Brough of Birsay Innhaldsliste Geografi og geologi | Historie | Fyr | Kjelder |...


Øyar i OrknøyaneTidvassøyar i SkottlandFyr i Skottland


tidvassøyMainlandOrknøyaneSkottlandBirsaypiktiskTankerness House MuseumKirkwallMuseum of ScotlandEdinburghnorrøneborgDei britiske øyaneBirsayTorfinn jarlfyrDavid A Stevenson











































Brough of Birsay
Geografi




Brough of Birsay is located in









Stad
Atlanterhavet
Koordinatar
59°8′ N 3°20′ WKoordinatar: 59°8′ N 3°20′ W
Øygruppe
Orknøyane




Areal 0,21 km²






Høgaste punkt 46 moh.
Administrasjon
Land
Skottland
Region
Orknøyane





Demografi
Folketal 0




The Brough of Birsay er ei lita folketom tidvassøy utanfor nordvestsida av Mainland i Orknøyane i Skottland, i soknet Birsay.




Brough of Birsay. Keltiske og norrøne ruinar i føregrunnen til venstre og fyret til høgre.




Hekkande koloniar av havhest (Havhestus glacialis) og lomvi (Uria aalge) på Brough of Birsay




Innhaldsliste






  • 1 Geografi og geologi


  • 2 Historie


  • 3 Fyr


  • 4 Kjelder





Geografi og geologi |


Det er mogeleg å gå til øya til fots ved lågvatn. Mellom øya og Mainland er sundet 240 meter breitt ved høgvatn, kalla Sound of Birsay.[1]


Den norrøne busetnaden på øya er delvis øydelagd av kysterosjon og klippene er forsterka med betong for å hindre ytterlegare skade.



Historie |


Ein meiner at dei første innbyggjarane kom til øya på 400-talet, og kanskje var dei kristne misjonærar. På 600-talet låg det ei piktisk festning på øya og på 800-talet var piktane erstatta av nordmenn.


Den piktiske busetnaden syner seg ved ein liten brønn og ei samling lekamar (i dag i Tankerness House Museum i Kirkwall og i Museum of Scotland i Edinburgh). Av desse lekamane finn ein støypeformer som syner at det vart laga brosjer og andre ornament på 700-talet. Gjerdet rundt den norrøne kyrkja ligg over ein piktisk gravplass og her vart det funne bitar av ein piktisk runestein. Ein av desse syner tre figurar og nokre piktiske symbol. Ein kjenner ikkje til meininga bak desse symbola.


Det norrøne namnet på øya var Byrgisey, som tyder «borgøya», og som har gjeve namn til soknet. Brough tyder òg borg. Aust på øya finn ein utgravingar etter ein norrøn busetnad og ei kyrkje. Arkeologiske undersøkingar har vist at desse vart bygt opp på ein tidlegare piktisk busetnad. Det finst eit lite museum der i dag. Vikingfunna er rike og ei av dei beste vikingsamlingane ein har på Dei britiske øyane. Ifølgje Orknøyingasoga var Birsay heimen til Torfinn jarl den mektige (ca 1009-1065).



Fyr |


Eit ubemanna fyr på øya vart bygt i 1925 av David A Stevenson.[2]



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Brough of Birsay» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2010.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Orkneyjar: Ancient seat of Orkney power.


  2. «Brough of Birsay Lighthouse». Northern Lighthouse Board. Henta 7. mars 2010. 









Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...