Harald Løbak Kjelder | NavigasjonsmenyStortingsbiografiPolSys


EinskildmennFødde i 1904Døde i 1985Norske landbruksministrarAp-statsrådarStatsrådar i Regjeringa Gerhardsen IIIStortingsrepresentantar 1945-1949Stortingsrepresentantar 1950-1953Stortingsrepresentantar 1954-1957Stortingsrepresentantar 1958-1961Stortingsrepresentantar 1961-1965Stortingsrepresentantar 1965-1969Stortingsrepresentantar 1969-1973Stortingsrepresentantar frå ApStortingsrepresentantar for HedmarkAp-ordførarar i HedmarkOrdførarar i TrysilTillitsvalde i AUFFolk frå Trysil


2. juni19046. februar1985ArbeidarpartietskogbrukTrysil kommuneSverigeStockholmStortingetHedmarkLandbruksdepartementet


























Harald Løbak
Fødd
2. juni 1904
Trysil
Død
6. februar 1985
Nasjonalitet Noreg
Parti Arbeidarpartiet
Yrke politikar

Harald Johan Løbak (2. juni 1904–6. februar 1985) var ein småbrukar, kontorist og politikar frå Trysil. Han var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i 28 år og landbruksminister 1956-60.



Liv og gjerning |


Løbak arbeidde i jord- og skogbruk frå 1926 til han i 1936 vart tilsett på kontoret til Trysil kommune. Han var medlem av Trysil heradsstyre frå 1928 til 1955, ordførar 1938-40 og 1945-55. Frå 1940 var han formannskapssekretær i Trysil og i 1941 leiar av forsynsyningsnemnda i heradet. I 1943 flykta han til Sverige, der han fekk arbeid på pressekontoret yil den norske legasjonen i Stockholm. Frå 1944 gjekk han inn i dei norske polititroppane i Sverige.


Løbak vart vald inn på Stortinget hausten 1945 som representant frå Hedmark og Arbeidarpartiet. Han vart attvald seks gongar og hadde såleis sete på Stortinget til 1. oktober 1973. I tida frå 14. mai 1956 til 23. april 1960 var han statsråd i Landbruksdepartementet.


På Stortinget var Løbak medlem 1945-56 av Sosialkomiteen, som sekretær 1950-53 og nestformann 1954-56. 1960-61 var han med i Utanriks- og konstitusjonskomiteen. Frå hausten 1961 var han med i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, berre kalla Industrikomiteen frå haustsesjonen 1967, til dess han forlet Stortinget i 1973. Elles var han medlem i Valkomiteen 1945-56 og 1961-73, samt Fullmaktskomiteen 1950-56. Han var ei tid formann i Stortinget si fråhaldsgruppe.



Kjelder |




  • Norsk Allkunnebok. 1957.

  • Stortingsbiografi









Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...