Lothal Innhaldsliste Strukturar | Transport | Arkeologi | Sjå òg | Kjelder | Bakgrunnsstoff |...


2300-talet f.Kr.2300-talet fvt.GujaratInduskulturenHistorie i Gujarat


IndussivilisasjonenBhal-regionenGujaratAhmedabadArchaeological Survey of IndiahamnbassengSabarmatiIndiahavetPersiabuktaDet gamle EgyptMesopotamiaBhurkhiAhmedabadBhavnagarRajkotDholkaBagodaradelinga av Britisk IndiaHarappaMohenjo-daro








































Lothal (લોથલ)


The ancient mound at Lothal.JPG

Land

Flag of India.svg India
Stat

Gujarat
Distrikt

Ahmedabad

Stad
Saragwala

Periode

Induskulturen

Grunnlagd
Ca. 2400 f.Kr.




Utbreiinga og større funnstader for Indussivilisasjonen. Lothal ligg søraust i området.


Utbreiinga og større funnstader for Indussivilisasjonen. Lothal ligg søraust i området.



Wikimedia Commons: Lothal


Lothal (લોથલ loˑt̪ʰəl) er ein av dei større ruinbyane etter Indussivilisasjonen og stammar fra rundt 2400 f.Kr. Staden ligg nær den noverande landsbyen Saragwala i Bhal-regionen i den indiske delstaten Gujarat, om lag 8 mil sørvest for delstatshovudstaden Ahmedabad.




Indusdalsegl og ein stor modell av eit avtrykk.


Ruinane blei oppdaga i 1954 og først grovne ut frå 1954-1955 til 1962-63 av Archaeological Survey of India (ASI), det offisielle indiske fortidsminnebyrået. Det er bygd eit arkeologisk museum ved sidan av utgravingsområdet som viser fram nokre av dei viktigaste indusdalfunna frå India.




Innhaldsliste






  • 1 Strukturar


  • 2 Transport


  • 3 Arkeologi


  • 4 Sjå òg


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Strukturar |




Hamna eller bassenget i Lothal.


Lothal huser ruinane av ei stor hamn eller eit basseng med mål på 37 ganger knappe 22 meter. Strukturen ligg ved det gamle leiet til elva Sabarmati, som sidan har endra kurs. Via elva hadde innbyggjarane i Lothal handelssamband med Indiahavet, og det er funne prov på handel med stader i Persiabukta, og gjennom dei truleg også Det gamle Egypt og Mesopotamia.


Bygningane i byen, mellom anna ein lagerbygning med 64 rom nær hamna, låg litt høgare enn elvesletta rundt, og var omgjeven av ein bymur. Ein høgareliggjande del av byen ved varehuset har hus med private bad og eit omfattande avløpssystem. Den lågareliggande delen av byen husa handverkarar som gull- og koparsmedar og tilverkarar av skjel og perler.[1]


Utanfor bymuren, i nordvest, låg ein gravplass. Det er identifisert 22 gravstader her, kvar forma som eit rektangel med nord-vest-orientering.[1]



Transport |


Lothal ligg seks kilometer søraust for jernbanestasjonen Lothal-Bhurkhi på jernbanelinja Ahmedabad-Bhavnagar. Han har også vegsamband med Ahmedabad (85 km), Bhavnagar, Rajkot og Dholka. Dei næraste byane er Dholka og Bagodara.



Arkeologi |


Lothal blei funne i 1954 under ei arkeologisk utforsking byrja av Archaeological Survey of India etter delinga av Britisk India i 1947. Delinga medførte at dei fleste kjende indusdalstadene, mellom anna Harappa og Mohenjo-daro, gjekk til Pakistan. Lothal ligg 27 mil frå Mohenjo-daro.[2]



Sjå òg |



  • Bhagatrav

  • Rangpur i India



Kjelder |





  1. 1,01,1 «Excavations – Important – Gujarat». Archaeological Survey of India. Henta 7. april 2014.. 


  2. Robert W. Bradnock, Anil Mulchandani. Rajasthan and Gujarat Handbook: The Travel Guide (PHP). Footprint Travel Guides. s. 276. ISBN 1-900949-92-X. Henta 2006-10-26. 




  • «Lothal», A Glimpse of Gujarat


  • «A Walk Through Lothal» ved harappa.com






  • Denne artikkelen bygger på «Lothal» frå Wikipedia på engelsk, den 6. april 2014.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • S. Srikanta Sastri, "Harappa Town Planning" (published in "Uttar Pradesh" in November 1961).


  • S. R. Rao, Lothal (published by the Director General, Archaeological Survey of India, 1985)


  • A.S. Khadikar, N. Basaviah, T. K. Gundurao and C. Rajshekhar Paleoenvironments around the Harappan port of Lothal, Gujarat, western India, in Journal of the Indian Geophysicists Union (2004)

  • Lawrence S. Leshnik, The Harappan "Port" at Lothal: Another View American Anthropologist, New Series, Vol. 70, No. 5 (Oct., 1968), pp. 911–922


  • Robert Bradnock, Rajasthan and Gujarat Handbook: The Travel Guide ISBN 1-900949-92-X

  • S. R. Rao, Lothal and the Indus Civilisation ISBN 0-210-22278-6

  • S. R. Rao, Lothal: A Harappan Port Town (1955–1962) (Memoirs of the Archaeological Survey of India) ASIN: B0006E4EAC

  • Sir John Marshall, Mohenjo-daro and Indus Civilisation I–III (1932)

  • Dennys Frenez & Maurizio Tosi The Lothal Sealings: Records from an Indus Civilization Town at the Eastern End of the Maritime Trade Circuits across the Arabian Sea, in M. Perna (Ed.), Studi in Onore di Enrica Fiandra. Contributi di archeologia egea e vicinorientale, Naples 2005, pp. 65–103.


  • S. P. Gupta (ed.), The Lost Sarasvati and the Indus Civilization (1995), Kusumanjali Prakashan, Jodhpur


  • Jonathan Mark Kenoyer, Ancient cities of the Indus Valley Civilization (1998) Oxford University Press, ISBN 0-19-577940-1




Bakgrunnsstoff |




  • «A Walk Through Lothal» ved harappa.com


  • «Pictures of Lothal Remains» ved indohistory.com

  • Lothal

  • The Harappan Civilization

  • Indus artefacts

  • Cache of Seal Impressions Discovered in Western India


  • «Sarasvati-Sindhu civilization». Arkivert frå originalen 1 January 2007. 


  • Collection of images

    Spire Denne historieartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...