Sønderjylland Historikk | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyÆ Synnejysk ForeningSønderjylland kartGamle...


Sønderjylland


JyllandsørDanmarkTysklandamtetSønderjyllands AmtSchleswig-HolsteinSlesvigNordslesvigSydslesvig18641920patriotismeMålføretsønderjyskhertugdømetSlesviglenpersonalunionkongen av DanmarkhertugjarlenKnud LavardPreussenDanmarkden andre slesvigske krigen1864folkerøysting1920Tysklandførste verdskrigen






Sønderjylland i 1913


Sønderjylland er den delen av Jylland som ligg lengst mot sør. Området ligg på båe sider av grensa mellom Danmark og Tyskland. I Danmark er det sørlegaste amtet Sønderjyllands Amt, som grensar mot Schleswig-Holstein (dansk: Slesvig-Holsten) i Tyskland. Slik er amtet den einaste delen av Danmark som har direkte grense mot eit anna land. I nyare tid har Sønderjylland vorte nytta om den sørlegaste delen av Danmark. Den tyske nemninga på området er Schleswig (dansk: Slesvig). Schleswig kan igjen delast opp i Nordschleswig (Nordslesvig) nordom grensa og Südschleswig (Sydslesvig) sørom grensa. Sønderjylland vart i tida 1864 til 1920 styrt av Tyskland. Særleg i den tida var det å syngja songar om Sønderjylland eit teikn på dansk patriotisme, og eit ynskje om at området ei gong skulle verta ein del av Danmark att.


Ein person frå Sønderjylland vert kalla sønderjyde. Målføret vert kalla sønderjysk (synnejysk).




Jylland- halvøya. Raudt er nord for den dansk-tyske grensa. Sør for grensa er Sydslesvig og Holstein, som nokre gonger vert rekna med i Jylland.




Sønderjylland idag



Historikk |


Sønderjylland svarar historisk sett til hertugdømet Slesvig, som var eit dansk len og som var lenge i personalunion med Danmark, i og med at kongen av Danmark både var konge og hertug i Slesvig. Den siste jarlen av Sønderjylland, Knud Lavard, tok den tyske hertugtittelen på sitt jarledøme, som sidan vart kjend under dette namnet. Sønderjylland var ein del av Preussen etter Danmark sitt nederlag i den andre slesvigske krigen i 1864. Ved ei folkerøysting i 1920 etter Tyskland sitt nederlag i første verdskrigen kom den nordlege delen attende til Danmark.



Bakgrunnsstoff |



  • Æ Synnejysk Forening


  • Sønderjylland kart (som PDF)

  • Gamle Danske Sange: Det haver så nyligen regnet




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...