Aram Khatsjaturjan Innhaldsliste Liv | Musikk | Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyNettsidene...


EinskildmennFødde i 1903Døde i 1978Sovjetiske komponistarArmenske komponistarGeorgiske komponistarSovjetiske filmmusikkomponistarAram KhatsjaturjanUtvalde artiklar 2012


6. juni19031. mai1978armenskTbilisiGeorgiaSovjetunionensovjetrepublikkUniversitetet i MoskvabiologistudentGnesin musikkskulekomposisjonMikhail GnesinKonservatoriet i MoskvaorkestreringSergej VasilenkoNikolaj MjaskovskijsymfoniNina MakarovamariskGajanéballetten SpartakusZjdanov-doktrinenDmitri SjostakovitsjSergej ProkofjevNikolaj MjaskovskijSosialistisk arbeidsheltJerevanArmeniadet armenske filharmoniske orkesteretarmenske pengarsosialrealismenBBCNRKden armenske sosialistiske sovjetrepublikken



























































Aram Khatsjaturjan
Aram Khachaturian, Pic, 17.jpg
Aram Khatsjaturjan
Fødd
6. juni 1903
Fødestad
Tbilisi i Georgia
Død
1. mai 1978
Dødsstad
Moskva i Russland
Fødenamn Aram Iljitsj Khatsjaturjan
Opphav Det russiske imperiet, Sovjetunionen
Periode
1900-talet, Sovjetunionen
Aktiv 1925-1978
Sjanger
Folkemusikk frå Kaukasus og Armenia
Instrument
Horn, Cello og piano
Verka som Komponist
Gift med Nina Makarova
Prisar
Stalinprisen, Sovjetunionens statspris, Leninordenen, Sosialistisk arbeidshelt, Oktoberrevolusjonsordenen, Folkets kunstner i Sovjetunionen, Leninprisen, Fortjenstfull kunstner i den armenske sovjetrepublikken, Folkets kunstner i den armenske sovjetrepublikken, Medaljen for forsvaret av Moskva, Medaljen for forsvaret av Kaukasus, Medaljen for tappert arbeide under Den store fedrelandskrigen 1914–1945, Gullmedaljen «Hammer og sigd», Leninordenen, Leninordenen, Arbeidets røde fanes orden, Arbeidets røde fanes orden, Stalinprisen, Stalinprisen, Stalinprisen, Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk, Folkets kunstner i den armenske sovjetrepublikken, Folkets kunstner i den georgiske sovjetrepublikken, Folkets kunstner i den aserbajdsjanske sosialistiske sovjetrepublikk, Fortjenstfull kunstner i Den russiske sovjetiske føderative sosialistrepublikk, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Polens orden for kulturelle fortjenster

Aram Iljitsj Khatsjaturjan (6. juni 1903–1. mai 1978) var ein sovjetisk komponist av armensk ætt.




Innhaldsliste






  • 1 Liv


    • 1.1 Oppvekst


    • 1.2 Studie


    • 1.3 Komponist


    • 1.4 Død og ettermæle




  • 2 Musikk


    • 2.1 Kjende verk




  • 3 Kjelder


    • 3.1 Fotnotar




  • 4 Bakgrunnsstoff





Liv |



Oppvekst |


Aram Khatsjaturjan vart fødd i Tiflis (dagens Tbilisi i det noverande Georgia) i Sovjetunionen. Den armenske familien hans var fattig, og hadde flytt dit på jakt etter arbeid. Aram Khatsjaturjan fekk inga musikalsk utdanning i barndommen, men var tidleg oppteken av musikk og trente på å spela piano heime. Han lærte seg å lesa notar på internatskule, og spelte horn i studentkorpset på handelsskulen. Då Armenia vart erklært som sovjetrepublikk i 1920, blei han også med i eit propagandatog som bestod av armenske og georgiske musikarar som reiste rundt i Armenia.



Studie |


Som foreldra ynskte, søkte han seg inn på Universitetet i Moskva som biologistudent i 1921. Storebroren var ein profilert mann innan teatermiljøet i byen, og tok Aram med på teaterprøvar og -førestillingar. Dette gjorde så sterkt inntrykk på han at han forlét biologistudia og søkte om opptak ved Gnesin musikkskule i 1922. Han kom ikkje inn på fyrstevalet, klavér, men i celloklassen, noko som var oppsiktsvekkjande i og med at Khatsjaturjan ikkje hadde noka formell musikalsk utdanning. Han vart med tida ein dyktig cellist.


Etter kvart fekk Khatsjaturjan stadig aukande interesse for komposisjon, og han fekk i 1925 lov til å flytta over til komposisjonsklassen. Komposisjonslæraren ved skulen, Mikhail Gnesin, forstod kva slags talent som låg i den unge Khatsjaturjan, og kalla han ein «uslipen diamant». Gnesin oppmuntra han til å halda fram med å nytta den kulturelle bakgrunnen sin i komposisjonen, og tøyla han samtidig til å meistra satsteknikkar. Framgangen var strålande. På tilråing frå Gnesin søkte Khatsjaturjan og kom inn på komposisjonsstudiet ved Konservatoriet i Moskva i 1929. Han studerte orkestrering under Sergej Vasilenko, og etter eitt år kom han inn i komposisjonsklassa til Nikolaj Mjaskovskij. Desse studia resulterte i hans fyrste symfoni, det fyrste verket som nokonsinne har kombinert symfoniske prinsipp med transkaukasisk folkemusikk. Symfonien vart ein suksess ved uroppføringa, og Khatsjaturjan mottok sitt diplom med heidersframsyning.



Komponist |


Aram Khatsjaturjan vart uteksaminert frå konservatoriet i 1934. Han gifte seg med komponisten Nina Makarova, ei marisk dame som også hadde studert komposisjon under Mjaskovskij. I dei komande åra produserte Khatsjaturjan fleire større verk som oppnådde internasjonal merksemd, fyrst og fremst klaverkonserten hans (1936), fiolinkonserten (1940), balletten Gajané (1942/43), symfoni nr. 2 (1943/44) og cellokonserten (1946). Alle verka vidarefører den folkloristiske linja frå fyrste symfonien.


Khatsjaturjan vart nestformann i Moskvaavdelinga i det sovjetiske komponistsambandet i 1937, og i 1939 vart han nestformann i Organisasjonskomitéen av sovjetiske komponistar. Organisasjonsarbeidet førte også til mindre tid til å arbeida med musikk. Seinare kom han til å vere stadig meir tid på reisefot rundt i verda for å dirigera sine eigne verk. Men i denne tida oppnådde han også ein av sine største suksessar ved oppføringa av balletten Spartakus (1954).


I 1948 gjorde dei sovjetiske styresmaktene eit nytt vedtak i den såkalla Zjdanov-doktrinen som la ei hard hand på sovjetisk kulturliv. Ein av konsekvensane av doktrinen var at dei fire komponistane Dmitri Sjostakovitsj, Sergej Prokofjev, Nikolaj Mjaskovskij og Aram Khatsjaturjan vart stempla som «formalistiske» i musikken sin og «anti-populære», og vart tvungne til å be om offentleg orsaking. Khatsjaturjan sjølv meinte seg urettmessig handsama av styresmaktene. Seinare mildna likevel tonen frå styresmaktene mot Khatsjaturjan, som mottok ei rekkje prisar og utmerkingar, mellom anna tittelen Sosialistisk arbeidshelt i 1973.



Død og ettermæle |


Khatsjaturjan døydde i Moskva den 1. mai 1978, nær 75 år gamal. Han vart gravlagd i Jerevan i Armenia, der han i dag er ein heidra komponist. Det står eit monument over han i byen, og konserthallen til det armenske filharmoniske orkesteret er oppkalla etter han.[1] I 1998 vart han også avbilda på armenske pengar.



Musikk |


Aram Khatsjaturjan komponerte tre symfoniar (1934–35, 1942, 1947), 2 klaverkonsertar (1936, 1968), éin fiolinkonsert (1940), éin cellokonsert (1946), ballettane Gajané (1942) og Spartakus (1954), korverk, filmmusikk, klavermusikk, kammermusikk og songar. Khatsjaturjan hadde ei oppriktig tru på sosialrealismen, og veik aldri langt frå prinsippet om at musikk skal vera forankra i det nasjonale og folkelege. I dei seinaste verka hans ligg det likevel tendensar til eit dristigare tonespråk. Han komponerte med originale harmoniar, eksotiske rytmar og fargerik orkestrering.



Kjende verk |


Dei to mest kjende musikkstykka hans i dag er den viltre sverddansen frå balletten Gajané og «Adagio for Frygia og Spartakus» frå balletten Spartakus. Adagio-stykket vart kjend for å vera kjenningsmelodien til BBC-serien Onedinlinjen, som vart sendt på britisk fjernsyn i 1970-åra. Serien gjekk også på NRK i 1974-1975, noko som vidare spreidde Khatsjaturjan sin musikk. Musikken til Khatsjaturjan har også vore brukt i filmane 2001: En romodyssé, Caligula og Istid 2 med fleire.


Det var også Khatsjaturjan som komponerte nasjonalsongen til den armenske sosialistiske sovjetrepublikken.



Kjelder |


  • Denne artikkelen byggjer på Aram Khatsjaturjan frå Wikipedia på bokmål og Aram Khachaturian frå Wikipedia på engelsk den 23. august 2011.


Fotnotar |





  1. Nettsidene til det armenske filharmoniske orkesteret - engelsk




Bakgrunnsstoff |



  • Aram Khatsjaturjan i Store Norske Leksikon



Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...