Peter Gabriel (1977) Innhaldsliste Bakgrunn | Innspeling og utgjeving | Innhald | Medverkande |...


Peter Gabriel-albumDebutalbum frå 1977Plateomslag av HipgnosisAlbum produserte av Bob EzrinAtco Records-albumCharisma Records-album


Peter GabrielBob EzrinRobert FrippKing CrimsonPeter ChristophersonHipgnosisLancia FlaviaStorm ThorgersonSolsbury HillGenesisRobert FrippKate BushGenesisTorontoCanadaBob EzrinLondonEnglandRobert FrippKing CrimsonTony LevinKing CrimsonAllan SchwartzbergJimmy MaelenSteve HunterLarry FastAtcoCharismaSolsbury HillBillboard Hot 100pseudonymetSid McGinnis












































Peter Gabriel
Studioalbum av Peter Gabriel


Utgjeve
25. februar 1977

Innspelt
juli 1976 – januar 1977, The Soundstage, Toronto i Canada

Sjanger

Eksperimentell rock, progressiv rock, hardrock

Lengd
41:42

Selskap

Atco (US & Canada)
Charisma

Produsent

Bob Ezrin
Kritikk



  • Allmusic 4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg [1]


  • Robert Christgau B+ [2]


  • Rolling Stone (not rated) [3]


  • The Rolling Stone Album Guide 3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [4]



Peter Gabriel-kronologi


Peter Gabriel

Peter Gabriel
(1978)




Peter Gabriel er det første studioalbumet til den britiske musikaren Peter Gabriel og det første av fire album med same tittel. Albumet kom ut den 25. februar 1977 og var produsert av Bob Ezrin. Gabriel og Ezrin samla saman eit band av talentfulle musikarar, inkludert Robert Fripp frå King Crimson, for å spele inn albumet. Då albumet kom ut la Gabriel ut på turné med eit sju mann stort band under sitt eige namn.


Dette albumet vert ofte omtalt som Peter Gabriel 1, Car eller Rain, som syner til plateomslaget laga av Peter Christopherson (òg kjend som «Sleazy» frå Hipgnosis). Bilen var ein Lancia Flavia som Storm Thorgerson eigde.[5]


Albumet nådde sjuandeplassen på albumlista i Storbritannia og 38. plass i USA.


Den første solosuksessen til Gabriel kom med singelen «Solsbury Hill», eit sjølvbiografisk stykke som uttrykte tankane hans kring avskjeden i Genesis. Sjølv om han var nøgd med musikken, følte Gabriel at albumet og særleg songen «Here Comes the Flood» var overprodusert. Ein enklare versjon er å høyre på Exposure av Robert Fripp, framføringa hans på Kate Bush sin fjernsynsspesial frå 1979 og ein tredje versjon på samlealbumet Shaking the Tree (1990). Han har ofte spelt songen på konsertane sine med berre han sjølv og keyboard, anten på tysk eller engelsk, avhengig av publikum.[6]


Det finst ein noko annleis versjon av albumet gjeve ut på Direct Disk Labs. Han har ein lengre versjon av «Slowburn» (5:16 i staden for 4:36) der heile introduksjonen til songen er teken med. Alle andre versjonar av songen har denne introduksjonen korta ned.




Innhaldsliste






  • 1 Bakgrunn


  • 2 Innspeling og utgjeving


  • 3 Innhald


    • 3.1 Side ein


    • 3.2 Side to




  • 4 Medverkande


  • 5 Lister


  • 6 Salstrofe


  • 7 Kjelder


  • 8 Bakgrunnsstoff





Bakgrunn |


Under The Lamb Lies Down on Broadway-turneen fortalte Gabriel til venene sine i Genesis at hadde han kom til å slutte i bandet,[7] fordi han hadde vorte fråskild resten av bandet og sleit med ekteskapet sitt. Han fullførte likevel turneen. Vendepunktet kom under det vanskelege svangerskapet til kona, Jill, og fødselen til det første barnet deira, Anna. Då han valte å heller vere med den sjuke dottera og kona, i staden for å gå i studio eller spele konsertar, valte han å slutte i bandet då resten av gruppa tok dette ille opp.


I eit brev til tilhengjarane gjennom musikkpressa mot slutten av turneen, kalla Out, Angels Out, forklate Gabriel at «...reiskapen me hadde bygd i lag for å tene låtskrivinga vår hadde fått makt over oss og bura oss inne i suksessen me ønskte. Det påverka haldninga og sjela i heile bandet. Musikken har ikkje tørka inn og eg respekterer framleis dei andre musikarane, men rollene våre hadde blitt vanskelege.».[8]


Gabriel avslutta brevet med: «Det er ikkje noko fiendskap mellom meg og bandet eller leiinga. Årsaka til at eg ikkje har annonsert tidlegare at eg slutta, er fordi eg har blitt bede om å vente til dei hadde funne ein erstattar til å fylle holet. Det er ikkje utenkeleg at dei somme av dei kjem til å arbeide med meg på andre prosjekt».[8]



Phil Collins sa seinare at dei andre medlemmane «...var ikkje sjokkerte over at Peter drog, sidan me hadde visst om det ei stund.» Bandet valte å halde fram utan Gabriel.[9]



Innspeling og utgjeving |


Peter Gabriel vart spelt inn ved The Soundstage i Toronto i Canada med produsent Bob Ezrin mellom juli 1976 og januar 1977; i tillegg til innspelinga ved Morgan Studios i London i England og Olympic Studios i London. Gabriel og Ezrin samla saman musikarar for innspelingane som Robert Fripp frå King Crimson, bassist Tony Levin som seinare spelte i King Crimson, trommeslagar Allan Schwartzberg, perkusjonist Jimmy Maelen, gitarist Steve Hunter, klaverspelar Jozef Chirowski og Larry Fast på synthesizers og programmering.


Albumet kom ut 25. februar 1977 på Atco (USA & Canada) og Charisma, og nådde sjuandeplassen på albumlista i Storbritannia og 38. plass i USA.


Den første singelen frå albumet var «Solsbury Hill» som nådde Topp 20 i Storbritannia og Topp 70 i på Billboard Hot 100. Den andre singelen «Modern Love», gjorde det ikkje like bra.


Etter at Peter Gabriel kom ut la Gabriel ut på turné med Robert Fripp (stundom under pseudonymet «Dusty Rhodes», og stundom spelte han bak scenen) og Steve Hunter på gitar, Tony Levin på bass, Larry Fast på synthesiser, Alan Schwartzberg på trommer, Phil Aaberg på klaverinstrument og Jimmy Maelen på perkusjon. Seianre skifta han ut ein del av bandet og hadde med Sid McGinnis på gitar, Tony Levin på bass, Jerry Marotta på trommer og Bayette på klaverinstrument.



Innhald |



Side ein |

































# Tittel Lengd
1. «Moribund the Burgermeister»   4:20
2. «Solsbury Hill»   4:21
3. «Modern Love»   3:38
4. «Excuse Me» (Gabriel, Martin Hall)
3:20
5. «Humdrum»   3:25


Side to |




























# Tittel Lengd
1. «Slowburn»   4:36
2. «Waiting for the Big One»   7:15
3. «Down the Dolce Vita»   5:05
4. «Here Comes the Flood»   5:38


Medverkande |




  • Peter Gabriel – vokal, klaverinstrument, fløyte, blokkfløyte


  • Allan Schwartzberg – trommer


  • Tony Levin – bass, tuba, leiar av the Barbershop Quartet


  • Jimmy Maelen – perkusjon, synthibam, bein


  • Steve Hunter – elektrisk, akustisk & rytmegitar, pedalsteel


  • Robert Fripp – elektrisk & klassisk gitar, banjo

  • Jozef Chirowski – klaverinstrument


  • Larry Fast – synthesizer, programmering


  • Dick Wagner – korvokal og sologitar på «Here Comes the Flood» & «Slowburn»


  • London Symphony Orchestra på «Down the Dolce Vita» og «Here Comes the Flood»


  • Michael Gibbs - orkesterarrangement



Lister |







Album












År
Liste
Plassering
1977

Billboard Pop Albums
38



Singlar




















År
Singel
Liste
Plassering
1977
«Solsbury Hill»
Billboard Pop Singles
68
1983
«Solsbury Hill»
Billboard Pop Singles
84




Salstrofe |













Organisasjon
Nivå
Dato
BPI – UK
Gull
13. juni 1979


Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Peter Gabriel (1977 album)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2012.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Erlewine, Stephen T. (2011 [last update]). «Peter Gabriel [1] - Peter Gabriel | AllMusic». allmusic.com. Henta 24. september 2012. 


  2. Christgau, R. (2011 [last update]). «Robert Christgau: CG: peter gabriel». robertchristgau.com. Henta 24. september 2012. 


  3. Demorest, Stephen (26. juli 2001). «Peter Gabriel: Peter Gabriel [1] : Music Reviews». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 24. januar 2008. Henta 24. september 2012. 


  4. «Peter Gabriel: Album Guide». Rolling Stone. Henta 22. oktober 2012. 


  5. hypergallery.com


  6. youtube.com


  7. Mankowitz, Gered. «Help!». Mojo Magazine, april 2007.


  8. 8,08,1 "Gabriel, Peter. «Out, Angels Out - an investigation" genesis-path.net,. august 1975. Henta on 19. september 2012.


  9. Welch, Chris. «Peter Gabriel Quits Genesis». Melody Maker, 23. august 1975.







Bakgrunnsstoff |


  • Mal:MusicBrainz release































Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...