Jondalstunnelen Innhaldsliste Bompengar | Trafikkgrunnlag | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmeny60°12′N...


Samferdsle i JondalSamferdsle i KvinnheradTunnelar i Hordaland


vegtunnelNordrepollenKvinnheradJondalfylkesveg107FolgefonntunnelenBergenOddaFolgefonntunnelenKvinnherad2002Hardanger24. juni2009Statens vegvesenKruse Smith AS7. september2012Jens StoltenbergAutopassE134HaukelivegenUtneHardangerfjordenFolgefonntunnelenEuropaveg 134OsloBergenHaukeliekspressenårsdøgntrafikken








































Jondalstunnelen

Jondalstunnelen.jpg
Kart som syner vegen mellom Norheimsund og Odda om Jondalstunnelen og Folgefonnstunnelen.

Veg

Fv107

Kommune
Jondal

Fylke
Hordaland

Lengd
10 400 m

Køyrehøgd
4,6 m

Opna
7. september 2012[1][2]

Bompengar
100 kr for lette køyretøy, 200 kr for tunge køyretøy

Koordinatar

60°12′N 06°15′EKoordinatar: 60°12′N 06°15′E

Jondalstunnelen er ein vegtunnel som går frå Nordrepollen i Kvinnherad til Torsnes i Jondal på fylkesveg 107. Vegen om Folgefonntunnelen og Jondalstunnelen er skildra som den snøggaste og tryggaste vegen mellom Bergen og Odda, og dermed også eit alternativ for vegtrafikken mellom Bergen og Oslo. [3] Tunnelen oppstod som ein idé då planane om Folgefonntunnelen kom. Men tunnelplanane møtte mykje motsand, særleg frå dei som kjempa for alternativ lenger inne i fjorden, men også frå Kvinnherad-sida.[4] Ein eigen folkeaksjon vart skipa i 2002 for å arbeida for bygging av tunnelen, og fekk namnet Jondalstunnel Nå. Politikarar i Hardanger arbeidde for å skaffa finansiering til prosjektet og 24. juni 2009 underskreiv Statens vegvesen kontrakt med entreprenøren Kruse Smith AS om bygging av tunnelen. [5] Vegen vart offisielt opna den 7. september 2012 av statsminister Jens Stoltenberg.[6][7]


Tunnelen er 10 km lang, og prosjektet vart rekna å koste om lag 886 millionar kroner.
I tillegg til sjølve Jondalstunnelen, omfatta prosjektet Ødegårdstunnelen(Torsnestunnelen) på 580 meter, veg i Nordrepollen på 540 meter, hovudveg i Jondal på 1485 meter og tre bruer.




Innhaldsliste






  • 1 Bompengar


  • 2 Trafikkgrunnlag


  • 3 Bakgrunnsstoff


    • 3.1 Referansar







Bompengar |


Det kostar 100 kroner i bompengar for lette køyretøy og 200 kroner for tunge køyretøy å køyre gjennom tunnelen. Trafikantar som passerer både Jondalstunnelen og Folgefonntunnelen i løpet av éin time, skal berre betala for passeringa i Jondalstunnelen. Trafikantar med Autopass vil kunne oppnå rabattar på opp mot 50%.[8] Innkrevinga skal vare til år 2027.



Trafikkgrunnlag |


Hovudmålet med tunnelen var eit betre og kortare samband mellom Jondal og Kvinnherad via Folgefonntunnelen mot Odda og E134 Haukelivegen. Dette sambandet gjekk før om Utne og Odda og tyngre køyretøy måte kryssa Hardangerfjorden med ferje to gonger.


I samanheng med Folgefonntunnelen vil tunnelen kunne gje grunnlag for Europaveg 134 som stamveg mellom Oslo og Bergen. Vegen vil då bli 100 kilometer kortare enn alternative vegar mellom dei to største byane i Noreg. Bussruta Haukeliekspressen vil med tunnelen kunne køyre ruta Bergen–Oslo om lag éin time snøggare enn før.[9] Statens vegvesen meinte før opninga at årsdøgntrafikken i tunnelen ville bli 340. Etter første månaden i drift ser ÅDT ut til å bli om lag 450.[10]



Bakgrunnsstoff |



  • Statens vegvesens prosjektside for Jondalstunnelen

  • Folkeaksjonen "Jondalstunnel nå"

  • Jondalstunnelen - Samferdelsdepartementet

  • Bergens Tidende: Liten tunnel – stor visjon. Kommentar om Stamveg-alternativa mellom Oslo og Bergen.



Referansar |




  1. «Jens åpner Jondalstunnelen». bt.no. 31. juli 2012. Henta 24. august 2012. 


  2. «Opna Jondalstunnelen». Regjeringen.no. 7. september 2012. Henta 7. september 2012. 


  3. Omstridd suksesstunnel - Leiar i BT om Jondalstunnelen i eit større bilete.


  4. Les Jondalsmagasinet i dagens HF Hardanger Folkeblad i eit eige bilag i høve Jondalstunnelen


  5. Fv 107 Jondalstunnelen – underskriving av kontraktar Statens vegvesen - besøkt 05. mai 2011


  6. Stoltenberg kjem til Jondal Hardanger Folkeblad siterer ein pressemelding frå fylkesvaraordførar i Hordaland fylke Mona H. Hellesnes


  7. Gjennomslag i Jondalstunnelen Statens Vegvesen oppgjer 1. september 2012 som ein forventa opningsdato.


  8. 100 kroner i bompengar i Jondalstunnelen Hordaland Fylkeskommune om bompengar.


  9. Trafikkampen i Hardanger Hardanger folkeblad


  10. Populær tunnel i Jondal BT.no





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...