Bani Na'im Innhaldsliste Historie | Geografi og klima | Kjelder | Navigasjonsmeny31°30′58″N...


Hebron guvernementPalestinske heilagdomarByar på Vestbreidda


arabiskpalestinskVestbreiddaHebronHebron guvernementLotmuslimske erobringaarabisertkrossfararAbd al-Ghani al-NabulsiPalestinamandatetarabararopprøret 1936–39Abd al-Qadir al-Husayniden britiske hærenden arabisk-israelske krigen i 1948JordanisraelskVestbreiddaseksdagarskrigenkommuneEdward RobinsonSt. JeromeLotromersk-jødiskeSt. PaulaAbrahamSodoma og Gomorraden muslimske erobringa av SyriaAli frå HeratDuraIbrahimi-moskeenajjubidaneDamaskusal-Mu'azzam IsaImam al-SuyutimoskéapostlarDet osmanske riketLevantenAbd al-Ghani al-NabulsiosmanskeJudeaVictor GuérinPalestine Exploration FundHebronglasarabararopprøretAbd al-Qadir al-Husayniden britiske hærenBritish Air ForceJordanden arabisk-israelske krigen i 1948seksdagarskrigenHebronisraelske busetjingaKiryat ArbaHureizYattaSa'irash-ShuyukhHalhul




Koordinatar: 31°30′58″N 35°09′51″E


































Bani Na'im

بني نعيم, Kafr Barik, Bani Nu'aym
kommune
Land

Flag of Palestine.svg Dei palestinske territoria
Guvernement

Hebron guvernement

Koordinatar

31°30′58″N 35°09′51″E

Folketal
20 084 (2007)


Borgarmeister
Issa Hassan al-Khdour




Palestine location map wide.png

Locator Red.svg




Wikimedia Commons: Bani Naim

Nettstad: Bani Na'im Municipality


Bani Na'im (arabisk بني نعيم, Banî Na‘îm) er ein palestinsk by sør på Vestbreidda, 8 km aust for Hebron i Hebron guvernement. Han vart kalla «Brekke» i før-romartida, og sidan «Caphar Barucha» på 300-talet. Byen er mest kjend som gravstaden til Lot. Etter den muslimske erobringa har namnet blitt arabisert som «Kafr al-Barik.» Grava til Lot vart omgjort til ein moské under det islamske styret og framleis under krossfarar-styret. Seinare slo den arabiske stamma Bani Nu'aym seg ned her, og har gjeve det noverande namnet Bani Na'im, først nytta av den muslimske vitskapsmannen Abd al-Ghani al-Nabulsi i 1690.


Folketalet i Bani Na'im voks under Palestinamandatet. Han vart med i arabararopprøret 1936–39 og var åstad for eit slag mellom dei irregulære palestinsk-arabiske styrkane til Abd al-Qadir al-Husayni og den britiske hæren. Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, vart Bani Na'im annektert av Jordan. Han kom under israelsk okkupasjon etter at Israel erobra Vestbreidda under seksdagarskrigen i 1967. I 1997 vart Bani Na'im overtført til palestinsk administrasjon og vart så ein kommune. I dag er han handelssenter for landsbyar i Hebron-området. Byen hadde eit eit folketal på 20 084 innbyggjarar i 2007.[1] Han ligg høgare enn dei fleste andre busetnadane i området, 951 meter over havet.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


    • 1.1 Moderne tid




  • 2 Geografi og klima


  • 3 Kjelder





Historie |


Bani Na'im vart kalla Brekke i før-romersk tid.[2] Bibelforskaren Edward Robinson identifiserte staden med Caphor Barucha, som var nemnt av St. Jerome som gravstaden til Lot på 300-talet evt. Den moderne byen vart bygd på den romersk-jødiske landsbyen Kfar Brosha. Jerome skreiv at St. Paula drog frå Hebron og stoppa på ei høgd ved Caphar Barucha og såg utover området, medan ho minnast Lot. I følgje segna skal Abraham på same staden ha vore vitne til øydelegginga av Sodoma og Gomorra.[3]


Etter den muslimske erobringa av Syria på midten av 600-talet, vart landsbyen kalla Kafr Breik eller Kafr al-Barik.[2]Ali frå Herat passerte landsbyen i 1173 og skreiv at han låg nær Hebron og var gravstaden til Lot.[4] I lag med byen Dura, vart Kafr al-Barik ein del av waqf («gåva») for Ibrahimi-moskeen (Patriarkgrotta) i Hebron etter ordre frå ajjubidane, som regjerte i Damaskus, al-Mu'azzam Isa den 2. mai 1215.[2] Den muslimske geografen Imam al-Suyuti skreiv òg på 1400-talet at Lot var gravlagd i Kafr al-Barik og at grotta låg vest for landsbyen, under ein gammal moské, i lag med «seksti profetar, av desse tjue apostlar.»[4] I 1517 vart byen ein del av Det osmanske riket i lag med resten av Levanten.


Både namna Kafr Burayk og Nabi Na'im stod oppført i osmanske skattelister frå 1596, då han låg i Khalil nahiya i Quds liwa.[5] Han hadde eit folketal på 42 muslimske hushaldningar og betalte skatt for kveite, bygg, vindruer eller frukttre, druesirup eller melasse, og geiter eller bikubar.[5]


Namnet Bani Na'im vart nytta av den muslimske vitskapsmann Abd al-Ghani al-Nabulsi i 1690 under det osmanske styret. Han skreiv at landsbyen tidlegare vart kalla Kafr al-Barik.


Robinson vitja Bani Na'im i 1838, og skreiv at han truleg låg på «det høgaste punktet i Judea.»[6] Då den franske reisande Victor Guérin vitja i 1860, fann han landsbyen nesten fråflytta, då innbyggjarane hadde flytta ut i telt for å unngå å bli kalla inn i militæret.[7] Han fann dei buande i ein teltlandsby ein kilometer unna, klare til å flykte inn i ørkenen om det vart gjort forsøk på å kalle dei inn.[7] I 1874 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) han som «ein ganske stor landsby» med olivenlundar i sør og vest og mange bygg bygde av eldgamle materiale.[2][8] Byen forsynte sand for Hebronglas-industrien.[9]



Moderne tid |




Våpen teken av britiske styrkar etter å ha kjempa mot palestinsk-arabiske irregulære i Bani Na'im under arabararopprøret i Palestina 1936–39 .


Bani Na'im voks kraftig tidleg på 1900-talet.[2] I 1936 deltok byen i arabararopprøret mot dei britiske styresmaktene. I desember 1937 fekk britiske styrkar ordre om å fjerne eit hus som tilhøyrte nokno som var involvert i ei antibritisk hending nær byen. Huset vart sprengd med dynamitt.[10]


Palestinsk-arabiske irregulære leia av Abd al-Qadir al-Husayni og den lokale kommandanten hans, Abd al-Halim Jawlani, møtte den britiske hæren i eit slag i Bani Na'im i desember 1938. I følgje britane bad ein innbyggjar i Bani Na'im om hjelp då opprørarar kom inn i byen.[11] Britane møtte så ein styrke på 100 irregulære og med støtte frå British Air Force vart soldatane til al-Husayni spreidd og flykta aust for Bani Na'im der dei vart heldt fast. Dei britiske styrkane tok livet av 60 opprørarar og tok 15 til fange. Ein britisk soldat vart drepen.[11]


Bani Na'im vart annektert av Jordan etter den arabisk-israelske krigen i 1948. I juni 1967, etter seksdagarskrigen, kom byen under israelsk styre.



Geografi og klima |


Byen ligg 958 meter over havet Han ligg 7-8 km søraust for Hebron, men dei to stadane har i røynda vokse saman. Den israelske busetjinga Kiryat Arba ligg nordvest for Bani Na'im, mellom landsbyen og Hebron. I sør ligg landsbyen Hureiz og byen Yatta, i nord ligg Sa'ir og ash-Shuyukh, medan Halhul og Hebronskogen ligg i vest.


Årsmiddelnedbøren i Bani Na'im er 369 mm. Middeltemperaturen er 16 °C og luftfukta er i snitt 61 %.



Kjelder |




Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bani Na'im





  • Denne artikkelen bygger på «Bani Na'im» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2015.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:



  • Cohen, Hillel (2009), Army of Shadows: palestinsk Collaboration with sionisme, 1917–1948, University of California Press, ISBN 0-520-25989-0 


  • Conder, Claude Reignier (1883), The Survey of Western Palestine III, London: The Committee of the Palestine Exploration Fund 


  • James, Finn (2008), Byeways in Palestina, BiblioBazaar 


  • Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral 


  • Lockman, Zachary (1989), Intifada: the palestinsk uprising against israelske occupation, South End Press, ISBN 0-89608-363-2 


  • E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine. 


  • Pringle, Denys (1993), The Churches of the Crusader Kingdom of Jerusalem: A Corpus, Cambridge University Press, ISBN 0-521-39037-0 


  • Robinson, Edward (1874), Biblical Researches in Palestine, and i Adjacent Regions: A Journal of Travels in the Year 1838, Crocker and Brewster 


  • Sharon, Moshe (1997), Corpus Inscriptionum Arabarum Palaestinae, BRILL, s. 12–21, ISBN 978-90-04-11083-0 


  • le Strange, Guy (1890), Palestine Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500, Committee of the Palestine Exploration Fund 


  • Watzman, Haim (2007), Company C: An American's Life as a Citizen-Soldier i Israel, Macmillan, ISBN 0-374-53085-8 


  • Zeitschrift des Deutschen Palästina-Vereins (1878), Volume: 1–2, 1878
    • with s.135–163: A. Socin: Alphabetischer Verzeichniss von Ortschaften des Paschalik Jerusalem''







  1. «Palestina Census» (PDF). Palestinsk statistisk sentralbyrå. 2007. s. 118. Henta 5. september 2015. 


  2. 2,02,12,22,32,4 Sharon, 1997, s.12


  3. Robinson, 1874, s.491.


  4. 4,04,1 le Strange, 1890, s.468.


  5. 5,05,1 Wolf-Dieter Hütteroth and Kamal Abdulfattah (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft. s. 124. 


  6. Robinson, 1874, s.490.


  7. 7,07,1 M. V. Guérin (1869). Description géographique, historique et archéologique de la Palestina. Judée III. Paris. s. 153–157. 


  8. Condor, 1883, s.325.


  9. Nazmi al-Ju'bah (1. oktober 2014). «Hebron glass: A centuries' old tradition». Institute for Midtausten Understanding (Original version from This Week in Palestina). Henta 11. april 2015. 


  10. Hughes, Matthew. «British Armed Forces and the Repression of arabarane Revolt In Palestina, 1936–39 (Part One)» (PDF). Brunel universitet. Henta 11. april 2015. 


  11. 11,011,1 «1st Battalion Worcestershire Regiment (1938 to 1942)». Worcestershire Regiment Website. Henta 11. april 2015. 






































Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...