Union Scene Fotnotar | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyUnion scene


KulturhusSkipingar i 2005


kulturhusDrammenGrønlandBrageteatretblack boxDrammen kommuneDrammens teaterOsloSkienGeithusSkotfoss




Union Scene er eit kulturhus i Drammen som opna i 2005 i dei ombygde papirhallane i ein nedlagt papirfabrikk på Grønland. Brageteatret har tilhald her. Dessutan har ein rad andre ulike kulturaktørar tilhald i huset, som difor kan by på eit rikhaldig program innafor musikk, kunst og teater. I tillegg til Brageteatret, finst her Buskerud Kunstsenter, Drammen Kulturskole, Drammen Kommune - Virksomhet Kultur, Ungdomskulturhuset G60 (namn etter adressa: Grønland 60) og Interkultur. I tillegg vert huset nytta til konferansar og liknande.


På hovudscenen er det ståplassar til 1300 tilskodarar, på klubbscenen er det plass til 250, og i Centralen, ei intimscene med servering, er det plass til 50. I tillegg er det to multisalar, Brageteatret har to salar for teater, og Ungdomskulturhuset G60 har eiga konsertscene for ungdomskonsertar. Kulturskulen har ei black box-scene.


Drammen kommune står attom skipinga av Union Scene. I 2009 vart Union Scene og Drammens teater innlemma i det nyskipa selskapet Drammen Scener, som er eit selskap som Drammen kommune eig.


Namnet Union Scene skriv seg frå papirfabrikken som låg her, Union Drammen, eigd i si tid av det tidlegare treforedlingskonsernet Union A/S (Union Co), skipa i 1873 av Benjamin Sewell (1845-1895). Union A/S (med hovudkontor i Oslo) hadde fabrikkane Union Drammen, Union Bruk i Skien, Union Geithus og Skotfos Bruk på Skotfoss[1]. Alle fabrikkane er no nedlagte.



Fotnotar |





  1. Ashehoug og Gyldendals ett binds leksikon 1982, side 1465, ISBN 82-573-0160-4




Bakgrunnsstoff |


  • Union scene



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...