Sonic Youth Diskografi | Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyOffisiell...


Alternative rockegrupperMusikkgrupper skipa i 1981USA-amerikanske rockegrupper


amerikanskalternativrockebandNew YorkThurston MooreKim GordonLee RanaldoAnne DeMarinisRichard EdsonSteve Shelleynoise rockart rockgrungenNirvanaGeffen RecordsVelvet UndergroundGlenn BrancaThe StoogesgarasjerockThe SimpsonsDaydream Nation
















Sonic Youth

SonicYouth.JPG
Bassist Kim Gordon og gitarist Thurston Moore i 2005
Sjanger
alternativ rock
Aktive år 1981-2011

Sonic Youth er eit amerikansk alternativ rockeband danna i New York i 1981. Originalmedlemmane til bandet var Thurston Moore, Kim Gordon, Lee Ranaldo, Anne DeMarinis og Richard Edson.


Før dei gav ut debutalbumet sitt, Sonic Youth, forlét keyboardist Anne Demarinis bandet. Lee Ranaldo, som tidlegare hadde spila i Glenn Brancas gitarensemble saman med Thurston Moore, vart med i bandet. Etter det første albumet har fleire medlemmar kome og gått, særleg stor utskifting har det vore av trommeslagarar. Men frå og med 1985 har Steve Shelley spela trommar. Sjølv om om det er vanskeleg å kategorisera eit band som dette, vert musikken deira ofte kalla for «noise rock» eller «art rock» på grunn av gitarensounden. Bandet fekk eit oppsving under grungen på byrjinga av 90-talet og vert rekna for å ha vore ein av forgjengerne til sjangeren, sjølv om Sonic Youth sin musikk er betydeleg meir eksperimentell enn dei fleste grungebanda. Det var etter Sonic Youths anbefalinger at Nirvana signerte med Geffen Records. Sonic Youth har òg turnert med Nirvana.


Sonic Youth eksperimenterer med lydar, på same måte som Velvet Underground og Glenn Branca gjorde i si tid. Dei er òg inspirerte av The Stooges sin harde garasjerock. Sonic Youth er kjent for sit spesielle sound, som dei skapar gjennom å spela gitar på utradisjonelle måtar. Dessutan brukar dei ulikt verktøy for å laga bakgrunnslyder.


Sonic Youth har òg vore gjester i The Simpsons «Homerpalooza» (sesong #7 episode #24 avsnittsnummer #152 (3F21)).


Bandet sitt hovedverk vert av mange rekna å vera dobbel-LP-en Daydream Nation frå 1988.



Diskografi |



  • Sonic Youth, EP, (1982, Neutral Records)


  • Confusion Is Sex (1983)


  • Bad Moon Rising (1985, Blast First)


  • EVOL (1986)


  • Sister (1987)


  • Daydream Nation (1988, SST)


  • Goo (1990, Geffen Records)


  • Dirty (1992)

  • Experimental Jet Set, Trash and No Star (1994)


  • Washing Machine (1995)


  • A Thousand Leaves (1998)

  • SYR4: Goodbye 20th Century (1999)

  • NYC Ghosts & Flowers (2000)


  • Murray Street (2002)


  • Sonic Nurse (2004)


  • Rather Ripped (2006)


  • The Eternal (2009)



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Sonic Youth» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2016.



Bakgrunnsstoff |


  • Offisiell nettstad




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...