Carl Størmer Innhaldsliste Biografi | Vitskapleg produksjon | Verk i utval | Film | Kjelder |...


EinskildmennFødde i 1874Døde i 1957Norske matematikararNorske fysikararNorske astronomarTalteoretikararFolk frå SkienMedlemmar av Det Norske Videnskaps-AkademiMedlemmar av Det franske vitskapsakademietMedlemmar av Royal SocietySt. Olavs OrdenMatematikarar på 1900-taletFysikarar på 1900-taletAstronomar på 1900-talet


3. september1874Skien13. august1957matematikargeofysikarcand.real.Det Kongelege Fredriks UniversitetSorbonneParisCharles Émile PicardHenri PoincaréPaul PainlevéGöttingenTysklandprofessorKristian BirkelandnordlysforskingOle KrognessLeifPerUniversitetet i OslopaleontologgeologKarl Johans gatetalteorifunksjonsteori











































Carl Størmer
Portrett av Carl Størmer (cropped).jpg

Fødd
3. september 1874
Skien
Død
13. august 1957
Oslo
Nasjonalitet Noreg
Område talteori
Yrke
matematikar, fysikar, astronom, universitetslærar
Institusjonar Universitetet i Oslo
Alma mater
Universitetet i Paris
Universitetet i Oslo
Barn Leif Størmer
Medlem
Det Norske Videnskaps-Akademi
Royal Society
Det franske vitskapsakademiet
Kungliga Vetenskapsakademien
Det russiske vitskapsakademiet

Fredrik Carl Mülertz Størmer (fødd 3. september 1874 i Skien, død 13. august 1957) var ein norsk matematikar, geofysikar og nordlysforskar.




Innhaldsliste






  • 1 Biografi


  • 2 Vitskapleg produksjon


  • 3 Verk i utval


  • 4 Film


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Biografi |


Størmer vart utdanna cand.real. i 1898 og vart universitetsstipendiat i 1899. Han studerte matematikk ikkje berre ved Det Kongelege Fredriks Universitet i Kristiania, men òg ved Sorbonne i Paris (rettleiarar var Charles Émile Picard, Henri Poincaré, Paul Painlevé og andre) frå 1899 til 1900 og i Göttingen i Tyskland frå 1902.




Carl Størmer og assistenten Bernt Johannes Birkeland tar bilete av nordlyset i Alta


Han vart professor i matematikk ved Det Kongelege Fredriks Universitet frå 1903, ei stilling han hadde fram til 1946. Størmer arbeidde ein periode som assistenten til Kristian Birkeland, og nordlysforsking opptok det meste av den vitskaplege karrieren hans. Han utvikla i 1909 saman med Ole Krogness eit spesielt kamera for å fotografere nordlyset.


Han vart gift med Adelaide (Ada) Clauson i 1900. Dei hadde fem born. To av dei – Leif og Per – vart seinare professorar ved Universitetet i Oslo; høvesvis som paleontolog/geolog og matematikar.


Størmer var aktiv amatørfotograf som tok mange fotografi av menneske på Karl Johans gate i hovudstaden i 1890-åra. Mange av bileta er av særs stor historisk interesse. Han arrangerte eigne fotoutstillingar i byen. Han nytta skjult kamera under jakka.



Vitskapleg produksjon |


Dei fleste av dei matematiske arbeida hans handlar om talteori og funksjonsteori. Arbeidet sitt innan geofysikk delte han sjølv opp i følgjande hovudgrupper:



  • Teoretisk arbeid om partikkeltrajektoriar: 52 bidrag,

  • Nordlysobservasjonar: 70 avhandlingar,

  • Solbelyst nordlys: 7 avhandlingar


  • Nattlysande skyer og perlemorskyer: 12 avhandlingar,


  • Meteorhalar, lange ekko, avhandlingar om sola: 9 avhandlingar.



Verk i utval |




  • Fra verdensrommets dybder til atomens indre, 1923


  • On the Trajectories of Electric Particles in the Field of a Magnetic Dipole with Application to the Theory of Cosmic Radiation, seks delar, 1934–37


  • The Polar Aurora, Oxford, 1955



Film |


  • Evald Otterstad (regi): Carl Størmer og hans detektivkamera, Norge, 2008, 20 minutt


Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Carl Størmer» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2012.



Bakgrunnsstoff |


  • Nordlysforskeren og matematikeren Carl Størmer




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...