Hartmut Losch Aktiv | Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildmennFødde i 1943Døde i 1997Tyske diskoskastararEuropameistrar i friidrettTyske deltakarar under sommar-OL 1964Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964Austtyske deltakarar under sommar-OL 1968Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968Austtyske deltakarar under sommar-OL 1972Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1972


26. mars1997Neu Fahrland11. september194326. mars1997tyskfriidrettsutøvarAngermündeBrandenburgAust-TysklandPotsdamsommar-OLTokyoEM 1966BudapestDetlef Thoritholympiske leikanevinnarkastetAtenEMHelsingforsOLMünchenEMRoma




















Hartmut Losch

Bundesarchiv Bild 183-F1119-0026-001, Hartmut Losch.jpg

Fødd
11. september 1943
Angermünde
Død

26. mars 1997
Neu Fahrland


Yrke
friidrettsutøvar

Hartmut Losch (11. september 1943–26. mars 1997) var ein tysk friidrettsutøvar frå Angermünde i forbundslandet Brandenburg, som representerte Aust-Tyskland. Han vart europameister i diskoskasting i 1969, tre år tidlegare tok han sølvmedaljen i same øvinga, også då i EM. 192 cm høge og 120 kg tunge Losch var medlem av ASK Potsdam, og døydde i Potsdam.



Aktiv |


Losch sette personleg rekord med 58,38 meter i 1964. Han deltok for Tyskland under sommar-OL i Tokyo, og kvalifiserte seg til finalen med eit kast på 56,56 m. I finalen måtte han nøye seg med 52,08 m og ellevteplass. To år seinare kom han på sølvplassen i EM 1966 i Budapest. I ei uvanleg jamn tevling oppnådde han 57,34 m og mangla åtte centimeter på vinnarkastet til landsmannen Detlef Thorith.


Til liks med dei aller fleste andre, samtidige diskoskastarar forbetra Losch den personlege rekorden med fleire meter i desse åra kring 1970. I OL-sesongen 1968 persa han med 62,72 m. Han kasta opp mot den personlege rekorden under dei olympiske leikane i oktober og vart nummer fire i øvinga. I 1969 lukkast Losch å verte europameister i diskos, vinnarkastet i Aten målte 61,82 m. To år seinare forbetra han persen til 63,76 m. I den same sesongen kom han på femteplass i EM i Helsingfors.


Losch heldt fram å forbetre den personlege rekorden, i 1972 til 64,36 m. Men under OL i München var han langt unna å nå finalen. I 1974 kasta han 63,88 m, men kom ikkje med i Aust-Tysklands tropp til EM i Roma.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • OL 1964 i Tokyo: Nr 11 – 52,08 m


  • EM 1966 i Budapest: Sølvmedalje – 57,34 m, bakom Detlef Thorith (57,42 m)


  • OL 1968 i Mexico by: Nr 4 – 62,12 m


  • EM 1969 i Aten: Gullmedalje – 61,82 m, framom Ricky Bruch frå Sverige (61,08 m)


  • EM 1971 i Helsingfors: Nr 5 – 60,86 m


  • OL 1972 i München: Utslått i kvalifiseringa (56,64 m, nr 22)



Kjelder |



  • Friidrott, ymse årgangar. Hälsingborg


  • Denne artikkelen bygger på «Hartmut Losch» frå Wikipedia på tysk, den 20. august 2013.








Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...