Ole Mustad Kjelder | Notar | NavigasjonsmenyTimelineHistory«Mustad & Søn AS, O.»Norsk biografisk...


EinskildmennFødde i 1810Døde i 1884Stortingsrepresentantar 1854-1856Folk frå Gjøvik


12. mars181024. februar1884industripionerlensmannstortingsmannVardalKristian MustadHans SkikkelstadsagbrukHans MustadLysakerBærumfiskekrokarKristians amtStortingetforlikskommisjonensparebanken


























Ole Mustad
Fødd
12. mars 1810
Død
24. februar 1884
Nasjonalitet Noreg
Yrke politikar
Barn
Kristian Mauritz Mustad, Hans Mustad

Ole Hovelsen Mustad (12. mars 1810–24. februar 1884) var ein norsk industripioner, lensmann og stortingsmann. Han var leiande i utviklinga av firmaet O. Mustad & Søn. Mustad var frå Vardal. Kristian Mustad var sonen hans.


Mustad var lensmann i Vardal frå 1834 til 1857. Han tok i 1843 over Brusveen Spiger- og Staaltraadfabrikk, grunnlagt av svigerfaren Hans Skikkelstad i 1832. Firmaet vart heitande O. Mustad. Fabrikken låg ved Hunnselva i Vardal. Mustad utvida drifta til å omfatte både støyperi og sagbruk, attåt den opphavlege produksjonen av ståltrad og spikar.


I 1874 vart sonen Hans Mustad medeigar, og firmanamnet vart endra til O. Mustad & Søn. Spikarproduksjonen vart flytta til Lysaker i Bærum i 1876. Fabrikken i Vardal spesialiserte seg frå då av på å lage fiskekrokar.[1][2] Selskapet vart verdas største produsent av fiskekrokar.[3]


Mustad representerte Kristians amt på Stortinget i 1854. Han var medlem av næringskomite nr 1. Også medlem av forlikskommisjonen og direktør i sparebanken.


Han døydde på Brusveen i Vardal, garden der han hadde budd sidan 1836.



Kjelder |


  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914


Notar |





  1. Timeline - Mustad.no


  2. History - Mustad Eiendom


  3. «Mustad & Søn AS, O.». Aschehoug og Gyldendals Store norske leksikon. Kunnskapsforlaget. 2007. 






Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...