Pekka Koskela Personlege rekordar | Kjelder | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmeny«Pekka...
EinskildmennFødde i 1982Finske skeiselauparar
finskskeiselauparVinter-OL 2006TorinoVerdscupen i skeisesprint
Pekka Koskela | |
| Fødd | 29. november 1982 Mänttä |
| Yrke | skøyteløpar |
Pekka Koskela på Commons | |
Pekka Koskela
Pekka Koskela (fødd 29. november 1982) er ein finsk skeiselaupar som har spesialisert seg på sprintdistansane 500- og 1000-meter. I desember 2001 sette han juniorverdsrekord på 500-meter med tida 35.89. Sidan har han etablert seg mellom dei 10–15 beste skeisesprintarane i verda. Han vann bronsemedaljen på 1000-meter i verdsmeisterskapen i enskilddistansar i 2005, og vart nummer 10 på 500-meteren under Vinter-OL 2006 i Torino. Pr. desember 2006 har han vunne 500-meteren tre gonger og 1000-meteren ei gong i Verdscupen i skeisesprint. 10. november 2007 sette han verdsrekord på 1000 meter i Salt Lake City med 1:07.00. Pekka Koskela tevlar for laget Seinäjoen Urheilija.
Personlege rekordar |
| Distanse | Tid | År | Stad |
|---|---|---|---|
| 500-meter | 34.63 | 2007 | Salt Lake City |
| 1000-meter | 1:07.00 | 2007 | Salt Lake City |
| 1500-meter | 1:51.52 | 2002 | Calgary |
| 3000-meter | 4:10.39 | 2002 | Collalbo |
| 5000-meter | 7:35.09 | 2000 | Helsingfors |
| 10000-meter | 16:30.16 | 1999 | Seinäjoki |
Kjelder |
- Denne artikkelen byggjer på artikkelen «Pekka Koskela» henta frå Wikipedia på engelsk 2. januar 2007.
Bakgrunnsstoff |
- Nettstaden til Pekka Koskela
- Om Pekka Koskela hjå SkateResults.com