Magdalena Forsberg Innhaldsliste Aktiv | Kjelder | Navigasjonsmeny


Fødde i 1967Svenske langrennsløpararSvenske skiskyttararDeltakarar under vinter-OL 1998Deltakarar under vinter-OL 2002


svensklangrennarskiskyttarUllångerKramfors kommunVästernorrlands länverdscupen i skiskytingski-VM 1987Oberstdorfski-VM 1989LahtiAntholzRuhpoldingSlovakiaOlena Zubrilovavinter-OL 1998NaganoPokljukaSalt Lake Cityverdscupen i skiskytingSverige RadiosSvenska Dagbladet






Magdalena Forsberg i 2006


Magdalena Forsberg (fødd 25. juli 1967), opphavleg Magdalena Wallin, er ein svensk tidlegare langrennar og skiskyttar frå Ullånger i Kramfors kommun i Västernorrlands län. Perioden 1997-2002 var ho den dominerande kvinnelege skiskyttaren i verda. Ho vann då verdscupen i skiskyting samtlege seks år på rad og tok seks VM-gull i skiskyting. I alt vann ho 12 medaljar (6-1-5) i skiskytings-VM og to OL-bronsar i same perioden. Som langrennar fekk ho ein stafettmedalje i VM 1987.




Innhaldsliste






  • 1 Aktiv


    • 1.1 Langrenn


    • 1.2 Skiskyting




  • 2 Kjelder





Aktiv |



Langrenn |


Wallin deltok internasjonalt for Sverige i langrenn frå andre halvdel av 1980-åra. Høgdepunktet i langrennsløypa opplevde ho allereie under ski-VM 1987 i Oberstdorf, der ho gjekk startetappen for det svenske bronselaget i 4x5 km stafett. Hennar beste individuelle meisterskapsresultat var tiandeplassen på 30 km i ski-VM 1989 i Lahti.



Skiskyting |


Etter ho mislukkast å nå opp i spesielt langrenn, gjekk Wallin i 1993 for fullt inn for skiskyting som idrettsgrein. Allereie i 1995-sesongen vann ho eit renn i verdscupen og vart nummer sju på 15 km i VM 1995 i Antholz. Sesongen etter viste ho vidare framgong med ein siger på 15 km i verdscupen, samt tre tredjeplassar. I VM 1996 i Ruhpolding vann ho si fyrste individuelle VM-medalje, ein bronse. Om sommaren 1996 gifta ho seg med langrennaren Henrik Forsberg.


Magdalene Forsberg vann sine to fyrste VM-titlar i 1997 i Osrblie i Slovakia. Etter å ha teke bronsemedalje på 7,5 km vann ho 10 km jaktstart, fem sekundar føre Olena Zubrilova. Sidan i meisterskapen sigra ho suverent på 15 km, med berre eitt tilleggsminutt slo ho sølvvinnaren med over eitt-og-eit-halvt minutt.


Ho lukkast ikkje å ta medalje under vinter-OL 1998 i Nagano, men vart same året verdsmeister på 10 km jaktstart i Pokljuka. Under VM 1999 i Hochfilzen tok ho ein sølvmedalje og ein bronsemedalje. I Holmenkollen i 2000 vart ho verdsmeister på 10 km jaktstart for tredje gong, og fekk bronsemedaljen på 15 km. Ho deltok i sitt siste verdsmeisterskap i 2001 i Polkjuka, og reiste heim med to gullmedaljar (15 km og fellesstart), og ein bronsemedalje i 10 km jaktstart. Den totale medaljehausten frå verdsmeisterskapane vart på seks gull-, to sølv- og tre bronsemedaljar. I olympisk samanheng lukkast Forsberg å ta bronsemedaljar under OL 2002 i Salt Lake City.


Forsberg var heilt dominerande i verdscupen i skiskyting i 1997-2002, som ho vann samtlege seks år på rad. Frå 1995 til ho la opp i 2002 vann ho 42 enkeltrenn i verdscupen. 85 gongar stod ho på sigerspallen etter verdscuprenn.


Forsberg vart tildelt Sverige Radios Jerringpris heile fire gongar; 1997, 1998, 2000 og 2001, fleire enn nokon annan sportsutøvar. Men ho fekk aldri Svenska Dagbladet si gullmedalje.



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar



Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...