Stavropol Innhaldsliste Historie | Vennskapsbyar | Fotnotar | Kjelder | Navigasjonsmeny45°3′″N...


Byar i Stavropol krajBusetnader grunnlagde i 1777


russiskRusslandStavropol krajKubanslettaKaukasusStavropol statsuniversitetNordkaukasus statlege polytekniske universitetLandbruksuniversitetetStavropol statlege medisinske akademiFotballagetGrigorij Potemkinden russisk-tyrkiske krigenKatarina den storeAzovMozdokDon-kosakkarStauroupolisVesleasiaAleksander IarmenskeKaukasus1800-taletbispedømegubernijaden russiske borgarkrigenden raude arméenAnton Denikinkvite arméKliment Vorosjilovden andre verdskrigenTysklandnaturgassMoskvaMikhail GorbatsjovStavropol kraj






























































Stavropol
Ставрополь












Flagget til Stavropol

Byvåpenet til Stavropol

Flagget til Stavropol

Byvåpenet til Stavropol



Plassering




Stavropol is located in Russland









Styresmakter
Land

Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt

Stavropol kraj
Grunnlagd
Bystatus

1777
1785
Borgarmeister
Nikolaj Paltsev
Geografi
Flatevidd
 - By


242 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2010[1])
   - folketettleik


398 000
  1 644,6 /km²
Koordinatar

45°3′″N 41°59′″EKoordinatar: 45°3′″N 41°59′″E
Høgd over havet
550 moh
Tidssone
- Ved sommartid

MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer
355000–355047
Retningsnummer (tlf)
(+7)8652
Bilnummer
26

Nettstad: stavropol.stavkray.ru/

Stavropol (russisk Ста́врополь) er ein by sørvest i Russland. Byen er hovudstad i Stavropol kraj og har om lag 398 000 innbyggjarar (2010). Han ligg på Kubansletta, nord for Kaukasus, som er særs fruktbar og eitt av dei viktigaste jordbruksområda i Russland. Dei viktigaste utdanningsinstitusjonane i byen er Stavropol statsuniversitet, Nordkaukasus statlege polytekniske universitet, Landbruksuniversitetet og Stavropol statlege medisinske akademi. Næringslivet består av bilindustri, møbelindustri, kjemisk industri og annan industri. Stavropol er tent av flyplassen Sjpakovskoje. Fotballaget i byen heiter Dynamo Stavropol.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 Vennskapsbyar


  • 3 Fotnotar


  • 4 Kjelder





Historie |


Stavropol vart grunnlagt av Grigorij Potemkin i 1777 etter den russisk-tyrkiske krigen 1768–1774. Han grunnla byen på oppdrag frå tsarina Katarina den store som ein av ti festningar mellom Azov og Mozdok. Don-kosakkar, særleg frå Khoperskij-regimentet, vart busett i og rundt byen for å styrke forsvaret av riket.


Namnet «Stavropol» er ein russisk transkripsjon av det greske ordet Σταυρούπολις (Stauroupolis), som tyder «krossbyen». Namnet stammar frå ei segn som seier at soldatar skal ha funne ein stor steinkross då dei bygde ei festning her. Stauroupolis var òg namnet på eit bispedøme i vestlege Vesleasia, men det har ingenting med den russiske byen å gjere.


Aleksander I ønskte å styrke handelen i området og inviterte i 1809 ei rekkje armenske familiar til å slå seg ned i festninga.


Stavropol låg strategisk til i forhold til den russiske erobringa av Kaukasus og i løpet av første halvdel av 1800-talet vart han ein viktig handelsstad. Byen og området rundt vart eige bispedøme i 1843 og gubernija (provins) i 1847.


Under den russiske borgarkrigen kjempa den raude arméen og general Anton Denikin sin kvite armé i området og Stavropol skifta eigarar fleire gonger. Den raude arméen erobra byen siste gong 29. januar 1920. Frå 1935 til 1943 heitte byen Vorosjilovsk, kalla opp etter Kliment Vorosjilov. Stavropol vart hardt råka under den andre verdskrigen og var okkupert av Tyskland 3. august 1942–21. januar 1943. Sidan 1946 har det vorte vunne ut naturgass nær byen og ei gassrøyrleidning fører han til Moskva. Mikhail Gorbatsjov er fødd i Stavropol kraj og jobba i Stavropol frå 1955 til 1978, frå 1970 som regional partisjef.



Vennskapsbyar |




  • USA Des Moines, USA


  • Frankrike Beziers, Frankrike


  • Flag of Bulgaria.svg Pazardzjik, Bulgaria


  • Armenia Jerevan, Armenia



Fotnotar |




  1. Den russiske folketeljinga i 2010 på russisk



Kjelder |



  • Denne artikkelen bygger på «Stavropol» frå Wikipedia på bokmål, den 21. november 2008.













Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...