Håvard Klemetsen Innhaldsliste Aktiv | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyBiografi hos FISHåvard...
EinskildmennFødde i 1979Norske kombinertløpararNorske deltakarar under vinter-OL 2006Folk frå KautokeinoNorske deltakarar under vinter-OL 2014Olympiske meistrar for Noreg
kombinertrennarKautokeinoTrondheimski-VM 2005OberstdorfVM-bronseSapporoski-VMSotsjiverdscupenSchonachPetter TandeMagnus MoanKristian Hammerolympiske leikaneVM 2007SapporoEspen RianverdsmeisterskapenHolmenkollbakkenLillehammerAlessandro Pittin
Håvard Klemetsen | |
Fødd | 5. januar 1979 Kautokeino |
Yrke | kombinertløpar |
Håvard Klemetsen på Commons |
Håvard Klemetsen (fødd 5. januar 1979) er ein norsk kombinertrennar som representerer Kautokeino Idrettslag. Klemetsen er fødd i Kautokeino og busett i Trondheim. Han vann VM-gull for Noreg i lagtevlinga i ski-VM 2005 i Oberstdorf og VM-bronse i Sapporo to år seinare. I 2011 fekk han individuelt ein fjerdeplass i ski-VM i Oslo, og i 2014 tok han OL-gull i Sotsji saman med resten av kombinertlaget. Klemetsen har pr dato vunne ein verdscupsiger og er noregsmeister to gongar. Han har sin styrke i hoppbakken, og har leia fleire kombinertrenn føre langrennsdelen.
Innhaldsliste
1 Aktiv
1.1 Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn
1.2 Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
2 Bakgrunnsstoff
Aktiv |
Klemetsen debuterte i verdscupen nyårsdag i 2003. I januar 2005 vart han nummer sju i eit verdscuprenn i Schonach, hans beste plassering til dess. Han fekk plass i den norske VM-troppen og vart nummer 20 i den ordinære kombinertøvinga, før han 23. februar 2005 vart verdsmeister for Noreg i lagøvinga, saman med Petter Tande, Magnus Moan og Kristian Hammer. Under dei olympiske leikane i 2006 vart det ein ny 20. plass individuelt.
Midt i januar 2007 vart Klemetsen nummer fire i verdscupen i Lago di Tesero, hans beste verdscupplassering så langt. I VM 2007 i Sapporo kom han på 16. og 19. plass i dei individuelle tevlingane, men vann bronsen i lagkonkurransen saman med Espen Rian og førnemnde Petter Tande og Magnus Moan.
Etter nokre sesongar med få gode prestasjonar nærma Klemetsen seg verdseliten i 2011-sesongen. Han deltok i begge dei individuelle tevlingane i verdsmeisterskapen i Oslo og vart nummer ni i øvinga der det vart hoppa i normalbakken. I den siste øvinga, då det vart hoppa i storbakken Holmenkollbakken, overraska han stort og vart beste nordmann på fjerdeplass.
Klemetsen tok sin fyrste verdscupsiger 3. desember 2011 på Lillehammer. Det vart då hoppa i 100-metersbakken og gått 10 km langrenn, der Klemetsen spurtslo Alessandro Pittin frå Italia med to tidels sekundar. Knapt eit år seinare oppnådde Klemetsen sin andre pallplass i verdscupen, også då på Lillehammer, der han i ei kombinertøving med strafferundar vart slått av Magnus Moan med fem sekundar.
Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn |
- 2003: Nr 23 i Chaux-Neuve
- 2004: Nr 13 i Seefeld og Lahti
- 2005: Nr 7 i Schonach og i Liberec
- 2005/06: Nr 8 i Ruhpolding og Ramsau
- 2007: Nr 4 i Lago di Tesero
- 2008: Nr 4 i Klingenthal
- 2009: Nr 7 i Lahti
- 2010: Nr 18 i Holmenkollen
- 2011: Nr 4 i ski-VM i Oslo
- 2011/12: Vinnar på Lillehammer
- 2012/13: Nr 2 på Lillehammer
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap |
- 2002: Nr 5 i Høydalsmo
- 2003: Nr 8 i Molde
- 2004: Nr 4 i kombinertsprint på Bardufoss
- 2005: Gullmedalje og bronsemedalje (sprint) på Lillehammer
- 2006: Bronsemedalje på Kongsberg
- 2007: Sølvmedalje i Bardu
- 2008: Sølvmedalje (sprint) og bronsemedalje i Trondheim
- 2009: Nr 5 i fellesstart på Gjøvik
- 2010: Nr 5 i Stokke
- 2011: Sølvmedalje på Steinkjer
- 2013: Gullmedalje på Vang
Bakgrunnsstoff |
- Biografi hos FIS
(en) Håvard Klemetsen – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
|