Minix Historie | Distribusjonar | Bakgrunnsstoff |...

Multi tool use
Multi tool use


Unix


Unix-liknandeoperativsystemIdrisCoherentUniflexAT&TlisensieringUnixAndrew S. TanenbaumVrije UniversiteitAmsterdamNederlandISBN 0-13-637331-3CIBM PCIBM PC/AT19801990Motorola 68000Atari STAmigaApple MacintoshSPARCSun Workstation arbeidstasjonarx86LinuxLinus Torvaldskjernemikrokjernenopen kjeldekodeLinuxFreeBSDCD-ROMISBN 0-13-638677-6






MINIX 3.1.2a


Minix er eitt av fleire «Unix-liknande» operativsystem, desse inkluderer operativsystema Idris, Coherent og Uniflex. Somme av desse vart skrivne fordi AT&T si opphavlege lisensiering av Unix gjekk ut ifrå at det skulle seljast til organisasjonar for kommersielt bruk. Dei «Unix-liknande» operativsystema vart skrivne frå grunnen av utan noko kode frå AT&T.



Historie |


Minix vart skrive av Andrew S. Tanenbaum frå Vrije Universiteit i Amsterdam i Nederland som eit eksempel i læreboka Operating Systems: Design and Implementation, ISBN 0-13-637331-3. Rundt 12 000 linjer kjeldekode frå kjernen, minnehandsamaren og filsystemet er trykte i boka; storparten er skrive i C.


Minix var laga for å køyre på IBM PC-ar og IBM PC/AT-maskiner i slutten av 1980-åra og tidleg i 1990-åra. Versjon 1.5 var òg porta til Motorola 68000-baserte maskiner (som t.d. Atari ST, Amiga og tidlege Apple Macintosh) og SPARC-baserte maskiner (som Sun Workstation arbeidstasjonar). Versjon 2.0 er berre tilgjengeleg for x86-arkitekturen.


Linux var påverka av Minix (Linus Torvalds var kjend med det, og nytta det som eit utviklingsverkty), men er på mange måtar svært ulikt Minix-arkitekturen. Det gjeld særleg Linux sin monolittiske kjerne framfor mikrokjernen i Minix. Då Minix vart utvikla, vart lisensen sett på som særs liberal, med eit svært lite lisensgebyr samanlikna med tilsvarande operativsystem. Dette var eit kompromiss mellom Tanenbaum sin intensjon om å ha Minix som eit instruerande eksempel, og utgjevaren sine ynskje om å handheve kopiretten i koden. Sidan det ikkje var fullstendig open kjeldekode, bidrog mange frivillige utviklarar heller til Linux- og FreeBSD-kjernane. I slutten av 1990-åra vart lisensen for Minix endra til open kjeldekode, men då hadde allereie andre operativsystem overgått Minix i funksjonalitet, og det heldt fram som eit undervisningverkty – som Tanenbaum hadde meina at det skulle vere – framfor å bli eit utbreidd operativsystem.



Distribusjonar |


Minix-distribusjonar har dei følgjande ISBN-nummera. Dei inneheld alle kjeldekoden, men kan vere utilgjengelege for sal:



  • Eit sett av 5¼"-diskettar for IBM-PC-ar med 640 KB RAM, som kan bli nytta på 512 KB-datamaskiner om du justerer somme programstorleikar. Tilgjengeleg som ISBN 0-13-583873-8.

  • Eit sett med diskettar for IBM PC med 256 KB RAM, som ikkje inkluderer nokon C-kompilator sidan den ikkje kan køyre med så lite minne. Tilgjengeleg som ISBN 0-13-583881-9.

  • Eit sett med diskettar for IBM PC/AT med minst 512 KB RAM; 1,2 MB 5¼"-diskettar er nytta istadenfor tidlegare 360 KB-diskettar. Tilgjengeleg som ISBN 0-13-583865-7.

  • Nispors industristandard 1600 bpi magnetisk band i UNIX tar-format. Inkluderer ein IBM PC-emulator og nokrebibliotek og program som gjer det mogleg å køyre Minix-filsystemet på ein VAX eller anna minidatamaskin som køyrer UNIX. Tilgjengeleg som ISBN 0-13-583899-1.


Minix versjon 2.0 er distribuert på ein CD-ROM som følgjer med Operating Systems: Design and Implementation, 2. utgåve, av Tanenbaum og Woodhull (1997, ISBN 0-13-638677-6). Seinare utgåver er tilgjengelege på nettet.



Bakgrunnsstoff |



  • Minix-informasjon

  • Minix1.hampshire.edu

  • Kategori på ODP

  • Minix på bærbare og PDA-ar

  • Historia til Minix frå Andrew Tanenbaum

  • Linus mot Tanenbaum, flammekrig om Minix




rGZ82EwBlTYC5EnCrjoMSFfbwMAFLrUrHZ,GWj7hPae
8vAanQIn25WcAA

Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Are there clean alien movies?Are there humanoid aliens that have fewer facial characteristics rather than...