Broad Peak Innhaldsliste Namnet | Toppane på Broad Peak | Klatrehistorikk | Litteratur | Kjelder |...


8000 m-toppar i Pakistan8000 m-toppar i KinaFjell i HimalayaFjell i PakistanFjell i KinaKarakoramInternasjonale fjell i AsiaDen kinesisk-pakistanske grensa


urdukinesiskpinyinGasherbrumKarakoramPakistankilometerGodwin-Austen-breenK2William Martin ConwayBreithornZermattBaltorobreenGodwin-Austen-breenAletschgletscherBern-AlpaneausterrikaraneHermann BuhlKurt DiembergerRenato CasarottoKrzysztof Wielicki




Koordinatar: 35°48′35″N 76°34′25″E






















































Broad Peak

Faichan Kangri, K3
fjell

7 15 BroadPeak.jpg

Broad Peak sett frå Concordiaplassen

Land

Flag of Pakistan.svg Pakistan, Flag of the People's Republic of China.svg Kina

Fjellkjede

Baltoro Muztagh, Karakorum

Topp

Gilgit-Baltistan og Shaksgam-dalen
 - høgd
8 051 moh.
 - Primærfaktor
1 701 m ↓  K2
 - Sekundærfaktor
9,37 km
 - koordinatar

35°48′35″N 76°34′25″E


Lettast tilkomst
Vestkammen og nordegga
Førstestiging
Marcus Schmuck
 - dato
9. juni 1957




Topografic map of Tibetan Plateau.png

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Broad Peak


Broad Peak (urdu بروڈ پیک; kinesisk 布洛阿特峰; pinyin Bùluòātè Fēng)[1] er med ei høgd på 8 047 m det tolvte høgste fjellet på jords. Broad Peak er ein del av Gasherbrum-gruppa i fjellkjeda Karakoram nord i Pakistan. 8 kilometer lengre nord, på andre sida av Godwin-Austen-breen ligg K2, verdas nest høgste fjell.




Dei tre toppane på Broad Peak: nord- (heilt til venstre), midt- (venstre tredel av bildet) og hovudtoppen (i midten av bildet)




Innhaldsliste






  • 1 Namnet


  • 2 Toppane på Broad Peak


  • 3 Klatrehistorikk


  • 4 Litteratur


  • 5 Kjelder


  • 6 Bakgrunnsstoff





Namnet |


William Martin Conway, leiaren av ein engelsk utforskingsekspedisjon i 1892, døypte fjellet Broad Peak («Breidtind») på grunn av det over ein kilometer lange, nesten flate toppområdet. Fjellet skal ha gjeve Conway assosiasjonar til Breithorn i Zermatt. Området der Baltorobreen og Godwin-Austen-breen flyt saman minna Conway om Konkordiaplatz på Aletschgletscher i Bern-Alpane, og han gav det derfor namnet Concordia.



Toppane på Broad Peak |







































Topp
Høgd

Skardhøgd
Referansetopp
Broad Peak, hovudtoppen
8051 m
1701 m

Gasherbrum I
Fortoppen (òg Rocky Summit eller False Summit)
8028 m
< 50 m
Broad Peak

Broad Peak Central (òg BP Mid Peak eller Middle;
kinesisk Zhongyang)
8011 m
191 m
Broad Peak
Broad Peak, nord
7490 m
212 m
Broad Peak
Kharut Kangri
6942 m
402 m
Broad Peak


Klatrehistorikk |


Ein ekspedisjon leia av Karl Herrligkoffer kom i 1954 til om lag 6 900 m før dei blei tvungne ned att.


Førsteklatringa stod austerrikarane Hermann Buhl, Kurt Diemberger, Marcus Schmuck og Fritz Wintersteller for 9. juni 1957. Dei klatra i alpin stil, dvs utan flaskeoksygen og berarar. Dei var på fortoppen allereie 29. mai, men måtte konstatere at det høgste punktet var et godt stykke unna og gå ned att for å samle krefter til det endelege toppangrepet.


Nordtoppen førsteklatra Renato Casarotto i 1983.


14. juli 1984 soloklatra polakken Krzysztof Wielicki fjellet på 14 timar; for opp- og nedstigninga totalt brukte han berre 22 timar.[2][3]


Kari Dybsjord Røstad nådde som første nordmann toppen av Broad Peak den 27. juli 2017.



Litteratur |



  • Kurt Diemberger, Spirits of the Air, 1994. Mountaineers Books, ISBN 0-89886-408-9

  • Richard Sale, Broad Peak, Carreg, Ross-on-Wye, 2007. ISBN 0-9538631-5-8

  • Marcus Schmuck, Broad Peak 8047 m Meine Bergfahrten mit Hermann Buhl, Das Bergland-Buch, Salzburg, 1958 (om førsteklatringa)

  • Rollo Steffens, Faszination Karakorum. Die wilden Berge Asiens, Bruckmann Verlag, München, 2000. ISBN 3-7654-3593-7

  • Jochen Hemmleb, Broad Peak – Traum und Albtraum, Tyrolia, Innsbruck 2007. ISBN 3-7022-2811-X



Kjelder |




  1. «Broad Peak: 12th Highest Mountain in the World». About.com. 


  2. http://www.summitpost.org/mountain/rock/151330/broad-peak.html


  3. broadpeak.org


Teksten er basert på artikkelen Broad Peak frå Wikipedia på tysk slik den var 9. juli 2012.


Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Broad Peak




  • ÖAV-Karakorumexpedition si førsteklatring 1957 (Fritz Wintersteller)


  • Ekspedisjonsdagbok 2006 (Markus Kronthaler)









Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...