på 3 000 meter med tida 8.30,4, hennar personlege rekord på distansen.


Romanova tok steget heilt til topp ved EM 1990 i Split, då ho vann milløpet på personbeste 31.46,8, og tok sølvmedaljen på 3 000 meter. Også under VM 1991 i Tokyo sprang ho inn til sølv på 3 000 meter, bak landskvinna Tatjana Samolenko. Året etter var rollene omsnudd ved OL 1992 i Barcelona, i finalen slo ho Samolenko i spurten og vann gullmedaljen. Seinare vart Romanova nummer seks både på 3 000 m ved VM 1993 i Stuttgart, og på 5 000-meteren under OL 1996 i Atlanta.


Romanova vart funnen død i husværet sitt i Volgograd i januar 2007.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • VM 1987 i Roma: Nr 5 på 3 000 m – 8.41,7, braut 10 000 m-kvalifiseringa


  • OL 1988 i Seoul: Nr 4 på 3 000 m – 8.30,4


  • EM 1990 i Split: Gull på 10 000 m – 31.46,8, sølv på 3 000 m – 8.43,6


  • VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje på 3 000 m – 8.36,0, braut 10 000 m


  • OL 1992 i Barcelona: Gullmedalje på 3 000 m – 8.46,0, framom Tatjana Samolenko (8.46,8)


  • VM 1993 i Stuttgart: Nr 6 på 3 000 m – 8.39,6


  • OL 1996 i Atlanta: Nr 6 på 5 000 m – 15.14,0



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Jelena Nikolajewna Romanowa» frå Wikipedia på tysk, den 18. august 2016.







Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...