Angela Carter Innhaldsliste Liv | Verkliste | Kjelder | Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyThe 50...
EinskildkvinnerFødde i 1940Døde i 1992Engelske forfattararEngelskspråklege forfattararPostmodernisme
16. februar1992London7. mai1940Eastbourne16. februar1992Londonfeminismemagisk realismepikareskeJames Tait Black Memorial PrizeEastbourneanoreksiStreatham and Clapham High Schoolengelsk litteraturUniversity of BristolUniversity of SheffieldBrown UniversityUniversity of AdelaideUniversity of East AngliaRichard DaddRonald FirbankNeil JordanlungekreftCharlotte Brontë
Angela Carter | |
Fødd | 7. mai 1940 Eastbourne |
Død | 16. februar 1992 |
Yrke | språkforskar, manusforfattar, romanforfattar, omsetjar, journalist, science fiction-forfattar, barnebokforfattar, forfattar, skribent |
Angela Carter (fødd 7. mai 1940 i Eastbourne, daud 16. februar 1992 i London) var ein engelsk forfattar og journalist. Verka hennar er prega av feminisme, magisk realisme og det pikareske. I 2008 blei ho rekna som nummer ti av The Times på lista deira over dei femti største britiske forfattarane sidan 1945.[1] I 2012 blei romanen hennar Nights at the Circus vald ut som den beste vinnaren nokon sinne av James Tait Black Memorial Prize.[2]
Innhaldsliste
1 Liv
2 Verkliste
2.1 Romanar
2.2 Samlingar av kortfiksjon
2.3 Diktsamlingar
2.4 Dramatikk
2.5 Barnebøker
2.6 Sakprosa
2.7 Som redaktør
2.8 Som omsetjar
2.9 Filmmanus
2.10 Radioteater
2.11 Fjernsyn
3 Kjelder
4 Bakgrunnsstoff
Liv |
Carter var fødd som Angela Olive Stalker i Eastbourne i 1940. Foreldra var Sophia Olive (fødd Farthing; 1905–1969) og Hugh Alexander Stalker (1896–1988). Under andre verdskrigen blei Carter evakuert til mormora si i Yorkshire. Som tenåring sleit ho med anoreksi.[3]
Etter å ha gått ved Streatham and Clapham High School i Sør-London tok ho arbeid som journalist ved Croydon Advertiser,[4] der også faren hadde arbeidd. Seinare studerte ho engelsk litteratur ved University of Bristol.[5]
Ho blei gift med Paul Carter i 1960.[6]
Angela Carter debuterte som forfattar i 1965 med romanen Shadow Dance. Ho følgde seinare opp med Several Perceptions, som vann The Somerset Maugham Prize i 1968. For prispengane drog ho frå ektemannen til Japan, der ho budde eit par år. I følgje seg sjølv var det der ho «lærte kva det var å vera ei kvinne og blei radikalisert».[7]
Ho skreiv om erfaringane sine i artiklar for New Society og ei novellesamling, Fireworks: Nine Profane Pieces (1974). Påverknad frå opplevingane hennar i Japan kan ein også sjå i The Infernal Desire Machines of Doctor Hoffman (1972). Carter reiste seinare rundt i USA, Asia og Europa, der det hjelpte at ho snakka fransk og tysk flytande.
I løpet av 1970- og 1980-talet var ho residerande forfattar ved fleire universitet, som University of Sheffield, Brown University, University of Adelaide og University of East Anglia. I 1977 gifta ho seg med Mark Pearce, og paret fekk ein son.
Carter skreiv fleire romaner, omsetjingar, dramatikk, barnebøker, noveller, poesi og soger.
Ho skreiv også artiklar for ulike aviser og tidskrift, som The Guardian, The Independent og New Statesman. Sakprosaen samla ho i Shaking a Leg.[8] Ho tilverka ei rekkje av novellene sine for radioteater, og skreiv to originale høyrespel om Richard Dadd og Ronald Firbank. Ho skreiv tre filmmanus, mellom anna til Neil Jordan si filmatisering av novella hennar The Company of Wolves (1984).
Angela Carter døydde 51 år gammal av lungekreft.[9][10]
Då ho døydde hadde ho byrja å skissera ein oppfølgjar til Jane Eyre av Charlotte Brontë, basert på det seinare livet til Jane si stedotter Adèle Varens.[11]
Verkliste |
Romanar
Samlingar av kortfiksjon
| Diktsamlingar
Dramatikk
|
| Filmmanus
Radioteater
Fjernsyn
|
Kjelder |
↑ The 50 greatest British writers since 1945. 5. januar 2008. The Times. Henta 2010-03-05.
↑ Alison Flood (6. desember 2012). «Angela Carter named best ever winner of James Tait Black award». The Guardian. Henta 6. desember 2012.
↑ http://www.angelacartersite.co.uk/ Retrieved 5 November 2015.
↑ http://www.telegraph.co.uk/news/obituaries/5899665/Angela-Carter.html
↑ «Angela Carter - Biography». The Guardian. 22. juli 2008. Henta 24. juni 2014.
↑ http://www.telegraph.co.uk/news/obituaries/5899665/Angela-Carter.html
↑ Hill, Rosemary (2016-10-22). «The Invention of Angela Carter: A Biography by Edmund Gordon – review». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 2017-09-29.learnt what it is to be a woman and became radicalised.
↑ «Book Of A Lifetime: Shaking a Leg, By Angela Carter». The Independent (på engelsk). 2012-02-10. Henta 2017-09-29.
↑ Sarah Waters (3 October 2009). «My hero: Angela Carter». The Guardian. Henta 24 June 2014.
↑ Michael Dirda, "The Unconventional Life of Angela Carter - prolific author, reluctant feminist," Washington Post, March 8, 2017.
↑ Clapp, Susannah (29. januar 2006). «The greatest swinger in town». The Guardian (London). Henta 25. april 2010.
- Denne artikkelen bygger på «Angela Carter» frå Wikipedia på engelsk, og «Angela Carter» frå Wikipedia på svensk den 8. mars 2018.
Bakgrunnsstoff |
Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Angela Carter
Offisiell nettstad of the Estate of Angela Carter
BBC interview (video, 25 June 1991, 25 mins)
"Angela Carter remembered" Daily Telegraph 3 May 2010
A Conversation with Angela Carter by Anna Katsavos, The Review of Contemporary Fiction, Fall 1994, Vol. 14.3
Angela Carter talks about her life and work to Elizabeth Jolley, British Library (audio, 1988, 53 mins)
Essay on Colette, Vol. 2 No. 19 · 2 October 1980, London Review of Books by Angela Carter- Angela Carter's radio work
Angela Carter ved British Library