Veronica Campbell-Brown Olympisk karriere | Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildkvinnerFødde i 1982Jamaicanske sprintararOlympiske meistrar for JamaicaDeltakarar under sommar-OL 2000Deltakarar under sommar-OL 2004Deltakarar under sommar-OL 2008Jamaicanske deltakarar under sommar-OL 2012Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012


jamaicansksommar-OL 2000SydneyMerlene Otteysommar-OL 2004AtenAllyson Felixsommar-OL 2008BeijingAllyson FelixKerron Stewartsommar-OL 2012LondonCarmelina JeterShelly Ann Fraser-PryceJamaica

















Veronica Campbell-Brown

Veronica Campbell Daegu 2011.jpg
Veronica Campbell-Brown feirar medalje under VM i friidrett 2011 i Daegu.
Foto: Erik van Leeuwen

Fødd
15. mai 1982
Trelawny Parish
Yrke
sprinter

Veronica Campbell-Brown på Commons

Veronica Campbell-Brown (fødd Veronica Campbell, 15. mai 1982) er ein jamaicansk sprintar og olympisk meister som spesialiserer seg på 100 meter og 200 meter samt 4 x 100 meter stafett. Ho har ein lang karriere bak seg og har vunne seks OL-medaljar så langt, tre av dei gull. I VM-samanheng har ho kome på pallen ni gonger under dei fire siste verdsmeisterskapane. Ho har vorte verdsmeister på både 100 meter og 200 meter sprint.



Olympisk karriere |


Fyrste gongen Veronica Campbell deltok i OL var under sommar-OL 2000 i Sydney, 18 år gamal. Her tok ho sin fyrste OL-medalje, sølv under 4 x 100 meter stafett saman med m.a. Merlene Ottey.


Under neste OL, sommar-OL 2004 i Aten hadde Veronica Campbell fylt 24. Her kom ho til 100-metersfinalen der ho tok bronsemedalje. På 200 meter gjekk ho heilt til topps framfor amerikanske Allyson Felix, og vart olympisk meister for fyrste gong. Også det jamaicanske stafettlaget tok gull under dette OL med Veronica Campbell.


På dei nasjonale prøvane til sommar-OL 2008, greidde ikkje Campbell-Brown å kvalifisera seg til 100 meter sprint. Derimot greidde ho det på 200 meter, og tok sin andre olympiske gullmedalje på denne distansen i Beijing. Sølvet gjekk til Allyson Felix og bronsen fekk jamaicanske Kerron Stewart.


Veronica Campbell-Brown deltok også under sommar-OL 2012 i London. Her tok ho bronsemedalje på 100 meter bak amerikanske Carmelina Jeter og vinnaren Shelly Ann Fraser-Pryce frå Jamaica.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Veronica Campbell-Brown» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2012.







Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...