Piggies Feiltolkingar | Medverkande | Kjelder | Navigasjonsmeny


Songar frå 1968The Beatles-songarSongar skrivne av George HarrisonSongar produserte av George MartinBarokkpop-songarSatiresongarPolitiske songarSongar om grisarMotkulturen i 1960-åraGeorge Harrison-songarPhish-songar


The BeatlesGeorge HarrisoncembalobarokkstilstrykekvartettbluesJohn LennonCharles MansonSharon TateDeath In June




































Piggies
Song av The Beatles
frå albumet The Beatles


Utgjeve
22. november 1968

Innspelt
19–20. september og 10. oktober 1968,
EMI Studios, London

Sjanger

Barokk pop, folk

Lengd
2:04

Selskap

Apple

Låtskrivar(ar)

George Harrison

Produsent

George Martin





Have you seen the little piggies crawling in the dirt?

And for all the little piggies life is getting worse,

Always having dirt to play around in.



George Harrison




«Piggies» er ein song av The Beatles på dobbeltalbumet The Beatles (White Album) frå 1968. Han er hovudsakleg skriven av George Harrison og har ein cembalo i barokkstil og ein strykekvartett – som tar ei uventa vending ved å spele blues. Teksten er ein sosial kommentar om lyst og marknadsgrådigskap.


«Piggies» starta som ein Harrison-song og er òg tilskriven han, men han etterlét songen uferdig. Då mor hans oppdaga han eit år etter, hjelpte John Lennon til med å gjere songen ferdig. I Harrison-boka I Me Mine frå 1982, skriv han at mor hans hjelpte han med ei strofe; What they need is a damn good whacking! Han skriv vidare at songen absolutt ikkje har noko med amerikanske politimenn å gjere, som ofte vart kalla «pigs» på 1960-talet. I tillegg hadde songen eit ekstra vers som ikkje vart nytta:



Everywhere there’s lots of piggies

Playing piggie pranks

You can see them on their trotters

At the piggy banks

Paying piggy thanks

To thee pig brother



Feiltolkingar |


Charles Manson, som feiltolka fleire songar frå Det kvite albumet til å rettferdiggjere morda hans, tok særskild verselinja What they need is a damn good whacking! som forsvar for å gå til åtak på politiet. Då Sharon Tate, Leno og Rosemary LaBianca og andre vart myrda den 9. august 1969, vart knivar og gaflar nytta sidan desse var nemnde i songen. Orda «pig» og «piggy» vart skrivne med blodet til offera på veggane. Harrison vart forskrekka og forferda over at songen hans skulle få ei slik meining.


Eit anna band som har nytta ordet «piggies» på bortimot tilsvarande måte er Death In June. Teksten på tittelsongen knyt seg seg til Manson-drapa i refrenget, All pigs must die, this ain’t August ’69.



Medverkande |


I følgje Ian MacDonald:[1]


The Beatles



  • George Harrison – solo- og harmonivokal,[2] akustisk gitar, korvokal[3]


  • John Lennon – lydbandefektar, vokalistert grynting,[2] korvokal[3]


  • Paul McCartney – bass, korvokal[3]


  • Ringo Starr – tamburin


Andre musikarar



  • Chris Thomas – cembalo

  • Henry Datyner – fiolin

  • Eric Bowie – fiolin

  • Norman Lederman – fiolin

  • Ronald Thomas – fiolin

  • John Underwood – bratsj

  • Keith Cummings – bratsj

  • Eldon Fox – cello

  • Reginald Kilbey – cello


  • George Martin – strykearrangement



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Piggies» frå Wikipedia på bokmål, den 8. februar 2009.


  • MacDonald, Ian (1998). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties. London: Pimlico. ISBN 978-0-7126-6697-8. 





  1. MacDonald 1998, s. 278.


  2. 2,02,1 Everett 1999, s. 199.


  3. 3,03,13,2 Winn 2009, s. 218.










Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...