Barriemore Barlow Innhaldsliste Jethro Tull | Etter Jethro Tull | Trommeteknikk | Kjelder |...


EinskildmennFødde i 1949Engelske trommeslagararJethro Tull-medlemmarFolk frå Birmingham


engelskperkusjonistrockebandetJethro TullJeffrey HammondfrontmannenIan AndersonClive BunkerJohn GlascockRobert PlantJohn MilesJimmy PageYngwie MalmsteenKerry LivgrenplatestudioShiplakeOxfordshireEnglandHenley on ThamesThe RepertoirespunkbandetDustin's Bar MitzvahJohn Bonham










































Barriemore Barlow
Fødd
10. september 1949 (69 år)
Fødestad
Birmingham i England
Fødenamn Barrie Barlow
Opphav Storbritannia
Aktiv 1971 til i dag
Sjanger
Progressiv rock, hardrock, heavy metal
Instrument
Trommer, perkusjon, fløyte
Tilknytte artistar
Jethro Tull, Yngwie Malmsteen
Verka som
Musikar, låtskrivar, produsent

Barrie «Barriemore» Barlow (fødd 10. september 1949) er ein engelsk musikar, mest kjend som trommeslagar og perkusjonist for rockebandet Jethro Tull, frå mai 1971 til juni 1980.


Han vart kalla Barriemore då han kom inn i bandet i tråd med det eksentriske imaget til Jethro Tull. Bassisten Jeffrey Hammond kalla seg til dømes «Jeffrey Hammond-Hammond» i bandet.




Innhaldsliste






  • 1 Jethro Tull


  • 2 Etter Jethro Tull


  • 3 Trommeteknikk


  • 4 Kjelder


  • 5 Bakgrunnsstoff





Jethro Tull |


Barlow var ein skulekamerat og tidlegare bandkollega av frontmannen Ian Anderson. Han kom inn i bandet då Clive Bunker slutta og spelte på følgjande album:



  • «Life's a Long Song» (EP)

  • Thick as a Brick


  • Living in the Past (samleplate med ovannemnde EP)

  • A Passion Play

  • War Child

  • Minstrel in the Gallery

  • Too Old to Rock 'n' Roll: Too Young to Die!

  • Songs from the Wood

  • Heavy Horses

  • Bursting Out

  • Stormwatch


Barlow tok det tungt då bassisten John Glascock døydde. Dei to hadde vore nære vener og Barlow forlet Jethro Tull i 1980, etter at Stormwatch-turneen var over.[1]



Etter Jethro Tull |


Barlow spelte sidan som studiomusikar, inkludert for Robert Plant, John Miles og Jimmy Page, og han starta sitt eige band ein liten periode kalla Storm. Han spelte på Yngwie Malmsteen-albumet Rising Force og med Kerry Livgren på Seeds of Change.


Barlow har eit platestudio, The Doghouse, på eigedomen sin i Shiplake i Oxfordshire i England. Han er i dag manager for eit band frå Henley on Thames kalla The Repertoires, og han er knytt til fleire andre lokale band.[2]


Barlow spelte perkusjon på «Artrocker», opningssporet på det kritikarroste albumet Get Your Mood On av punkbandet Dustin's Bar Mitzvah i 2006.



Trommeteknikk |


Barlow er kjend som ein særs teknisk og kreativ trommeslagar. Spelinga hans på konsertalbumet Bursting Out er eit vitnesbyrd på kor kreativ han er som trommeslagar, mellom anna på trommsoloen i songen «Conundrum». John Bonham kalla ein gong Barlow «den største rocketrommisen England nokon gong har produsert».
I ein kommentar om trommestilen sin for Jethro Tull sa han: «Eg har alltid beundra folk som finn på - og på eit perkusjonsnivå beundrar eg folk som finn på rytmar. Eg prøvde å oppnå det i Tull, men i dag går eg langt i å rettleie trommisar i banda eg er manager for at dei ikkje spelar slik eg gjorde i Tull, fordi det var så travel og 'over-the-top'»[3]



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «Barriemore Barlow» frå Wikipedia på engelsk, den 17. september 2012.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. Barriemore Barlow bio på TullPress.com [1]


  2. «(February 2008) Smokey Bastard Blog». Smokeyb.blogspot.com. 2008-02-18. Henta 15. september 2012. 


  3. «(December 1990) The Drummers of Jethro Tull in ''Modern Drummer''». Tullpress.com. Henta 15. september 2012. 







Bakgrunnsstoff |



  • Biografi på den offisielle nettsida til Jethro Tull

  • Trommeslagar i Jethro Tull

  • Biografi på Collecting Jethro Tull

  • The Repertoires





























Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...