David Vogt Kjelder | NavigasjonsmenyBiografisk informasjon om David VogtPolSys


EinskildmennFødde i 1793Døde i 1861Stortingsrepresentantar 1836-1838Stortingsrepresentantar 1839-1841Stortingsrepresentantar 1842-1844Stortingsrepresentantar 1845-1847Stortingsrepresentantar 1848-1850Stortingsrepresentantar for MossStortingsrepresentantar for Moss og DrøbakNorske juristarFolk frå DrammenFolk frå Moss


6. juni1861Moss2. mai17936. juni1861Lorenz VogtJørgen Herman VogtNils Nilsen VogtNils VogtDrammenKøbenhavnjuridisk eksamenJustisdepartementetbyråsjefoverrettsprokuratorfutMosskommisjonarstortingsrepresentantDrøbak




















David Vogt

Fødd
2. mai 1793
Drammen
Død

6. juni 1861
Moss


Yrke
dommar, politikar

David Vogt (2. mai 1793–6. juni 1861) var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Han var far til Lorenz Vogt, medan statsråden Jørgen Herman Vogt og presten Nils Nilsen Vogt var brørne hans, og statsråden Nils Vogt ein brorson.


David Vogt var fødd i Drammen, der faren då dreiv trelasthandel. Han arbeidde som assistent i general-postdireksjonen sitt revisjonskontor, seinare var han lottoasisstent i København. I den danske hovudstaden tok han juridisk eksamen i 1815, med gode karakterar. Same året kom han til Noreg og byrja som kopist i Justisdepartementet, konstituert byråsjef i 1817. I 1818 vart han overrettsprokurator i Kristiania.


År 1831 vart han utnemnd til byfut i Moss, eit embete han hadde resten av sitt liv. Han var medlem av fleire kongelege kommisjonar, mellom anna i 1843 av den «Kongelige Commisjon til at udarbeide Lovforslag andgaaende Brændeviinsbrænden».


Vogt var stortingsrepresentant for Moss både i 1836, 1836-37, 1839 og 1842. I 1845 og 1848 representerte han Moss og Drøbak på Stortinget. Både i 1836 og 1836-37 var han sekretær i næringskomiteen. I 1839 og i 1842 var han formann i næringskomite nr 2, i 1845 formann i næringskomite nr 1. Han var elles formann i komiteen om stempellova i 1839.


Vogt døydde i Moss i 1861.



Kjelder |




  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914


  • Biografisk informasjon om David Vogt NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv





Popular posts from this blog

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...