Alessandro Lambruschini Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildmennFødde i 1965Italienske friidrettsutøvararHinderløpararDeltakarar under sommar-OL 1988Deltakarar under sommar-OL 1992Deltakarar under sommar-OL 1996


italienskFucecchioLatakiaSyriaAtenAtlantaStuttgartkenyanskeHelsingforstyskeDamian Kallabis
























Alessandro Lambruschini

Statsborgarskap Italia
Fødd
7. januar 1965
Fucecchio
Idrett
friidrett
Yrke
friidrettsutøvar

Alessandro Lambruschini (fødd 7. januar 1965) er ein italiensk tidlegare hinderløpar frå Fucecchio i provinsen Firenze. Han vart europameister på 3000 meter hinder i 1994 og vann elles ein sølvmedalje og tre bronsemedaljar i ulike EM, VM og olympiske leikar i tida 1990-98.



Aktiv |


Lambruschini var gjennom ein tiårsperiode ein av dei aller beste europeiske hinderløparane. Han fekk sitt gjennombrot då han vann øvinga i mellomhavsleikane 1987 i Latakia i Syria, fire år seinare forsvarte han meistertittelen i Aten. I 1987 sette han elles personleg rekord på 1500 m med 3.35,2, ei tid som viste hans framifrå fartseigenskapar.


Både under sommarleikane 1988 og 1992 vart Lambruschini nummer fire på 3000 meter hinder, før han så i 1996 vann ein bronsemedalje under Sommar-OL i Atlanta. Det var tredje bronsmedaljen i ein internasjonal meisterskap. I 1990 vart han nummer tre under EM, og same plassen på sigerspallen fekk han i VM 1993 i Stuttgart. Med tida 8.08,7 sprang han i Stuttgart sitt aller snøggaste hinderløp nokon gong. I alle desse nemnde OL- og VM-tevlingane vart han slått einast av kenyanske løparar.


I 1994 vann Lambruschini gullmedaljen på 3000 n hinder då EM i friidrett fann stad i Helsingfors. Fire år seinare tok han ein ny EM-sølv, tyske Damian Kallabis vann ein greis siger.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • VM 1987 i Roma: Nr 9 – 8.24,2


  • OL 1988 i Seoul: Nr 4 – 8.12,1


  • EM 1990 i Split: Bronsemedalje – 8.15,8


  • OL 1992 i Barcelona: Nr 4 – 8.15,5


  • VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje – 8.08,7


  • EM 1994 i Helsingfors: Gullmedalje – 8.28,6, framom Angelo Carosi (8.29,1)


  • VM 1995 i Göteborg: Nr 10 – 8.22,6


  • OL 1996 i Atlanta: Bronsemedalje – 8.11,2


  • VM 1997 i Aten: Braut i semifinalen


  • EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje – 8.16,7, bakom Damian Kallabis (8.13,1)



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Alessandro Lambruschini» frå Wikipedia på engelsk, den 9. mai 2015.








Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...