Cathy Freeman Aktiv | Kjelder | NavigasjonsmenyWorldCatVIAFGNDLCCNISNI


EinskildkvinnerFødde i 1973Australske friidrettsutøvararSprintararOlympiske meistrar for AustraliaDeltakarar under sommar-OL 1992Deltakarar under sommar-OL 1996Deltakarar under sommar-OL 2000


australskQueenslandMarie-José Pérec

















Cathy Freeman

Cathy Freeman (cropped).jpg

Fødd
16. februar 1973
Slade Point, Queensland
Yrke
sprinter, friidrettsutøvar

Cathy Freeman på Commons

Cathy Freeman, fullt namn Catherine Astrid Salome Freeman, (fødd 16. februar 1973) er ein australsk tidlegare friidrettsutøvar frå Mackay i Queensland. Ho spesialiserte seg på 400 meter, og vart verdsmeister på distansen i 1997 og 1999, før ho toppa karrieren med å verte olympisk meister i heimlandet i år 2000.



Aktiv |




Freeman ved start på 400 m under Sommar-OL 2000


Freeman fekk sitt internasjonale gjennombrot med siger på både 200 meter og 400 m under samveldeleikane i Victoria i august 1994, vinnartidane var 22,25 og 50,38 sekundar. Året etter vart ho nummer fire på 400 m i friidretts-VM, før ho i same meisterskapen spurta forbi Tyskland og sikra Australia bronse i 4 x 400 m stafett.


Under dei olympiske leikane i Atlanta sommaren 1996 gjorde Freemann unna sitt livs snøggaste 400-meter og sette personleg rekord med tida 48,63, likevel vart det sølvplass på henne, ettersom franske Marie-José Pérec også var i sitt livs form og kom i mål på 48,25 sekundar.


Sesongane 1997-2000 var Freeman den beste 400-meterløparen på kvinnesida. Ho vart verdsmeister på distansen i 1997 og gjentok prestasjonen i 1999. Begge gongane vann ho med knapp margin, i 1997 med to hundredels sekund til jamaicanske Sandie Richards og i 1999 med sju hundredels sekund til tyske Anja Rücker. Derimot vann ho klart då ho i 2000 til stor jubel frå tribunane i Sydney vart olympisk meister på tida 49,11 sekundar.


Freeman la opp i 2002.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • OL 1992 i Barcelona: Utslått i kvartfinalane på 400 m (51,52 =nr 17)


  • VM 1995 i Göteborg: Nr 4 på 400 – 50,60, bronsemedalje i 4 x 400 m stafett


  • OL 1996 i Atlanta: Sølvmedalje på 400 m – 48,63, bak Marie-José Pérec (48,25)


  • VM 1997 i Aten: Gullmedalje på 400 m – 49,77, framom Sandie Richards (49,79)


  • VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje på 400 m – 49,67, framom Anja Rücker (49,74)


  • OL 2000 i Sydney: Gullmedalje på 400 m – 49,11, framom Lorraine Graham (49,58)



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Cathy Freeman» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2016.





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...