Harerug Utbreiing | Bruk | Kjelder | Navigasjonsmeny«Bistorta vivipara (L.)S.F. Gray»


NytteplantarSyrefamilienArktisk flora


slireknefamiliensirkumpolar utbreiingGaldhøpiggenJan MayenBjørnøyaSvalbard











































Harerug

Harerug
Harerug

Systematikk

Rike:

Plante Plantae

Underrekkje:

Frøplantar Spermatophytina

Orden:

Nellikordenen Caryophyllales

Familie:

Syrefamilien Polygonaceae

Underfamilie:

Polygonoideae

Stamme:

Persicarieae

Slekt:

Bistorta

Art:

Harerug B. vivipara

Vitskapleg namn

Bistorta vivipara

Delarbre, 1800


Harerug (Bistorta vivipara, ev. Polygonum viviparum eller Persicariaa vivipara) er ein om lag 15 cm høg fleirårig plante i slireknefamilien. Han har ein mørk knebøygd jordstengel og ugreina stengel. Dei nedste blada er langskafta og lansettforma. Lenger oppe på stengelen er dei smalare og lysare og har kortare bladstilk. Blomsterstanden er eit aks der det sit kvite eller bleikraude blomstrar. Frukta er ei nøtt. Men sidan planten ofte har flest hanblomstrar vert det lite eller ingen frukt på akset. I staden har akset ofte mange yngleknuppar. Dei utviklar seg gjerne med grøne blad før dei dett av morplanten.



Utbreiing |


Harerug har ei sirkumpolar utbreiing, og er vanleg i alle nordområda.[1]
Arten veks over mest heile Noreg. Han er ikkje vanleg i låglandet sør om Oslo. Han veks mellom vekslande vegetasjon, og høgt til fjells. På Galdhøpiggen er han funnen i 2280 meters høgd. Elles er han vanleg nord til Jan Mayen, Bjørnøya og Svalbard. Utanom Noreg har planten sirkumboreal eller sirkompolar utbreiing.



Bruk |


Både jordstengelen, blada, fruktene og yngleknuppane er etande. Det er helst born som har brukt å ete harerug. Dei kan ha teke opp jordstengelen, putta yngleknuppane rett i munnen eller teke dei med inn og ete dei saman med mjølk.


Tidlegare høyrer vi at planten har vore brukt som tilskot til mathaldet, helst då i dårlege år. Yngleknuppane har då vorte tørka, malne og brukt i brødet.



Kjelder |





  1. «Bistorta vivipara (L.)S.F. Gray», svalbardflora.no 




  • Johannes Lid: Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2

  • Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995


  • Ove Arbo Høeg: Planter og tradisjon. Universietsforlaget, 1975. ISBN 82-00-08930-4









Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...