Fleetwood Kjelder | Navigasjonsmeny53°55′″N 3°1′″W53°55′″N...
Byar i Lancashire
LancashireEnglandFylde-halvøyaWyreStor-Blackpool1836Peter Hesketh FleetwoodDecimus Burton1960-åratorskekrigenIslandtorskNord-Atlanteren1982Fisherman's FriendWyreKnott End-on-SeaLarneNord-IrlandDouglasManFleetwood Town FC
Fleetwood | ||
---|---|---|
Fleetwood — The Marine Hall og Gardens frå the Mount | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Lancashire | |
Distrikt | Wyre | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) | 26 840 | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | FY7 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1253 | |
Commons har multimedia som gjeld: Fleetwood |
Fleetwood er ein by i Lancashire i England. Han ligg på den nordlege spissen av Fylde-halvøya. Byen inngår i distriktet Wyre, men vert òg rekna som ein del av Stor-Blackpool.
Byen vart grunnlagd i 1836 av Peter Hesketh Fleetwood, og vart for det meste teikna ut av Decimus Burton. Han voks raskt som hamneby, og vart seinare òg kjent som ein fereistad. I 1960-åra vart fiskeriet i Fleetwood i stor grad øydelagd av torskekrigen mellom Storbritannia og Island. Dei fleste av trålarane i byen fiska torsk i Nord-Atlanteren, og tapet av fiskeområda råka hardt. Den siste trålaren forlet byen i 1982, og det er no berre mindre båtar som fisker innaskjers. Det hender at trålarar frå andre stader leverer til fiskemarknaden i byen; fiskeforedling er framleis ein stor industri i Fleetwood.
For mange er byen mest kjent som opphavsstaden til halspastillen Fisherman's Friend som framleis vert produsert der.
Blant attraksjonane i byen finn ein piren, to fyrtårn og The Mount, ein paviljong med klokke. Det finst òg eit bymuseum.
Det er ferjesamband over elva Wyre til Knott End-on-Sea og til Larne i Nord-Irland. På sommaren er det òg ferjesamband til Douglas på Man.
Fotballklubben Fleetwood Town FC spelar heimekampane sine på stadionet Highbury.
Kjelder |
- Denne artikkelen bygger på «Fleetwood» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juli 2011.
|