Draumkvedet Innhaldsliste Nedteikningar | Olav, hovudpersonen | Innhald | Tonar | Samlarar og...


Norsk folkediktingNorske folkeviserNorsk mellomalderlitteraturUtvalde artiklar 2010


folkevisaballadestilKviteseidTokkeMoltke MoeM.B. LandstadsMaren RamskeidSvale SolheimÅdel Gjøstein BlomOlav BøEidsborgOlafOlavOlav den heilageSnorreÅstatrettandedagensvalaGjallarbruaerkeengelen MikaelDantesgamlestevmetrumomkvedL. M. LindemanIvar AasenOlea CrøgerSophus BuggeMoltke MoeRikard BergesegnerDgFden heilage Ansgarshagiografiennorrøn mytologiTundals visjonarEidsborg stavkyrkjeRudolf SteinerIvar Mortensson-EgnundOlav AukrustGeorg JohannesenLyse klosterLudvig Mathias LindemanDavid Monrad JohansenKlaus EggeSparre OlsenJohan KvandalLudvig NielsenEivind GrovenArne NordheimMoltke Moes1890-åra




Draumkvedet (òg skrive Draumkvædet) er den mest kjende folkevisa (mellomalderballaden) i Noreg. Det er eit visjonsdikt i balladestil, og handlar om ein mann som fell i så djup svevn at han får sjå inn i dødsriket.[1]





Eidsborg stavkyrkje. Kjerneområdet for tradisjonen ligg i bygdene rundt denne mellomalderkyrkja.




Innhaldsliste






  • 1 Nedteikningar


  • 2 Olav, hovudpersonen


  • 3 Innhald


  • 4 Tonar


  • 5 Samlarar og nedteikningar


  • 6 Stevrekkje eller ballade?


  • 7 Eineståande i Norden


  • 8 Dateringsteoriar og tolkingar


  • 9 Innviingsrøynsle eller falsum?


  • 10 Restitusjonar


  • 11 Historiske modellar?


  • 12 Draumkvedet i kunstmusikken


  • 13 Teksutdrag


  • 14 Litteratur


  • 15 Bakgrunnsstoff


  • 16 Referansar





Nedteikningar |


Draumkvedet vart «oppdaga» av tradisjonssamlarar i øvre Telemark i 1840-åra. Før dette finst det ingen kjende kjelder som fortel noko om soga til denne balladen. Kjerneområdet for tradisjonen er Kviteseid og Tokke (Lårdal og Mo). Nedteikningane av Draumkvedet er, langt på veg, sprikjande og fragmentariske. Den best kjende teksta i vår tid er ein rekonstruksjon/restitusjon på 52 strofer, laga av Moltke Moe i 1890-åra. Denne har tydd mykje for den ålmenne oppfatninga av Draumkvedet. Den har også inspirert diktarar, biletkunstnarar og musikarar som anten har tatt utgangspunkt i denne restitusjonen, eller i M.B. Landstads restitusjon i Norske Folkeviser, 1853, eller båe delar. Landstad let og prente (som B-tekst) ei originalnedteikning han sjølv hadde gjort. Denne er etter Maren Ramskeid frå Kviteseid og er på 30 strofer, dvs. normal lengd for ein norsk ballade. Landstad nytta Ramskeid-varianten som førebilete då han gjorde sin restitusjon.[2]


Professor Svale Solheim ved Universitetet i Oslo sende ut viktige signal då han heldt ei rekkje med førelesingar over Draumkvedet midt på 1900-talet. Han fastslo som prinsipp at forsking på Draumkvedet i framtida primært måtte byggje på originaloppskrifter, ikkje på meir eller mindre frie restitusjonar. Dette synspunktet har fått store konsekvensar for moderne Draumkvede-forsking. Solheim heldt Ramskeid-varianten for å vera den beste originaloppskrifta. Den har god samanheng mellom strofene og ein komposisjon som byggjer seg opp mot eit avsluttande klimaks. Nærlesingar av denne varianten er gjorde av Ådel Gjøstein Blom og andre. Olav Bø skriv: «om vi ikkje hadde andre oppskrifter enn den Landstad gjorde etter Maren Ramskeid, og ingen andre opplysningar enn dei ho kunne gje, ville vi likevel hatt eit godt utgangspunkt for ein diskusjon om problema kring eit norsk visjonskvede i balladestil.» [3]


Den varianten som er rekna som den beste etter Ramskeid-varianten, skriv seg frå Anne Lillegård frå Eidsborg, tidlegare i Lårdal. Hennar versjon er nedteikna på 1840-talet både av Olav Grasberg og av Jørgen Moe. Nedteikningane tek til på den særmerkte måten som alle restitusjonar har: «Vi du meg lye e kvea kan», altså den sokalla ministrelstrofa der songaren (diktaren?) presenterer seg i første person. Men Lillegård-varianten vantar den monumentale domsscena som avsluttar Ramskeidversjonen.



Olav, hovudpersonen |




Gjallarbrua. Illustrasjon av Gerhard Munthe.


Det namnet på visjonæren som går att i nedskriftene, er Olaf/Olav. Men så kan det skifte mellom Olaf Åknesonen (Ramskeid), Olaf Håkinson (Lillegård), Olav Åknesi (i Anne Skålens nokså urydduge variant). Olav Åsteson er det lite dekning for i nedskriftene, men namnet finst i Nils Sveinungssons materiale. Dette inneheld ei mengd strofer frå informantar som ein ikkje kjenner namnet på. Når nettopp Olav Åsteson har slått igjennom i dei store restitusjonane og i det ålmenne medvitet, har det to grunnar. Den eine er at visjonæren er blitt assosiert med Olav den heilage, som mellom anna hjå Snorre er utstyrd med visjonære evner.[4] Mor hans heitte Åsta. Men berre born fødde utanfor ekteskap blei oppkalla etter mora. Kongen heitte Olav Haraldson. Den andre grunnen er at namnet er blitt sett i samband med det norrøne åst (f), eit ord for kjærleik. Ein tenkte seg at visjonæren var ein person som naut særskild gunst, og soleis hadde fått evne til å sjå det som normalt er gøymt.



Innhald |


Balladen fortel at visjonæren, Olav, har gjort ei ferd i den andre heimen med han låg i ein tung svevn frå julekvelden til trettandedagen (6. januar), også kalla den gamle julaftan, epifanie-dagen (openberringsdagen), dagen til dei tre heilage kongane. Olav rid då til kyrkje, set seg i eller står i kyrkjedøra, eller han tek plass i svala. Så fortel han kva han har opplevd i draume. Dei ulike oppskriftene gir litt ulike opplysningar. Han fortel at har gått over Gjallarbrua som skil vår verd frå dødsriket, at han har sliti seg gjennom tornekratt, over blautmyrar, sett mot helvete og fått ein gløtt av himmerike. På vegen har jomfru Maria Gu'mor (Guds mor?) gitt han bod om å dra til «Brokksvalin», for der skal «domen stande». Han har vore vitne til det dramatiske møtet mellom Jesus og erkeengelen Mikael utstyrt med lur (domsbasun) og vekt (rettferdssymbol) på den eine sida og «Grutte gråskjeggje», det vil seie djevelen, på den hi. Det store spørsmålet er: kven skal syndesjelene til slutt hamne hjå? Slik konkluderer Ramskeid-varianten:





- fyri rei Grutte gråskjeggji, teikna av Gerhard Munthe i 1904.



Der kom færi norate

dæ tottes æg væra værst

fyry rei Grutte Graaskjæggje

han rei paa svartan Hest.

- I Broksvalin etc.-



Saa kom den færi sonnate

dæ tottes mæg væra bedst

fyry rei Sancte saale- Michael

aa næste Jesum Christ.

- I Broksvalin der sko Domen stande -



Saa kom den færi sonnate

ho tosse me væra traa

aa fyry rei St. saale Michael

aa Luren onde Armen laag.

- I Broksvalin ...-



Dæ va St. saale Michael

han blæs i Luren den lange

aa no sko alle Synde-Sjæline

fram fe Domen stande.



Men daa skolv alle Synde Sjæline

som Aaspelauv for Vinde

aa kvor den, kvor den Sjæl der va

dei gret for Syndine sine.

- I Broksvalin ...-



Og det var St.saale Mikkjel

han vog med Skaalevigt

saa vog han alle Syndesjælene

hen til Jesum Krist.


«Draumkvedet bygger seg kraftig opp mot domsscenen, som i sterkt sammentrengt form utgjør klimaks, vendepunkt og løsning.» [5] Det er tydeleg skyldskap mellom Draumkvedet og annan visjonsdikting frå mellomalderen, som til dømes Dantes Den guddommelege komedien.



Tonar |


Melodiane som er nedteikna til Draumkvedet, svarar stort sett til tonar som også er i bruk til gamlestev. Den firelina folkevisestrofa i Draumkvedet har same metrum som gamlestevet. Men ulikt gamlestevet har Draumkvede, og difor også tonane, omkved, slik det er vanleg i balladar. Kvar overlevert Draumkvedemelodi har eit omkved i stil med hovudmelodien og prega av forma på omkvedet.


I vår tid er det praksis at Draumkvedet blir framført med ulike tonar til dei ulike bolkane i visa. Ein grunn til denne praksisen er at nedteikningane syner at tradisjonsberarane har nytta fleire omkved. Maren Ramskeid er eit godt døme på dette. Hennar variant har desse omkveda: -Å dæ va Olaf Åknesonen som sovi hæve så længje-, -For månen skjine og vægjine fadde så vie -, og -I Broksvalin dær sko domen stande -.


Korleis Maren Ramskeid song, veit vi ikkje. Men ho har nok variert tonen, ikkje berre omkveda. At ei og same vise vert sungen til fleire meir eller mindre nærskylde tonar, finst det døme på i munnleg tradisjon. «Kråkevisa» som er innsungen i NRK av gudbrandsdølen Kristian P. Åsmundstad, skifter på med fleire tonar.[6]


Mange yngre kvedarar har Draumkvedet på repertoaret i dag. Somme utøvarar nyttar opp til fem meir eller mindre ulike, nedervde tonar under ei framføring. Den mest kjende melodien er nedteikna av L. M. Lindeman etter Ivar Aasen. Aasen hadde lært han av Olav Glosimot i Seljord då han fór i Telemark og skreiv opp målføre i 1845.



Samlarar og nedteikningar |


Nils Sveinungsson, klokkar i Vinje, var den første som skreiv ned Draumkvedstrofer. I 1842 sende han ei oppskrift på 61 strofer til Olea Crøger. Dette var brotstykke og einskildstrofer han hadde samla i fleire bygder. Han skriv mellom anna:


«Jeg har havt meget Umag med at samle dette Omqvæd, og det i forskjellige flere Præstegjelde har jeg opsøgt de ældste Oldinge som har kunnet underrette mig herom, og det har varet i flere Aar, inden jeg kunde komme til den Samling deraf som jeg her leverer Dem, og har det ikke været nok med at samle, men ogsaa har det været Arbeide i at ordne det Samlede som forhen laae spredt om hinanden,saa at man havde ingen Forbindelse i de fremsatte Materier i dette Omqvæd.»


Jørgen Moe publiserte ein rekonstruksjon av Draumkvedet i 1847 på grunnlag av tre oppskrifter. To hadde han sjølv gjort, den tredje var Nils Sveinungssons.


Det finst ei mengd med oppskrifter som gjev seg ut for å vera Draumkvedet; dei aller fleste inneheld berre nokre få gamlestev. Men i varianten etter Maren Ramskeid finst det ingen utprega gamlestev. Det mest sentrale Draumkvede-materialet er prenta i Norske mellomalderballadar 1 : Legendeviser, ved Ådel Gjøstein Blom (1982). Her er det teke med 25 variantar etter namngjevne og ikkje namngjevne tradisjonsberarar, nedteikna i tidsrommet 1842 til 1914. Mellom oppskrivarane finn vi, attåt M.B. Landstad og Jørgen Moe, folk som Sophus Bugge, Moltke Moe og Rikard Berge.



Stevrekkje eller ballade? |


Strofeforma i Draumkvedet er, som nemnd, identisk med gamlestevet. Gamlestev er gjerne visdomsstev; difor er det naturleg at det i somme oppskrifter av Draumkvedet finst strofer som også kan opptre som frittståande gamlestev. Om det er stev som har gått inn i visa, eller stevliknande strofer som har slite seg laus frå visa, er ikkje godt å seia. Ein må heller ikkje gløyme at tonane er skylde den sokalla «gamle stevtonen». Stev med sams tema finst i overleveringa som stevrekkjer. Eksempel på det er Norafjøllssteva, som skildrar ei reise, og Draugkvedet som inneheld stev som er lagde i munnen på ein dauing. (Draug = attergangar etter ein død person. Draugar opptrer til dømes i segner). Somme forskarar, som Brynjulf Alver, har drøfta om Draumkvedet beint fram kan vera ei stevrekkje, og inga folkevise. Svale Solheim og fleire med han har vore og er rimeleg overtydde om at Draumvedet er ei sjølvstendig vise, noko dei beste nedteikningane ber bod om. Dei har ein episk tråd, og dertil stort sett ikkje innslag av gamlestev.


Liksom Draumkvedet, handlar «Beltevisa» (ei skjemtevise) om ein mann som merkjer seg ut i samband med kyrkjegang, den eine av di han kjem med løyndomar frå den hi verda, den andre av di han ber eit belte som vekkjer oppsikt. Blant anna i materialet etter Sveinungsson finn ein strofer som og finst i Beltevisa. Dette er i og for seg normalt i balladematerialet. Slike strofer er kalla vandrestrofer og opptrer gjerne når det er noko sams i situasjonen. Observasjonen kan difor ikkje nyttast til å undergrave at det finst eit sjølvstendig Draumkvede. Dei beste variantane har dessutan ikkje strofer sams med Beltevisa.[7]



Eineståande i Norden |


Draumkvedet har ingen variantar i det øvrige nordiske balladematerialet, men det finst mange balladar med visjonsmotiv, som til dømes «Agnus Dei». To danske balladar, «Den rige Mands Sjæl» og «Sjælen for Himmerigs Dør» (DgF 105 og 106), har, interessant nok, eit omkved som minner om Draumkvedet: «Tungen kan tale, men Sjælen skal svare for Dommen». Jf. Draumkvedet: «Tunga talar, og sanning svarar på domedag.» Dette omkvedet er det elles lite av dekning for i nedteikningane av Draumkvedet.



Dateringsteoriar og tolkingar |


Jørgen Moe meinte at Draumkvedet var «verken meer eller mindre end den ældre Eddas Sólar-ljód, omformet til en Romance», og at Olav Åsteson måtte vera Heilag-Olav. M. B. Landstad slutta seg til synspunktet, men meinte at både Sólarljód og Draumkvedet byggjer på den heilage Ansgars visjonar som vi kjenner frå hagiografien om han.


Sophus Bugge skreiv alt i 1854, 21 år gamal, ein artikkel skulle koma til å leggje grunnlaget for Draumkvede-forskinga i dei komande hundre åra. Han peikte på reminisensar frå norrøn mytologi, og han registrerte skyldskap mellom Draumkvedet og visjonsdiktning i mellomalderen. Særleg var han oppteken av skyldskap med den irske riddaren Tundals visjonar frå 1149, som til og med hadde vorte omsette til norsk (norrønt) ca 1250 med tittelen Duggals Leizla:


«Det viktigaste ved Bugges ungdomsartikkel er påvisinga av parallellstader. Han fann slike i den norrøne litteraturen og dertil samanlikningsgrunnlag i visjonar og førestillingar innan andre religionar. Bugge er såleis den første granskaren som for alvor har sett Draumkvedet i eit større perspektiv enn det heimlege.» (Olav Bø i Telemark historie nr 16, s. 23.)

Då Moltke Moe heldt sine namngjetne førelesningar om Draumkvedet i 1901 og 1902, slutta han seg til Sophus Bugges oppfatning. Han meinte at Draumkvedet måtte vere dikta av ein nordmann i England på grunnlag av Tundals visjon, og at det skreiv seg frå ei brytingstid mellom kristendom og heiden tankegang.


Seinare forskarar er skeptiske til Moes tidlege datering. Svenskane Strömbeck og Hildemann peikte på at samanhengen med mellomaldervisjonane ikkje var overtydande, og at til dømes førestillinga om ei bru i den hi verda (Jf.Gjallarbrua) finst i mange religionar, og at ho også var levande i langt fram i tida, til dømes i hundreåret for reformasjonen. Ministrelstrofe og strofer i første person er også element som peikar mot at kvedet kan vera yngre.


Brynjulf Alver går lengst når han hevdar at Draumkvedet ikkje treng å vera eldre enn 1700. Han argumenterer med at Draumkvedet i oppskrivingstida for det meste tok seg ut som stevrekkjer, og hadde kan hende aldri vore noko anna.


Bengt. R. Jonsson argumenterer for at ei datering mellom 1350 og 1550 er sannsynleg.


I vår tid er det vanleg å hevde at Draumkvedet må vere dikta i Vest-Telemark sidan det ikkje er funne andre stader. Kan hende i miljøet rundt Eidsborg stavkyrkje? Olav Bø skriv til dømes at «Draumkvede er eit originalt dikt eller kvede, skapt i eit folkeleg miljø. Det treng ikkje å byggje på visse anglo-irske visjonar, snarare på allmenne refleksjonar kring kyrkjeleg forkynning.» [8]



Innviingsrøynsle eller falsum? |


Då Rudolf Steiner vitja Noreg i 1910, gjorde Ingeborg Møller han merksam på Draumkvedet. Ho omsette for han, ord for ord, ein avstytt versjon av Moes restitusjon, publisert av songaren Thorvald Lammers i 1901. Denne omsette dei saman til tysk.


Steiner meinte at Draumkvedet gav til beste ei autentisk innviingsrøynsle, og heldt fleire føredrag om dette. Marie Steiner-von Sievers framførte sidan alltid teksta på tysk. Dette gjorde mykje til at Draumkvedet vart kjend i Mellom-Europa.


Rudolf Steiner meinte elles at namnet Olav Åsteson er et mysterienamn som hadde vore nytta i generasjonar. Til Møller skal han ha sagt at Draumkvedet er mykje gamalt, ja at det går så langt attende som til kring år 400 etter Kristus! På den tid måtte det ha levd ein stor, innvigd kristen i Noreg. Mysterienamnet hans var Olav Åsteson, og kvedet skulle då vera ei skildring av koss han vart innvigd på ei ferd gjennom stjerneverda og det han såg og opplevde. Steiner meinte vidare at den tradisjonen vi kjenner, berre er ruinane av eit meir opphavleg kvede.
Gjennom Steiner blei diktet ei inspirasjonskjelde for norske kunstnarar som Ivar Mortensson-Egnund og Olav Aukrust.[9]


Lyrikaren Georg Johannesen skapte bylgjer då han gav ut ei bok om Draumkvedet i 1993. Han let det skine igjennom at Draumkvedet nærast var eit falsum. Provokasjonen førte trass dette til fruktbar debatt og mange vituge motlegg.



Restitusjonar |


Både Nils Svenungsson, Jørgen Moe og M. B. Landstad laga restitusjonar av Draumkvedet, og dei fleste har teke med viktige trekk frå Maren Ramskeid. Også Moltke Moe bygde på hennar variant, men braut med komposisjonen, mellom anna ved å plassere avsnittet om «Sælstrofene» til slutt. Han hadde ein teori om at domsscena ikkje kunne vera den endelege domen, men ein «førebelsdom». Han la dessutan stor vekt på beinveges samanheng med Tundals visjon. I 2002 let Magne Myhren publisere ein skjønsam restitusjon som byggjer på moderne Draumkvedeforsking.[10]



Historiske modellar? |


Det har og vore gjort jakt på mogelege historiske førebilete for diktaren og visjonæren. Ein populær teori har, som nemnd, gått ut på at visjonæren i Draumkvedet skulle vera Olav den heilage. Det er få som fester lit til det i dag. Ivar Mortensson-Egnund meinte å vita at Draumkvedet var dikta av abbed Runolf på Lyse kloster ein julekveld på 1100-talet. I 1927 laga han ein «rekonstruksjon» på 119 strofer. Han kasta fram ein teori om at Draumkvedet var utgangspunktet for all nordisk balladedikting. Då kunne han hemningslaust hente inn strofer frå andre balladar. Det er knapt nokon i dag som for alvor sluttar seg til Egnunds vidtgåande teori og praksis.



Draumkvedet i kunstmusikken |


Ei rekkje norske komponistar, Ludvig Mathias Lindeman, David Monrad Johansen, Klaus Egge, Sparre Olsen, Johan Kvandal, Ludvig Nielsen, Eivind Groven og Arne Nordheim har skapt, til dels storfelte, komposisjonar over Draumkvedet for ulike besetningar og føremål. Dei fleste byggjer meir eller mindre på dei melodiane som har levd i tradisjonen. Nordlendingen Monrad Johansens mannskorverk frå 1920-talet, nyttar berre nyskapt melodistoff, medan telemarkingen Eivind Groven, som voks opp i Tokke, i same miljø der Draumkvedet hadde levd i munnleg tradisjon fram til hans eiga tid, nytta overleverte tonar og dikta ei mengd nytt melodistoff i same ånd som det gamle. Han fylgde og langt på veg Ramskeid-varianten, og sette domsscena til slutt. Men han tok og med avsnittet om Pilegrimskyrkja som vantar hjå Maren Ramskeid, men som finst hjå Anne Lillegård frå Lårdal (i Tokke kommune i dag).[11]



Teksutdrag |


Utdrag av Moltke Moes restitusjon frå 1890-åra. Moe henta materiale frå fleire nedskrifter, og sette opp ei rekkjefylgje i samsvar med eigne teoriar:


1.



Vi'du me lye, eg kvea kan

um einkvan nytan drengjen,

alt um'n Olav Åsteson,

som heve sovi so lengji.


2.



Han la seg ne um joleaftan,

sterkan svevnen fekk,

vakna 'kji fyrr um trettandagjen,


då folkkji at kjyrkjun gjekk.

Å de va Olav Åsteson,

som heve sovi so lengji.




5.



Presten stend'e fyr altari

å les upp lestine lange,

Olav set seg i kyrkjedynni


å tel'e draumane mange.

Å de va Olav Åsteson,

som heve sovi so lengji.




20.



Bikkja bit, å ormen sting,

å stuten stend å stangar -

de slepp ingjen ivi Gjallarbrui


som fedder domane vrange.

For månen skin'e,

å vegjine fadde so vie.




31.



Der kom færi noranti,

de totte eg vera vesst;

fyri rei Grutte gråskjeggji,


han rei på svartan hest.

I brokksvalin

der skò domen stande.




37.



De va sankte såle-Mikkjel,

han vog i skålevikt;

so vog han adde synde-såline


burt ti Jesum Krist.

I brokksvalin

der skò domen stande.




43.



Der møtte eg dei òrmane tvei,

dei bite kvòrare i spori:

de va dei synduge syskjenbònni


som gifte kvòrare på jori.

I brokksvalin

der skò domen stande.




46.



Sæl er den i fø'esheimen

fatige gjev'e sko:

han tar inkje berrføtt gange


på kvasse heklemog.

Tunga talar,

og sanning svarar på domedag.




52.



Gamle mennar å unge

dei gjev'e etti gaume;

de va han Olav Åsteson,

no hev 'en tålt sine draume.


(såle-Mikkjel = erkeengelen Mikael, kvòrare = kvarandre, fø'esheimen = på jorda, heklemog = torner (overført tyding))


Diktet i Moes restitusjon er sett opp i åtte bolkar med til saman 52 strofer (fire verselinjer i kvar, pluss omkved som skiftast for kvar bolk. Sjå utdrag over.)



Litteratur |




  • Sophus Bugge 1853-54: «Mythologiske oplysninger til Draumkvædi» i Norsk Tidsskrift for Videnskap og Litteratur.

  • Moltke Moe, 1927: «Draumkvædet» Tekst. s. 190ff, «Middelalderens visionsdigtning» s. 209 ff, og «Limbus puerorum» s. 346 ff. Alt i Samlede Skrifter b. III, utgitt posthumt av Knut Liestøl.


  • Knut Liestøl, Draumkvæde: A Norwegian visionary Poem from the Middle Ages, Studia Norvegica No. 3, Oslo 1946


  • Ådel Gjøstein Blom, Ballader og legender fra norsk middelalderdiktning, Oslo 1971

  • Michael Barnes, Draumkvæde: An Edition and Study, Oslo 1974


  • Brynjulf Alver, Draumkvedet: Folkevise eller lærd kopidikting, Oslo 1971. Det viktigaste i denne boka er eit instruktiv geografisk oversyn over utbreiinga av Draunmkvede-tradisjonen i Vest-Telemark.

  • Ådel Gjøstein Blom: 1982: Norske mellomalderballadar 1 : Legendeviser, s. 110-136.


  • Draumkvedet : Telemark historie nr 16. 1995 er i hovudsak ein antologi over artiklar om Draumkvedet. Mange av dei er nyskrivne. Her finn ein t.d.: Olav Bø «Det vi veit og ikkje veit om, Draumkvedet» s. 21-33, Dagne Groven Myhren: «Katedral eller stavkirke. Genredrøfting og tro i Draumkvedet» og «Draumkvedet i kveding og kunstmusikk», s. 34-45. og s. 115-122, Bengt R. Jonsson: «Nogot om Draumkvedet», s. 46-48.


  • Gudleiv Bø og Magne Myhren 2002, Draumkvedet : diktverket og teksthistoria. (Her legg Magne Myhren for fyrste gong fram sin restitusjon av Draumkvedet; den byggjer på moderne Draumkvede-forsking.)


  • Leif Mæhle 2009: «Kongens visjon og diktarens» i Diktarar på leiting : Litterære studiar og artiklar.



Bakgrunnsstoff |



  • Draumkvedet på http://www.aasentunet.no


Referansar |





  1. Lenkjer til alle oppskriftene av Draumkvedet


  2. Oppskrift 1840- åra av M.B.Landstad etter Maren Ramskeid, Kviteseid, Telemark


  3. Olav Bø 1995 i Telemark historie nr 16, s. 31.


  4. Snorre gjev att mellom anna heilag-Olavs syn (visjon) av Noreg, som biskopen uttala var «heilagt og ovleg merkeleg». Sjå til dømes Mæhle 2009 Diktarar på leiting, s. 9.


  5. Dagne Groven Myhren i ein analyse av Ramskeid-varianten i Telemark historie 16, s. 40.


  6. Jf. «Draumkvedet i kveding og kunstmusikk» i Draumkvedet : Telemark historie nr. 16, s. 115-122.


  7. Desse og nærskylde problem er drøfte av Magne Myhren i Telemark historie 16, s. 49-53


  8. 'Telemark historie nr 16, s. 33.


  9. Jf. Leif Mæhle 2009: «Kongens visjon og diktarens» i Diktarar på leiting s. 9-29.


  10. Velle Espeland, Norsk visearkiv i Ballade: «Ny versjon av Draumkvedet, vår nasjonalballade.»


  11. Om «Draumkvedet i kveding og kunstmusikk» i Draumkvedet : Telemark historie nr. 16






Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...