Hekla Innhaldsliste Kjende utbrot | Historiske og førhistoriske utbrot | Sjå òg | Kjelde |...


1000 m-toppar på IslandVulkanar på IslandFjell på IslandAktive vulkanarVEI-5-vulkanarUtvalde artiklar 2010


stratovulkanIslandmeter over havetmellomalderen1104vikinganetefra18452. september194729. mars194826. februar2000pyroklastisk straum2000199119801970194718451766169316361597151014341389134113001222120611581104holocen950 fvt.




Koordinatar: 63°59′N 19°42′W































Hekla
vulkan

Hekla hraun.jpg

Juli 2005: Hekla bak ei slette med vulkansk oske

Land

Flag of Iceland.svg Island

Høgd
1 488 moh.
Koordinatar

63°59′N 19°42′W

Vulkantype

Stratovulkan
Siste utbrot

28. februar 2000




Iceland relief map.jpg

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Hekla


Hekla er ein stratovulkan sør på på Island med ei høgd på 1 488 meter over havet. Hekla er den mest aktive vulkanen på Island og det har vore over 20 utbrot ved og rundt vulkanen i kjend tid. Gjennom mellomalderen kalla islendingane vulkanen for «Porten til helvete».


Hekla er ein del av ein vulkanrygg som er 40 km lang. Den mest aktive delen av ryggen er om lag 5,5 km lang og vert rekna som den eigentleg vulkanen Hekla. Hekla ser mest ut som ein båt som ligg opp ned der kjølen er ei rekkje krater. To av desse er hovudsakleg dei mest aktive.




Innhaldsliste






  • 1 Kjende utbrot


  • 2 Historiske og førhistoriske utbrot


  • 3 Sjå òg


  • 4 Kjelde


  • 5 Bakgrunnsstoff





Kjende utbrot |


Det tidlegaste nedteikna utbrotet til Hekla fann stad i 1104, men det må truleg ha vore mange fleire under tida då vikingane slo seg ned her. Utbrotet i 1104 var eit av dei største til Hekla og om lag 2,5 kubikkilometer med tefra vart spydd ut.


Sidan den gong har det vore mellom tjue og tretti utbrot og fjellet har stundom vore aktiv i periodar på seks år med små pausar imellom. Hekla hadde ein lang kvil på meir enn seksti år fram til 1845, då han brått braut ut 2. september.


Utbrota til Hekla er svært varierte og vanskelege å føresjå. Nokre er svært korte (ei veke til ti dagar), medan andre kan strekke seg til månadar og år (utbrotet i 1947 starta 29. mars og enda i april 1948). Men det er vanlegvis ein korrelasjon: Jo lenger Hekla held seg i ro, jo større og meir katastrofalt er det neste utbrotet (Þórarinsson, 1967).




Hekla har utbrot i 1980. Sett 4 km nordaust frå toppen.


Det nylegaste utbrotet var 26. februar 2000. Fram til då hadde forskarane trudd at Hekla ikkje var i stand til å produsere det mest farlege og øydeleggjande vulkanske fenomenet, ein pyroklastisk straum. I 2003 fann ein derimot spor etter ein 5 km lang straum nedover fjellsida.




Hekla sett frå Þjórsárdalur



Historiske og førhistoriske utbrot |


Hekla hadde utbrot i 2000, 1991, 1980, 1970, 1947, 1845, 1766, 1693, 1636, 1597, 1510, 1434, 1389, 1341, 1300, 1222, 1206, 1158 og 1104.


Eit av dei største holocen-utbrota var utbrotet i 950 fvt. som kasta ut om lag 7,3 kubikkilometer med vulkansk stein i atmosfæren og truleg førte til at dei globale temperaturane fall dei neste åra.


Stora utbrot i førhistorisk tid:



  • Hekla-5: 6800 år sidan

  • Hekla-4: 4260 år sidan

  • Hekla-Sv: 3750 år sidan

  • Hekla-3: 2950 år sidan



Sjå òg |


  • Vulkanar på Island


Kjelde |



  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Hekla frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:




  • «Hekla». Global Volcanism Program. Smithsonian Institution. Henta 27. februar 2007. 

  • Anonymous (1872) Wonders of Creation: A descriptive account of volcanoes and their phenomena, e-text No. 6131, Project Gutenburg (vitja 28. november 2006)

  • Hutchinson, I.P. (1983) Upphaf Eldgossins í Heklu, 1980 (On the Eruption of Hekla, 1980). Náttúrufræðingurinn, 52 (1–4), s. 175–183.

  • Þórarinsson, S. (1967) The eruption of Hekla in historical times. Vol. I: The eruption of Hekla 1947–48, Soc. Sci. Islandica, 38, s. 1–183



Bakgrunnsstoff |



  • Bilete av utbrotet frå 2000

  • Nattfoto av utbrotet med nordlys

  • Geovitskapleg institutt, Universitetet på Island, sider om Hekla





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...