Eero Kolehmainen Aktiv | Kjelder | Navigasjonsmeny


EinskildmennFødde i 1918Døde i 2013Finske langrennsløpararVinnarar av HolmenkollmedaljenOlympiske sølvmedaljevinnarar for FinlandFinske deltakarar under vinter-OL 1952Medaljevinnarar under vinter-OL 1952Langrennsløparar under vinter-OL 1952Finske deltakarar under vinter-OL 1956Langrennsløparar under vinter-OL 1956


7. desember2013S:t Michel24. mars19187. desember2013Södra SavolaxLahtiHolmenkollenNils Karlssonolympiske vinterleikane 1952Ski-VM 1954FalunVeikko HakulinenMartin StokkenSixten JernbergVinter-OLCortina d'AmpezzoArvo ViitanenSki-VM 1958Sverre StensheimHolmenkollmedaljen





















Eero Kolehmainen

EeroKolehmainen1956.jpg
Kolehmainen under Vinter-OL 1956
Fødd
24. mars 1918
Anttola
Død

7. desember 2013
S:t Michel


Yrke
langrennsløpar

Eero Kolehmainen på Commons

Eero Johannes Kolehmainen (24. mars 1918–7. desember 2013) var ein finsk langrennar frå Anttola i Södra Savolax som tok OL-sølv på femmila i 1952. Han vann 50 km i Lahti i 1956 og 1957, samt i Holmenkollen i 1957.



Aktiv |


Kolehmainen var ein av dei mest typiske femmilsslukarane. Han deltok i 1951 i Holmenkollen og vart nummer to på femmila, bak den regjerande olympiameisteren, Nils Karlsson frå Sverige. Året etter var Kolehmainen tilbake i Kollen-løypene, der han vann sølvmedaljen på femmila under dei olympiske vinterleikane 1952 i Oslo.


Kolehmainen utmerka seg ikkje under Ski-VM 1954 i Falun, men stod same sesongen for sterke prestasjonar i Lahti og i Oslo. I Lahti-spelen vart nummer to på femmila, som i Oslo-OL fann han sin overmann i landsmannen Veikko Hakulinen. Han vart så nummer tre på femmila i Holmenkollen, bakom vinnaren Martin Stokken og svensken Sixten Jernberg.


I 1956 vart Kolehmainen nummer fire på 50 km under Vinter-OL i Cortina d'Ampezzo. Ein månad seinare vann han same distansen i Lahti, to minuttar føre Arvo Viitanen, med Hakulinen på tredjeplass. Vinteren 1957 gjekk Kolehmainen til topps på femmila både i Lahti og i Holmenkollen. Under Ski-VM 1958 på finsk heimegrunn gjekk han inn til femteplass på 50-kilometeren.


Kolehmainen tok pallplassar på femmil i Holmenkollen både i 1959 og 1960. I 1959 kom han inn til andreplass, eitt-og-eit-halvt minutt bak Sverre Stensheim, medna han året etter vart nummer tre. I 1961-sesongen gjekk han i mål til ellevteplass på femmila i Lahti, nær 43 år gammal.


I 1957 vart Kolehmainen tildelt Holmenkollmedaljen for sine bragder i Holmenkollen.



Kjelder |



  • Sportsboken, aktuelle årgangar.



Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...