Angela Voigt Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildkvinnerFødde i 1951Døde i 2013Tyske sprintararOlympiske meistrar for Aust-TysklandMedaljevinnarar under sommar-OL 1976Austtyske deltakarar under sommar-OL 1976Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1976


11. april2013Magdeburg18. mai195111. april2013friidrettsutøvarSachsen-AnhaltAust-TysklandGöteborgDresdenMagdeburg





















Angela Voigt

Bundesarchiv Bild 183-R0502-0003, Angela Voigt.jpg
Angela Voigt under ein landskamp i Split 2. mai 1976
Fødd
18. mai 1951
Weferlingen
Død

11. april 2013
Magdeburg


Yrke
friidrettsutøvar

Angela Voigt på Commons

Angela Voigt, fødd Schmalfeld, (18. mai 1951–11. april 2013) var ein tysk friidrettsutøvar frå Weferlingen i Sachsen-Anhalt som vart olympisk meister i lengdehopp i 1976. Ho tevla for Aust-Tyskland.


Angela Schmalfeld satsa fyrst på mangekamp og vart i 1973 nummer to i den austtyske meisterskapen. Vedvarande skadeplager førte til at ho frå 1974 konsentrerte seg om lengdehopp. Ho vart nummer to i øvinga ved innandørs-EM i Göteborg våren 1974 og kom på fjerdeplass under EM i friidrett 1974 i Roma, tre centimeter unna bronsevinnaren.


Den 9. mai 1976 sette ho som Angela Voigt ny verdsrekord i lengdehopp med 6,92 meter under eit stemne i Dresden. I dei olympiske leikane i Montreal i juli månad tok ho i finalen leiinga med eit hopp på 6,72 m, noko som skulle vise seg å halde til gull. Etter å ha vorte mor i 1977 kom Voigt tilbake i 1978-sesongen og berga EM-sølv med eit hopp på 6,79 m i siste omgangen.


Voigt var aktiv til 1982, men makta ikkje å kvalifisere seg til korkje OL 1980 eller EM 1982.



Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap |




  • EM 1974 i Roma: Nr 4 – 6,56 m


  • OL 1976 i Montreal: Gullmedalje 6,72 m, framom Kathy McMillan (6,66 m)


  • EM 1978 i Praha: Sølvmedalje – 6,79 m, bakom Vilma Bardauskienė (6,88 m)


Voigt døydde i Magdeburg etter kort tids sjukdom.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Angela Voigt» frå Wikipedia på tysk, den 16. juli 2017.







Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Nässjö kommun Tettstader | Kjelder | NavigasjonsmenyeVIAFISNIGeoNamesMusicBrainz (area)

Kvitkval Innhaldsliste Taksonomi og utvikling | Utsjånad og levevis | Utbreiing | Åtferd |...