Mysore Innhaldsliste Kommunikasjon | Namnesoge | Kjelder | Bakgrunnsstoff | Navigasjonsmeny«Table 2:...


Byar med 500 000 til 1 million innbyggjararByar i IndiaKarnataka


byindiskeKarnatakaMysoreriket1948Indiauniversitetetkulturlivetmuseumpalassmysore paksøtsakSør-IndiaBangaloreChennaiMumbaiMahisha AsuraTsjamundesjvarihindumytologiChamundifjellanavaratrihøgtida



























Mysore
by

Mysore Palace, India (photo - Jim Ankan Deka).jpg

Land

Flag of India.svg India

Areal
152 km²

Folketal
920 550 (2011[1])



Wikimedia Commons: Mysore


Mysore (kannada ಮೈಸೂರು maisūru) er ein by i den indiske delstaten Karnataka, og er kjend som den kulturelle hovudstaden til staten. Byen var hovudstaden til Mysoreriket fram til 1948, då riket blei innlemma i den sjølvstendige staten India. Mysore var også det gamle namnet til Karnataka.


Mysore er best kjent for universitetet, kulturlivet, museum og palass, og for mysore pak, ein smuldrete søtsak som er svært populær i Sør-India.




Innhaldsliste






  • 1 Kommunikasjon


  • 2 Namnesoge


  • 3 Kjelder


    • 3.1 Fotnotar




  • 4 Bakgrunnsstoff





Kommunikasjon |


Mysore har motorveg og jarnbaneliner til Bangalore som har vidare samband med Chennai i sør og Mumbai i nordvest. Den nye motorvegen har korta ned den 135 km lange reisa mellom byane frå rundt tre timar til halvparten. Fleire statsvegar bind Mysore saman med andre byar i området.




Ein trugande statue av Mahisha Asura er sett opp på Chamundi.
Foto: Rohith Ajjampur





Tempelet til Tsjamundesjvari (Foto: Rohith Ajjampur)



Namnesoge |


Ei legende fortel at området rundt Mysore ein gong høyrde til demonkongen Mahisha Asura, som blei så mektig at han truga heile verda. Gudinna
Tsjamundesjvari slost mot han i ti blodige dagar og fridde verda frå han. Namnet hans sat likevel igjen på byen som Mahisuru, sett saman av Mahisha og uru, 'by'. Namnet blei forkorta gjennom bruk og deretter anglifisert til Mysore.


Denne forteljinga er svært viktig innan hindumytologi, og tempelet til Tsjamundesjvari på toppen av Chamundifjella i byen er ein viktig valfartsstad. Under navaratrihøgtida kvart år feirar ein sigeren over demonen.



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Mysore» frå Wikipedia på engelsk, den 27. oktober 2005.



Fotnotar





  1. «Table 2: PR cities 1 lakh and above» (XLS). Provisional Population Totals, Census of India 2011. Registrar General and Census Commissioner of India. Arkivert frå originalen den 1. april 2012. Henta 3. mars 2012. 






Bakgrunnsstoff |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Mysore





Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...