Aleksej Bogoljubov Innhaldsliste Yngre år | I heimlandet | I Paris | Bakgrunnsstoff | Kjelder |...


EinskildmennFødde i 1824Døde i 1896Russiske målarar


27. oktober1896Paris16. mars18243. februar1896russisklandskapsbiletaPommernAleksandr RadisjtsjevMaksim VorobjevIvan AjvazovskijAleksandr IvanovRomaDüsseldorfAndreas AchenbachParisBarbizon-skulenCamille CorotCharles-François DaubignyVolganaturalismePeredvizjnikijIvan TurgenjevIlja RepinVasilij PolenovMark AntokolskijVasilij VeresjtsjaginSaratovTretjakovgallerietMoskvaRusslands MuseumViktor Borisov-Musatov





















Aleksej Bogoljubov

Bogolubov AP.jpg

Fødd
16. mars 1824
Pomerania (village)
Død

27. oktober 1896
Paris


Yrke
kunstmålar

Aleksej Bogoljubov på Commons




Ilja Repin:Portrett av Aleksej Bogoljubov, 1882


Aleksej Petrovitsj Bogoljubov[1] (16. mars 1824–3. februar 1896) var ein russisk kunstmålar som fyrst og fremst er kjend for landskapsbileta sine.




Innhaldsliste






  • 1 Yngre år


  • 2 I heimlandet


  • 3 I Paris


  • 4 Bakgrunnsstoff


  • 5 Kjelder


    • 5.1 Fotnotar







Yngre år |


Bogoljubov vart fødd i landsbyen Novgorod Gubernia i Pommern. Far hans var ein avgått oberst. Morfaren var elles ein velkjend filosof og samfunnskritikar, Aleksandr Radisjtsjev.







Sjøslaget ved Athos i 1807, 1853


Aleksej vart utdanna ved ein militærskule. Frå han var 17 år gammal tenestegjorde han i den russiske marinen. Medan han var i flåten vitja han mange land. I 1849 tok han til ved St. Petersburgs kunstakademi, der han studerte hos Maksim Vorobjev. I dei fyrste kunstnaråra var han sterkt påverka av Ivan Ajvazovskij. Han fullførte studiane i 1853, gjekk ut skulen med ein gullmedalje. Samstundes forlet han offiserstillinga i marinen, men vart av marineleiinga i staden utnemnd til målar for marinen.


Frå 1854 til 1860 reiste Bogoljubov rundt i Europa. Frå desse reiseåra samla han inntrykk som viser att i ein fruktbar produksjon. Landsmannen Aleksandr Ivanov, som han møtte i Roma, overtala Bogoljubov til å konsentrere seg meir om teikning. I Düsseldorf gjekk Bogoljubov i lære med den tyske målaren Andreas Achenbach. Til Paris komen kom han i kontakt med kunstnarar av den såkalla Barbizon-skulen. Franske målarar som Camille Corot og Charles-François Daubigny vart gode vener og samarbeidde med Bogoljubov.



I heimlandet |





Utsikt mot Frantiskovij-lazne


Bogoljubov flytta tilbake til Russland i 1860. Han fekk utstilt arbeida sine i kunstakademiet og underviste nokre år med tittelen professor. I 1860-åra reiste han langs Volga. Måleria mista etter alle trekk av romantisk kunstforståing, i staden kom innslag av rein naturalisme. I 1871 vart han vald inn i St. Petersburg kunstakademi.


Frå 1870 var Bogoljubov i nær kontakt med Peredvizjnikij-rørsla, han deltok på alle vandreutstillingane til foreininga. Han vart også styremedlem i foreininga. Han var mykje eldre enn flesteparten av dei andre medlemene i rørsla, og hadde lite til overs for deira tankar om samfunnet. I solidaritet med kollegaene i Peredevizjnikij forlet han likevel St. Petersburgs kunstakademi i 1873. Han prøvde deretter å grunnleggje eit alternativt russisk kunstakademi i Roma.





Vinter i Borisgleb



I Paris |


På grunn av hjarteplager budde Bogoljubov etter 1873 i hovudsak i Paris. Heimen hans var som ein russisk koloni, mellom dei som ofte var på besøk fann ein Ivan Turgenjev, Ilja Repin, Vasilij Polenov, Mark Antokolskij og Vasilij Veresjtsjagin.


I 1885 opna Bogoljubov eit kunstmuseum i Saratov, Radisjtsjev Kunstmuseum, oppkalla etter bestefaren hans. Det var det fyrste kunstmuseet i Russland ope for alle og ein kvar. Offentleg tilgjenge til Tretjakovgalleriet i Moskva kom fyrst sju år seinare, og til Russlands Museum i St. Petersburg femten år etter. Oppkallinga av museet etter den "fyrste russiske revolusjonære", Aleksandr Radisjtsjev, var ei open utfordring mot styresmaktene. Bogoljubov måtte gjennom ein rettsstrid for å få løyve.


Bogoljubov døydde i 1896 i Paris. All kapitalen etter seg testamenterte han til eit museum og ein målarskule. Skulen vart opna etter Bogoljubovs død og fekk namnet Bogoljubovs målarskule (Боголюбовское Рисовальное Училище). Framståande modernistmålarar som Viktor Borisov-Musatov og Pavel Kuznetsov var målarar som fekk utdanning ved Bogoljubov-skulen.



Bakgrunnsstoff |



Kjelder |



Fotnotar





  1. Kyrillisk skrift Алексей Петрович Боголюбов






  • Denne artikkelen bygger på «Aleksej Bogoljubov» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2009.





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...