Vokalharmoni Innhaldsliste Typar av vokalharmoni | Navigasjonsmenyutvide han



fonologiskvokalaneordformuralskealtaiske språkbantuspråkakanspråkyokutsanspråkmaiduanspråkutianspråkcoosanspråkdusunspråknilotiske språktelugukoreansktakelmanez percécoeur d'aleneOmlydgermanske språkakonsonantharmonifinsklånordtyrkisk




Vokalharmoni er eit fonologisk fenomen som krev at alle vokalane innanfor eit domene, til dømes innanfor same ordform, skal vere av same slag.


Nesten alle uralske og altaiske språk har vokalharmoni. I tillegg er fenomenet dokumentert i fleire bantuspråk, akanspråk, yokutsanspråk, maiduanspråk, utianspråk, coosanspråk, dusunspråk, nilotiske språk, og i enkeltspråka telugu, koreansk takelma, nez percé og coeur d'alene.


Omlyd, som ein finn i dei fleste nolevande germanske språka, er eit liknande fenomen. Andre språk har også konsonantharmoni, men det er mykje mindre vanleg på verdsbasis.




Innhaldsliste






  • 1 Typar av vokalharmoni


    • 1.1 Velar vokalharmoni


    • 1.2 Labial vokalharmoni


    • 1.3 Blanda system


    • 1.4 Andre system







Typar av vokalharmoni |


Det er to hovudtypar av vokalharmoni, velar vokalharmoni og labial vokalharmoni.



Velar vokalharmoni |




Finsk velar vokalharmoni, fremre, nøytrale og bakre vokalar


I velar vokalharmoni kan alle vokalane vere berre fremre eller berre bakre. Eit døme på eit slikt system er finsk. Her kan ordet ha dei bakre vokalane /a, o, u/, som i kalu «reiskap; penis» eller dei fremre vokalane /ä, ö, y/, som i käly «ektefelles søster; brors kone, ektefelles brors kone», men ikkje begge delar. *kaly og *kälu er dermed umoglege finske ord. Merk at vokalane /i, e/ i finsk er nøytrale, og kan opptre i lag med bakre vokalar (som i Suomi «Finland»), men ord med berre nøytrale vokalar i stammen krev fremre vokalar i suffiksa, dvs. vi har tili «konto», og tilillä (men ikkje *tililla) «på kontoen».


På grunn av dette kan finsktalarar ha problem med å uttala utanlandske ord som ikkje har vokalharmoni. «Olympia» blir til dømes «olumpia», medan lånord kan takast inn på ulike vis, anten ustandardisert (som chattailla/chättäillä), eller utan vokalharmoni (som polymeeri, autoritäärinen).





Labial vokalharmoni |


I labial vokalharmoni kan alle vokalane vere berre runda eller berre urunda.



Blanda system |


Det finst også blanda system, som tyrkisk. I rota må vokalane harmonere både etter aksen fremre/bakre og etter aksen runda/urunda. Døme...



Andre system |



Det finst også andre vokalharmonisystem.



Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.






Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...