Symjeblære Skildring | Bruk | Kjelder | Navigasjonsmeny«svømmeblære – zoologi»


FiskZoologi


fiskarryggsøylaoppdriftaresonansenstrålefinnefiskflyndremakrellBruskfiskhaiskatesame utgangspunktlungerguaninkrystallarluftoksygennitrogenbraiseringgryterettarkollagenkjeldeølvinlimStørlimbiletkonserveringsonar






Symjeblærer fylte med gass.




Skjematisk teikning av ein fisk med symjeblæra markert som nummer 5.


Ei symjeblære er eit organ hjå fiskar forma som ein gassfylt sekk, som ligg øvst i kroppshola mot ryggsøyla.
Ho inneheld gass som kan tilpassast vasstrykket. Symjeblæra blir brukt til å regulera oppdrifta til fisken, slik at han blir flytande på ei viss djupne og ikkje treng bruka energi på å symja seg dit. Ho hjelper også fisken til å halda seg rett opp og ned i vatnet. Nokre fiskar bruker resonansen i blæra til å laga eller ta imot lyd.


Ikkje alle fiskar har symjeblære. Ho finst berre i strålefinnefisk, og har også der forsvunne att hjå nokre artar, typisk botnlevande fiskar som flyndre, men også hjå makrell. Bruskfisk som hai og skate har ikkje symjeblære.



Skildring |


Symjeblæra har same utgangspunkt som lunger. Ho er som regel danna av to gassfylte sekkar, hjå nokre primitive fiskar berre éin, i andre med fleire utposingar. Dei tøyelege, gasstette blæreveggane er bygde opp av guaninkrystallar med få blodårer.


Hjå primitive fiskeslag og på larvestadia til andre har gassblæra samband med fordøyingskanalen. Fiskane kan då fylla symjeblæra ved å gulpa luft frå vassoverflata. Andre fiskar fyller blæra ved hjelp av ein gasskjertel i blæreveggen. Dei kan bruka ulike gassar, oksygen er vanlegast, men nitrogen blir også brukt, og dei finst også i kombinasjon med andre gassar.



Bruk |




Symjeblærer utstilte i eit kjøpesenter i Melaka i Malaysia.


Symjeblærer blir brukt i asiatisk matlaging, og nokre stader rekna som ein delikatesse. Dei blir typisk tilreidd gjennom braisering eller servert i gryterettar.


Blærene blir også som brukt som kollagenkjelde, til dømes innan matindustrien, til å klarna øl og vin og til å laga ulike typar lim. Størlim er til dømes eit viktig materiale i biletkonservering.


Den lydreflekterande eigenskapen til blæra gjer at ho også brukast av menneske til å finna fisk med sonar.



Kjelder |






  • «svømmeblære – zoologi» i Store norske leksikon, snl.no. av Arnold Åbro.



  • Denne artikkelen bygger på «Swim bladder» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mai 2011.








Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...