European Credit Transfer and Accumulation System Sjå også | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyECTS -...


Utdanning


universitetshøgskulenivåErasmus-programmetBologna-prosessenstudiepoengkarakterar




ECTS – European Credit Transfer and Accumulation System er eit system for å samanlikne vekt og karakterar på kurs på universitets- og høgskulenivå på tvers av land og institusjonar. ECTS blei først introdusert for å gjere utveksling enklare i samband med Erasmus-programmet, men er i dag innført, eller er i ferd med å bli innført, i ei rekkje europeiske land gjennom Bologna-prosessen.


Systemet baserer seg på at eit fulltids studieår på 1500-1800 timar tilsvarar 60 «credits» («studiepoeng» i Noreg.) Eit ECTS-studiepoeng tilsvarar såleis 25-30 timar arbeid.


ECTS-systemet inneber også at karakterar blir omsett til ein skala frå A-E med F og FX som strykkarakterar. I følgje systemet skal A tildelast dei 10% beste studentane, B dei 25% neste, C dei 30% deretter, dei neste 25% D, og dei dårlegaste 10% får E. Forskjellen mellom F og FX er kor mykje som manglar for at ein står, med FX manglar det litt, med F er det viktige manglar.


Ved innføring av karakterskalaen har ein i Noreg valt kvalitative krav framfor statistisk fordeling og ein nyttar berre ein strykkarakter, F.



Sjå også |


  • Karaktersystem i Noreg


Bakgrunnsstoff |


  • ECTS - European Credit Transfer and Accumulation System




Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

What flight has the highest ratio of timezone difference to flight time? The Next CEO of Stack...

Why was Terok Nor renamed Deep Space Nine? The Next CEO of Stack OverflowWhy did the...