Frank Ullrich Innhaldsliste Aktiv | Trenar | Kjelder | NavigasjonsmenyVIAFGNDMunzinger (sport)


EinskildmennFødde i 1958Tyske skiskyttararAusttyske skiskyttararVerdsmeistrar i skiskytingOlympiske meistrar for Aust-TysklandOlympiske sølvmedaljevinnarar for Aust-TysklandOlympiske bronsemedaljevinnarar for Aust-TysklandMedaljevinnarar under vinter-OL 1976Austtyske deltakarar under vinter-OL 1976Skiskyttarar under vinter-OL 1976Medaljevinnarar under vinter-OL 1980Austtyske deltakarar under vinter-OL 1980Skiskyttarar under vinter-OL 1980Austtyske deltakarar under vinter-OL 1984Skiskyttarar under vinter-OL 1984


skiskyttarThüringenlangrennAust-TysklandDDRvinter-OL 1976Vingromverdscupen i skiskytingOdd LirhusVossOL i Lake Placid vinter-OL 1984Vest-Tyskland

















Frank Ullrich

Bundesarchiv Bild 183-1982-0312-031, Frank Ullrich.jpg
Frank Ullrich i 1982
Fødd
24. januar 1958
Trusetal
Yrke
skiskyttar, skiskyttertrener

Frank Ullrich på Commons

Frank Ullrich (fødd 24. januar 1958) er ein tysk, tidlegare skiskyttar frå Trusetal i Thüringen, i 2013 sjefstrenar for Tysklands landslag i langrenn. Mellom 1978 og 1983 vann han fem individuelle VM-gull og eitt OL-gull i skiskyting, samt fire VM-gull i stafett. I alt vann Ullrich 18 medaljar (10-6-2) i dei internasjonale skiskyttar-meisterskapane i perioden 1976-83. Heile si tid som aktiv representerte han Aust-Tyskland.




Innhaldsliste






  • 1 Aktiv


    • 1.1 Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap




  • 2 Trenar


  • 3 Kjelder





Aktiv |


18 år gammal fekk Ullrich plass på DDR sitt lag som under vinter-OL 1976 tok bronse i 4x7,5 km stafett, ein prestasjon som Ullrich og DDR gjentok i same øvinga i VM 1977 på Vingrom. Frå 1978-sesongen, den fyrste det vart arrangert verdscup i skiskyting, var Ullrich i fem år jamnt over den beste skiskyttaren i verda. Han vann verdscupen i skiskyting både i 1978, 1980, 1981, 1982 og vart nummer to i 1979 og tre i 1983.


I verdsmeisterskapen 1978 gjekk Ullrich til topps på 10 km og i stafett med DDR, på 20 km tok han sølvmedaljen bakom Odd Lirhus frå Voss. Ullrich og DDR fekk nye gullmedaljar då dei i 1979 forsvarte VM-titlane på 10 km og i stafett. I 1980 vann han gullmedaljen på 10 km under OL i Lake Placid , og tok i tillegg sølv på 20 km og bronse på stafetten.


Ullrich vann så i 1981 for fjerde gong på rad 10 km i den årlege internasjonale meisterskapen. Deretter vann han 20 km i VM for fyrste gongen i 1982, ei bragd han gjentok i 1983. Han deltok i vinter-OL 1984, der han måtte nøye seg med femte plass på 20 km. På den svært spennande stafetten i same OL feila Ullrich på ankeretappen då fire mann var inne samtidig på siste ståandeskyting. Dermed vart DDR nummer fire, medan Noregs lag vann spurten mot Vest-Tyskland om sølvmedaljen.



Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap |




  • Vinter-OL 1976 i Innsbruck: Bronsemedalje i stafett


  • VM i skiskyting 1977 i Vingrom: Bronsemedalje i stafett


  • VM i skiskyting 1978 i Hochfilzen: Gullmedalje på 10 km og i stafett, sølvmedalje på 20 km


  • VM i skiskyting 1979 i Ruhpolding: Gullmedalje på 10 km og i stafett


  • Vinter-OL 1980 i Lake Placid: Gullmedalje på 10 km, sølvmedalje på 20 km og i stafett


  • VM i skiskyting 1981 i Lahti: Gullmedalje på 10 km og i stafett, sølvmedalje på 20 km


  • VM i skiskyting 1982 i Minsk: Gullmedalje på 20 km og i stafett, sølvmedalje på 10 km


  • VM i skiskyting 1983 i Antholz:Gullmedalje på 20 km og sølvmedalje i stafett


  • Vinter-OL 1984 i Sarajevo: Nr 5 på 20 km



Trenar |


Ullrich var trenar for fyrst Aust-Tyskland sitt landslag i skiskyting frå 1987. Frå 1998 var han hovudtrenar for Tyskland sitt landslag for menn, ein posisjon han hadde til 2010. I 2012 tok han over som sjef for Tyskland sitt langrenns-landslag etter Jochen Behle.



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...