Heit du fa'i min Navigasjonsmeny


Norske slåttar


hallingValdresSetesdalpizzicatohardingfeleverketHåvard GibøenMyllargutenheitvibeitslåttHardingfeleverketOtto FurholtVegusdal[18]NRK




«Heit du fa'i min» er ein halling i 2/4-takt som er del av ein av dei største slåttekrinsane i heile hardingfeletradisjonen. Slåtten finst i ei rekkje variantar både aust- og vestafjells, frå Valdres til Setesdal. Ein av dei mest kjende variantane av slåtten er kjend som Fyken eller «Skjellerudhallingen». I Hardanger er slåtten ofte kalla «Sellanden», og i Setesdal «Klunkaren». I setesdalsformene er det lagt inn pizzicato eller «klunking».


Dei fleste slåttane i gruppa er registrert under nr 160 i hardingfeleverket. Fleire av dei nedskrivne formene kan førast attende til Håvard Gibøen, og ei av nedskriftene er etter Myllarguten.


Namnet «Heit du Fa'i» min er eit fast munnhell i gamalt telemål. «Fa'i min» er ei tiltaleform som er nytta på alle karfolk. Ordet «heit» er ein variant av helsinga hei (altså 'Hei, far min').


Dette er truleg ein gamal tvibeitslått som har vore kjend sidan 1700-talet.



Variantgruppa |


Hardingfeleverket har registrert 19 variantar av slåtten.


  • Nr 50: Gamal Klevhalling, etter Johan Kleven, Krødsherad [1]. Nedskrift Truls Ørpen 1914 (Ø 38). Johan Kleven hadde truleg slåtten etter far sin, Gamle-Kleven.

Nr 160:


  • a: Heit du fa'i min, frå Bø i Telemark [2]. Nedskrift Gregar Nordbø, reinskrive ved Eivind Groven (G 1032).

  • b: Heit du fa'i min, etter Olav R. Berge, Rauland [3]. Nedskrift Eivind Groven 1955 etter minne.

  • c:Halling, etter Myllarguten. Nedskrift Carl Schart 1850 [4]. Slåtten har seinare vore kalla Sellanden etter spelemannen Eirik Selland frå Granvin. Myllaren hadde truleg denne slåtteforma derfrå.

  • d:Tak'o fa'i min, etter Gjermund Haugen, Notodden [5]. Nedskrift Eivind Groven 1933 (G 447). Namnet er telemål for ”Tak ho far min”.

  • e: Halling, etter Lars Rognved, Haus, Nordhordland [6]. Nedskrift Arne Bjørndal 1916 (B 247). Rognved hadde slåtten etter Magne Kleiveland frå Haus.

  • f: Rull, etter Nils Brakvatn, Hamre, Nordhordland [7]. Brakvatn hadde slåtten etter John Rivenes, Haus. Brakvatn skreiv sjølv ned tonen til slåtten, og Arne Bjørndal reinskreiv han seinare for utgjeving.

  • g: Kjerringje reiste på stølen, etter Engebret Beitohaugen, Øystre Slidre [8]. Nedskrift Arne Bjørndal 1936 (B 1079). Beitohaugen hadde slåtten etter faren Nils Beitohaugen. Slåttenamnet er etter eit stev som byrja slik.

  • h: Heit du fa'i min, etter Eilev Smedal, Seljord [9]. Nedskrift Eivind Groven 1936.

  • i: Heit du fa'i min, halling etter Håvard Gibøen, etter Gunleik Smedal, Seljord [10]. Nedskrift Eivind Groven 1922 (G 555).

  • j: Tak'o fa'i min, etter Halvor Klonteig, Tinn [11]. Nedskrift Eivind Groven (G 1033). Johannes Dale kalla denne slåtten «Talishaugen».

  • k: Halling, etter Ole Evju, Eggedal [12]. Nedskrift Truls Ørpen kring 1930.

  • l: Fyken eller Skjelleruden, etter Wilhelm Sorteberg, Krødsherad [13]. Nedskrift Truls Ørpen 1910 (Ø 28). Sorteberg hadde slåtten etter Gudbrand Skjellerud, som hadde lært han av Gamle Hans Fykerud frå Sauherad. Skjelleruden hadde vore slåttekar hjå Gamle-Hans. I Hallingdal er denne forma rekna som ein god danselått og er mykje nytta.

  • m: Rull, etter Ola Midtbø, Masfjorden [14]. Nedskrift Arne Bjørndal 1948 (B 2410). Midtbø hadde slåtten etter far sin.

  • n: Toleslåtten, etter Ola Mosafinn, Voss [15]. Nedskrift Arne Bjørndal 1908 (Bjørndal nye slåttar 4). Mosafinn hadde slåtten etter spelemannen Lars Tolo frå Kvam. Slåtten har seinare vore kalla «Mosafinnrudlen». Lars Tolo hadde slåtten etter faren Nils Torgeirsson Nesheim, som kom frå Granvin. Slåtten som ho står, er nok prega av at at Mosafinn har bygd han ut. Han spela inn slåtten på voksrull i 1911.

  • o: Faremoslått, etter Tomas Liestøl, Ose, Setesdal [16]. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (B 391). Liestøl hadde slåtten etter Jørund Frisvoll, Hægeland, som hadde han etter Olav Faremo, Hylestad. Slåtten heiter etter han.

  • p: Klunkaren, etter Eivind Hamre, Bygland [17]. Nedskrift Arne Bjørndal 1917 (B 166). Hamre hadde slåtten etter Neri Neset, Bygland (lært i 1860-åra). Slåttenamnet skriv seg frå klunketaka i slåtten.

' q: Klunkaren, etter Otto Furholt, Vegusdal [18]. Nedskrift Eivind Groven 1954 etter opptak i NRK (G 976).


Supplementsformer:


  • nr 166a: Nils i Rudninge, etter Torleiv Bolstad, Øystre Slidre [19]. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Dette er Bolstad si utforming av ein slått som mellom anna var nytta av Nils Beitohaugen.

  • nr 166b: Halling, etter Sevat Sataøen, Ål [20]. Nedskrift Sven Nyhus 1978 etter opptak i NRK. Slåtten er etter Tor Grimsgard.

  • Nr 181: Halling, etter Jørgen Husemoen, Nesbyen [21]. Nedskrift Eivind Groven (G 1890).



Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...