It's Hard Innhaldsliste Historie | Innhald | Medverkande | Kjelder |...


Musikkalbum frå 1982The Who-albumAlbum produserte av Glyn Johns


engelskerockebandetThe WhoJohn EntwistleKenney JonesWarner Bros. RecordsAthenaEminence FrontarkadespelflipparspelToronto












































It's Hard
Studioalbum av The Who


Utgjeve
4. september 1982

Innspelt
Juni 1982, Turn Up-Down Studio, heime hos Glyn Johns i Surrey i England

Sjanger

Rock, hardrock

Lengd
46:29

Selskap

Polydor

Produsent

Glyn Johns
Kritikk



  • Allmusic 2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg lenkje


  • Robert Christgau (C) lenkje


  • Rolling Stone 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg lenkje



The Who-kronologi

Face Dances
(1981)

It's Hard

Endless Wire
(2006)




It's Hard er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet The Who. Det er det siste Who-albumet med bassisten John Entwistle og trommeslagar Kenney Jones, samt det siste Who-albumet på Warner Bros. Records i USA. Det kom ut i 1982 på Polydor i Storbritannia og nådde 11. plass her. I USA nådde det åttande plass.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Innhald


  • 3 Medverkande


  • 4 Kjelder





Historie |


Det finst to ulike syn på It's Hard. Enkelte meiner at albumet var inspirert av det harde politiske klimaet tidleg i 1980-åra, medan andre berre ser på albumet som eitt The Who måtte gje ut for å oppfylle kontrakten sin med det amerikanske plateselskapet. Albumet fekk òg delt mottaking i musikkpressa, enkelte gav det dårleg kritikk, medan det fekk fem av fem stjerner i musikkmagasinet Rolling Stone.


Den første songen «Athena» er ein av dei få songane som vart godt motteken på albumet. Denne songen vart gjeven ut som singel og nådde 28. plass på den amerikanske singellista. I seinare år har songen «Eminence Front» vorte trekt fram som ein av dei mest kritikarroste i songkatalogen til bandet.


Albumomslaget vart utforma av Graham Hughes, og syner ein ung gut som speler eit arkadespel, ein referanse til rockeoperaen Tommy, der hovudkarakteren spelar flipparspel. Townshend kritiserte albumet kort tid etter det kom ut.


I 1997 gav MCA ut ei nymastra utgåve av albumet med nye miksar av «Athena» og «Eminence Front».



Innhald |



Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde. 










































Side ein
# Tittel Lengd
1. «Athena»   3:46
2. «It's Your Turn» (John Entwistle)
3:39
3. «Cooks County»   3:51
4. «It's Hard»   3:47
5. «Dangerous» (John Entwistle)
3:36
6. «Eminence Front»   5:39









































Side to
# Tittel Lengd
7. «I've Known No War»   5:56
8. «One Life's Enough»   2:22
9. «One at a Time» (John Entwistle)
3:20
10. «Why Did I Fall for That»   3:56
11. «A Man Is a Man»   3:56
12. «Cry If You Want»   5:18

Bonusspor på 1997-utgåva av albumet var fire konsertopptak frå Toronto den 17. desember 1982.
































Bonusspor på 1997-utgåva
# Tittel Lengd
13. «It's Hard»   4:56
14. «Eminence Front»   5:37
15. «Dangerous»   3:48
16. «Cry If You Want»   7:12


Medverkande |


The Who



  • Roger Daltrey – vokal, gitar


  • John Entwistle – bassgitar, valthorn, synthesizer, vokal


  • Pete Townshend – gitarar, tangentinstrument, synthesizer, vokal


  • Kenney Jones – trommer


Andre



  • Andy Fairweather-Low – gitar, vokal


  • Tim Gorman – tangentinstrument



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «It's Hard» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2009.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:

    • www.thewho.net. It's Hard Liner Notes. Accessed on February 18, 2005.

    • www.allmusic.com. It's Hard album Credits. Accessed on February 18, 2005.


























Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...