Volodimir Bessonov Innhaldsliste Kjelder | Navigasjonsmenyeu-football


Fødde i 1958Ukrainske fotballspelararDynamo Kiev-spelararOlympiske meistrar for Sovjetunionen


Kharkivcupvinnarcupen 1986Dynamo KievSovjetunionenKievAtlético MadridLyonisraelskeHaifaFotball-VM 1982Mexico-VM 1986verdsmeisterskapenItaliaeuropameisterskapen 1988Vest-TysklandItaliaNederlandSommar-OL 1980JugoslaviaSeoulBrasil






Volodimir Bessonov


Volodimir Vasyljovitsj Bessonov (fødd 5. mars 1958) er ein tidlegare fotballspelar frå Kharkiv, mangeårig høgreback som vann cupvinnarcupen 1986 med Dynamo Kiev og som i 1988 spelte EM-finale og same året vart olympisk meister for Sovjetunionen.




Innhaldsliste






  • 1 Klubbspel


  • 2 Landslagsspel


  • 3 Merittar


  • 4 Kjelder





Klubbspel |


Bessonov var aktiv i Dynamo Kiev i nærare 15 sesongar, 1976-90. Med topplaget frå Kiev vann han fem sovjetiske seriemeisterskap og like mange nasjonale cuppokalar. Den 2. mai 1986 var han på plass på høgrebacken då Dynamo slo Atlético Madrid 3-0 i finalen i cupvinnarcupen i Lyon. Han avslutta med spel 1990/91 for israelske Maccabi Haifa.



Landslagsspel |


Bessonov spelte 85 landskampar for Sovjetunionen i tida 1977-90, skåra fem landslagsmål. Han var med i fyrsteellevaren under Fotball-VM 1982 og i Mexico-VM 1986 og to under verdsmeisterskapen i Italia 1990, hans siste landskampar. Under europameisterskapen 1988 i Vest-Tyskland vart han skadd i semifinalen mot Italia og fekk då ikkje med seg EM-finalen mot Nederland, ein kamp som enda med nederlandsk siger 2-0. Bessonov vann elles ein bronsemedalje då Sovjetunionen under Sommar-OL 1980 slo Jugoslavia i bronsefinalen. Høgdepunktet med landslaget kom hausten 1988 då han vart olympisk meister i fotball, framfor 74 000 tilskodarar på olympiastadion i Seoul vart Brasil påført eit 2-1-tap.



Merittar |



  • OL-gull: 1988 for Sovjetunionen

  • EM-sølv: 1988 for Sovjetunionen

  • OL-gull: 1988 for Sovjetunionen

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1986 med Dynamo Kiev

  • Sovjetisk seriemeister: 1977, 1980, 1981, 1985, 1986 med Dynamo Kiev

  • Sovjetisk cupmeister: 1978, 1982, 1985, 1987 med Dynamo Kiev



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Volodymyr Bezsonov» frå Wikipedia på engelsk, den 5. oktober 2018.


  • eu-football



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...