Sunnmøre Innhaldsliste Namn | Administrative inndelingar | Kommunar på Sunnmøre | Referansar |...


SunnmøreLandskap i Noreg


distriktMøre og Romsdal fylkeNordfjordRomsdalOttadalenÅlesundVanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaØrskogNorddalStrandaStordalSykkylvenSkodjeSulaGiskeHaramHareidlandetGurskøyaGeirangerfjordenPytteggaÅlesundUlsteinvikFosnavågØrstaVoldaSykkylvenHareidNordstrandStrandaBrattvågSunnmørsdialektennordfjordmålsunnfjordmålnordlege e-målavestlandskeromsdalsdialektenden norske kyrkjaMøre bispedømme






Kart over Møre og Romsdal fylke, med Sunnmøre markert i raudt.





Geirangerfjorden med fossen Dei sju systrene.


Sunnmøre er eit distrikt som utgjer den sørlege delen av Møre og Romsdal fylke. Distriktet ligg mellom Nordfjord i sør, Romsdal i nord og Ottadalen i søraust. Sunnmøre utgjorde tidlegare eit eige fogderi, Sunnmærafylki frå mellomalderen. I dag utgjer det to domssokn, Søre Sunnmøre og Sunnmøre, og tre prosti, Søre, Austre og Nordre Sunnmøre. På Sunnmøre ligg kommunane Ålesund, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Volda, Ørsta, Ørskog, Norddal, Stranda, Stordal, Sykkylven, Skodje, Sula, Giske og Haram; til saman 5 232 km2 med 141 604 innbyggjarar (1/10-2014).


Landskapet på Sunnmøre er sterkt oppskore med fleire store og små øyar langs kysten. Dei største øyane er Hareidlandet og Gurskøya. Det er også fleire lange og tronge fjordar i området; særleg kjend er Geirangerfjorden som er 15 kilometer lang. I indre strøk, mellom fjordane og dalane innanfor, ligg høge, sterkt kuperte fjellområde. Den høgste fjelltoppen på Sunnmøre er Pyttegga på 1999 moh.


Den største byen på Sunnmøre er Ålesund. I tillegg har området to andre byar: Ulsteinvik og Fosnavåg. Viktige større tettstader er Ørsta, Volda, Sykkylven, Hareid, Nordstrand (Valderøy), Stranda og Brattvåg.


Sunnmørsdialekten høyrer saman med nordfjordmål og sunnfjordmål til dei nordlege e-måla under dei vestlandske målføra — ei gruppe der romsdalsdialekten ofte også er rekna med. Folk frå Sunnmøre blir kalla for sunnmøringar.




Innhaldsliste






  • 1 Namn


  • 2 Administrative inndelingar


  • 3 Kommunar på Sunnmøre


  • 4 Referansar


    • 4.1 Litteratur




  • 5 Bakgrunnsstoff





Namn |


Sunnmøre[1] er den regionen ein i middelalderen kalla Sunnmærafylki. Ordet «møre»[2] kjem av norrønt mærr som tyder «land», truleg òg i samanheng med norrønt marr som tyder «hav». Tydinga blir då: «landet ved havet» eller «myrlandet». Sunnmøre må dermed tyde «den sørlege luten av landet ved havet».



Administrative inndelingar |


Regionråd:


  • Sunnmøre regionråd: Alle kommunene på Sunnmøre. I tillegg kjem Sandøy og Vestnes i Romsdal.

Prosti i den norske kyrkja, alle under Møre bispedømme:




  • Søre Sunnmøre prosti: Vanylven, Sande, Herøy, Volda, Ørsta, Hareid og Ulstein.


  • Austre Sunnmøre prosti: Skodje, Ørskog, Norddal, Stordal, Stranda og Sykkylven.


  • Nordre Sunnmøre prosti: Ålesund, Giske, Haram og Sula.



Kommunar på Sunnmøre |




















































































































































Nr.
Namn
Adm.senter
Folkemengd
Flatevidd km²
Målform
1504

Ålesund kommune Ålesund

Ålesund

000000000047510.000000000047 510
98
Nøytral
1511

Vanylven kommune Vanylven

Fiskåbygd

000000000003187.00000000003 187
385
Nynorsk
1514

Sande kommune Sande

Larsnes

000000000002522.00000000002 522
93
Nynorsk
1515

Herøy kommune Herøy

Fosnavåg

000000000008965.00000000008 965
120
Nynorsk
1516

Ulstein kommune Ulstein

Ulsteinvik

000000000008555.00000000008 555
97
Nynorsk
1517

Hareid kommune Hareid

Hareid

000000000005150.00000000005 150
82
Nynorsk
1519

Volda kommune Volda

Volda

000000000009188.00000000009 188
547
Nynorsk
1520

Ørsta kommune Ørsta

Ørsta

000000000010812.000000000010 812
805
Nynorsk
1523

Ørskog kommune Ørskog

Sjøholt

000000000002267.00000000002 267
132
Nynorsk
1524

Norddal kommune Norddal

Valldal

000000000001670.00000000001 670
944
Nynorsk
1525

Stranda kommune Stranda

Stranda

000000000004587.00000000004 587
866
Nynorsk
1526

Stordal kommune Stordal

Stordal

000000000000972.0000000000972
247
Nynorsk
1528

Sykkylven kommune Sykkylven

Sykkylven

000000000007695.00000000007 695
338
Nynorsk
1529

Skodje kommune Skodje

Skodje

000000000004680.00000000004 680
120
Nynorsk
1531

Sula kommune Sula

Langevåg

000000000009131.00000000009 131
59
Nynorsk
1532

Giske kommune Giske

Valderøya

000000000008292.00000000008 292
40
Nynorsk
1534

Haram kommune Haram

Brattvåg

000000000009345.00000000009 345
261
Nynorsk


Referansar |




  1. Sunnmøre Store norske leksikon


  2. Møre og Romsdal Store norske leksikon



Litteratur |



  • Stein Ugelvik Larsen og Jarle Sulebust, red. (1994). I balansepunktet : Sunnmøres eldste historie. Ålesund: Sunnmørsposten forlag. ISBN 8291450005. 


Bakgrunnsstoff |



  • Sunnmøre regionråd

  • Turistinformasjon for Møre og Romsdal

  • Turistinformasjon for Hjørungfjorden




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...