The Book of Lost Tales Innhaldsliste Rammeforteljing | Soga om Eriol eller Ælfwine | Navigasjonsmeny


J.R.R. TolkienBøker frå 1983


J.R.R. TolkienFørste verdskrigen1916EarendelTol EressëaJames Matthew BarriesPeter PanKensington GardensChristopher TolkienOttar frå HålogalandIngwaz1983




The Book of Lost Tales er den eldste eksisterande versjonen av J.R.R. Tolkien legendarium, som fann si endelege versjon i Silmarillion. Hovudbolken av desse «tapte forteljingane» vart skrivne etter at Tolkien kom rekonvalesent heim frå Første verdskrigen, og dei tidlegaste avsnitta er daterte 1916. Mykje av stoffet vart skrive ned i små notisbøker, og vart seinare grunnmaterialet for vidare omarbeiding gjennom heile livet til Tolkien.




Innhaldsliste






  • 1 Rammeforteljing


    • 1.1 Olorë Mallë




  • 2 Soga om Eriol eller Ælfwine


    • 2.1 Variant 1


    • 2.2 Variant 2







Rammeforteljing |


Rammeforteljinga handlar om sjøfararen Eriol (ein «son av Earendel»), som reiser frå «utlanda» til Tol Eressëa, der han finn byen Kôr, eller Kortirion. Midt inne på øya finn han ein kolle, og på denne ei hytte: «The cottage of lost play». I denne hytta finn han paret Lindo og Vairë, som rår for alle dei borna som gjekk seg bort på «draumestigen» (Olorë Malle på alvisk), og som vart tekne i hus der. Eriol blir fortalt at han lyt vera «liten» om han skal gå inn i hytta, og når han kjem over dørstokken vidar huset seg ut for han. Her inne fortel Vairë og Lindo, og andre, soga om alvane, og korleis verda vart skapt, om silmarillane og om Valane, og endeleg om den «store utferda» og grunnlegginga av Kór.


Forteljingane kjem som følgjer:



  • "The Cottage of Lost play" (introduksjon og rammeforteljing. Reinskrive av Edith i februar 1917).

  • «The Music of the Ainur» (seinare «Ainulindalë». Denne og dei følgjande sogene er skrivne i 1919 og 1920).

  • «The coming of the Valar»

  • «The chaining of Melko»

  • «The coming of the elves and the making of Kôr»

  • «The theft of Melko and the darkening of Valinor»

  • «The flight of the Noldoli»

  • «The tale of the sun and moon»

  • «The hiding of Valinor»

  • Gilfanons forteljing: «The travail of the noldoli and the coming of mankind» (finst berre i skisseform, svært uavslutta).

  • «The tale of Tinúviel» (ferdigstilt om lag 1917).

  • «Turambar and the Foalokë» (ferdigstilt om lag 1919).

  • «The fall of Gondolin» (originalmanus frå om lag 1916 eller 1917. Ein av dei eldste bolkane).

  • «The Nauglafring» (Dvergehalsbandet. Siste samanhengande forteljing, følgjer beint etter Gondolin-soga).

  • «The tale of Eärendel (på skissestadiet, aldri utarbeidd).



Olorë Mallë |


"Draumestigen" er eit konsept som aldri kom attende i den seinare diktinga til Tolkien. I følge denne tanken vart "Hytta" sett opp av alvane til bruk og glede for born frå denne verda som følgde draumestigen til Valinor, og som sidan kunne reise heimatt. Det synte seg og at nokre born ikkje fann vegen heim, og desse fekk då vern og bustad i "Hytta for bortkomen leik." Lindo og Vairë er sette til å vakte dei bortkomne borna.


Det er tydeleg at Tolkien her har late seg påverke av James Matthew Barries bøker om Peter Pan, som i røynda er eit slikt bortkome barn. "Hytta" finst det og eit tilsvar til i den første av Barries Peter Pan-bøker (i Kensington Gardens).



Soga om Eriol eller Ælfwine |


Siste bolken av synopsiset er forteljinga om Eriol eller Ælfwine, og slutten på sogene. Denne siste biten finst i to versjonar, noko som tyder på at Tolkien på dette punktet var uviss på korleis han skulle la denne sogesamlinga ende. Christopher Tolkien legg opp to moglege handlingslaup for rammeforteljinga vidare:



Variant 1 |



  • Eldar og dei attverande Noldoli reiste av frå «storlanda» (Midgard) og kom til Tol Eressëa.

  • Der bygde dei mange byar og bygder, og midt på øya i Alalminorë, sette Ingil son av Inwë opp byen Koromas, og Ingils tårn gav staden namnet Kôrtirion.

  • Ottor Wæfre kom frå Heligoland til Tol Eressëa og budde i «Hytta for bortkomen leik» i Kortirion. Alvane kalla han Eriol eller Angol etter «jarnknausane» der han kom frå.

  • Etter ei tid med undervisning i den gamle soga om gudar, alvar og menn, gjekk Eriol for å vitje Gilfanon i byen Tavrobel, og der skreiv han ned det han hadde høyrt. Der drakk han alvedrikken Limpë.

  • Eriol vart gift på Tol Eressëa og fekk sonen Heorrenda (halvalv).

  • Dei tapte alvane i storlanda gjorde opprør mot Melko sine tenarar; og så fann utreisa stad, då vart Tol Eressëa dregen aust over havet og ankra opp utanfor kysten av Storlanda. Den vestre helvta av øya brotna av då Ossë freista å trekke øya attende, og dette vart til øya Íverin (Irland).

  • Tol Eressëa låg no på same stad som England.

  • Slaget om Rôs slutta med at alvane vart slegne, og dei gjekk i løynd på Tol Eressëa.

  • Illhuga menn gjekk inn på øya, i følgje med orkar og andre illhuga skapnader.

  • Slaget på Heia ved Himmeltaket, ikkje langt frå Tavrobel, og Eriol var vitne til dette, medan han gjorde Gullboka ferdig.

  • Alvane vart usynlege for auga på dei fleste av manneætt.

  • Sønene til Eriol, Hengest, Horsa og Heorrenda, tok over øya og gav ho namnet England. Dei var ikkje fiendtlege mot alvane, og frå dei har engelskmennene «den sanne overleveringa om alvane».

  • Kortirion, den gamle bustaden til alvane, vart kjend som Warwick på engelsk tungemål. Der budde Hengest, medan Horsa heldt til i Taruithorn (Oxford) og Heorrenda i Tavrobel (Great Haywood).


Christopher Tolkien vedgår at dette er ein «ukorrekt» rekonstruksjon. Men ein ser av dette at den «opphavlege» mytologien til Tolkien inneber sterk tilknyting til tidleg engelsk soge. I den første versjonen finn ein tilvising til handelsmannen Ottar frå Hålogaland (Ottor Wæfre = Eriol). Ottor er altså ikkje frå Hålogaland, men frå Heligoland i denne versjonen.



Variant 2 |


I denne varianten skil Tolkien mellom Tol Eressëa og England, ved å innføre øya Luthany, som ligg geografisk der England ligg i dag. I tillegg har Eriol no skift namn til Ælfwine. Då blir handlinga som følgjer:



  • Alvane frå Kôr reiser inn i Storlanda, og går i land i Luthany. Valinor går tapt.

  • Krig med onde menn i Storlanda.

  • Alvane drog seg attende til Luthany (som var landfast på denne tida), der Ingwë var konge.

  • Mange, men ikkje alle alvane i Luthany reiste attende mot vest til Tol Eressëa. Men Elwing forsvann.

  • Stader på Eressëa fekk namn etter stader i Luthany.

  • Eärendel kom til Luthany og søkte tilflukt frå Ossës vreide hjå Ingwë.

  • Eärendel gav Ingwë Limpë/eller Ingwë fekk Limpë frå alvane før Eärendel kom.

  • Eärendel signa Ingwë før han reiste

  • Ossë let vreiden sin råke Ingwë med

  • Ingwë sette segl med mange av folket sitt for å finne Tol Eressëa.

  • Ferda enda med forlis, men Ingwë overlevde, og langt i aust vart han konge over Ingwaiwar (Ingveonar), forfedrane til anglarane og saksarane i England.

  • Ingwë gav Ingwaiwar undervisning i den sanne kunnskapen om alvar og gudar. Så vende han hjarta deira mot vest. Han spådde at slekta ein dag skulle koma att til Luthany.

  • Ingwë reiste sistpå sin veg i båt. og ingen høyrde meir til han (eller han kom til Tol Eressëa).

  • Etter at Ingwë for av, danna det seg ein kanal, og Luthany vart ei øy. Menn reiste over i båt.

  • Sju invasjonar etter kvarandre, medrekna den til Rúmhoth (romarane). Ved kvar ny krig rømde fleire alvar over sjøen.

  • Den sjuande invasjonen var det Ingwaiwar som stod for, og desse var ikkje fiendtlege mot alvane, sidan desse "kom attende til sitt eige" - dei var Ingwë sitt folk.

  • Alvane i Luthany blømde att, og vart verande på Luthany (England). Dei tala til Ingwaiwar på deira eige mål: Gamalengelsk.

  • Ælfwine var ein engelskmann frå gamalengelsk tid, ætling av Ingwë, som hadde arva kjennskap og kjærleik til alvane frå ætta si.

  • Ælfwine kom til Tol Eressëa, oppdaga at dei snakka gamalengelsk der, og alvane kalla han Lúthien (ven), mannen frå Luthany.


I denne versjonen finn ein tydeleg referanse til stammeguden Ingwaz (Ingwë).


The Book of Lost Tales vart utgjeve med kommentarar av Christopher Tolkien i 1983, som dei første banda av serien The History of Middle Earth.







Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...