Kotra Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyCepkeliaiČepkeliaisumpen og KotraGeoNames


Elvar i KviterusslandElvar i Litauen


litauiskelvKviterusslandLitauenŪlaVarėnaNemanMerkysvasskiljetnedslagsfeltČepkeliaisumpennaturreservatVarėna kommune






































Kotra

elv
Land

Flag of Belarus.svg Kviterussland, Flag of Lithuania.svg Litauen

Nedslagsfelt
2 010 km²


Lengd
109 km
Middelvassføring

12,8 m³/s

Kjelde
22 km nordaust for Varėna
Munning

Neman



Kotra (litauisk Katra) er ei 109 km lang elv i Kviterussland og Litauen. Elva er ein del av eit sjeldan elvefenomen. Kotra byrjar der ei elv, som stundom vert kalla Pelesa, deler seg til Kotra og elva Ūla. Pelesa har sitt utspring i Kviterussland og renn nordvestover. Like etter grensa til Litauen, mellom landsbyane Paramėliai og Kazliškės 22 km søraust for Varėna, deler elva seg i to uavhengige elvar: Kotra, som er ei sideelv til Neman, og Ūla, ei sideelv til Merkys. Denne situasjonen oppstod på andre halvdel av 1800-talet, då Ūla grov seg gjennom vasskiljet mellom sitt eige og Kotra sitt nedslagsfelt. Dette auka nedslagsfeltet til Ūla med 410 km². To av Kotra sine tidlegare sideelver fører no vatnet sitt til Ūla. Desse prosessane har ført til at grunnvassnivået har minka og fleire store innsjøar har forsvunne i området.


Kotra renn sørvestover langs grensa mellom Kviterussland og Litauen i om lag 24 km og dei siste 85 km gjennom Kviterussland. Kotra renn langs den sørlege grensa av Čepkeliaisumpen, eit område omgjort til eit naturreservat. Då nedslagsfelta og grunnvassnivået endra seg vart 2 000 hektar av ope myrområde overgrodd av skog. Kotra og dei omliggande myrområda er eit internasjonalt viktig våtmarksområde. Varėna kommune etablerte eit 108,5 hektar stort reservoar for å verne dei naturlege omgivnadane rundt Kotra.



Kjelder |



  • Encyclopedia Lituanica, 1970-1978

  • Tarybų Lietuvos enciklopedija, 1986


  • Cepkeliai.



  • Denne artikkelen bygger på «Kotra River» frå Wikipedia på engelsk, den 9. februar 2007.



Bakgrunnsstoff |


  • Čepkeliaisumpen og Kotra




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...