Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap Bakgrunnsstoff | NavigasjonsmenyDirektoratet for...


Norske statsetatarTryggleik i NoregSkipingar i 2003


forvaltingsorganJustis- og politidepartementet1. september2003SivilforsvaretJon A. LeaTønsberg2005






DSB sitt hovudkontor i Tønsberg i Vestfold.


Direktoratet for samfunnstryggkeik og beredskap (DSB) er eit statleg forvaltingsorgan som ligg under Justis- og politidepartementet. Det vart oppretta 1. september 2003. Direktoratet sitt føremål er å bidra til å hindra tap av liv og verna om helse, miljø, viktige samfunnsfunksjonar og materielle verdiar i samband med ulukker, katastrofar og andre uønskte hendingar i fred, krise og krig. Sivilforsvaret ligg under DSB.


Direktoratet har oppgåver i samband med førebyggjande arbeid, krisehandtering, utgreiingar og analysar, sivilt-militært samarbeid, øvingar og evaluering og tilsyn.


Direktoratet er leia av ein direktør, for tida (2005) Jon A. Lea, som har åtte einingar/avdelingar under seg. Desse er:



  • Utgreiing og nasjonal beredskap

  • Brann, redning og sivilforsvar

  • Førebygging og eltryggleik

  • Næringsliv, produkt og farlege stoff

  • Informasjon og samfunnskontakt

  • HR/Personal

  • Administrasjon

  • Stab


Hovudkontoret til Direktoratet ligg i Tønsberg (frå januar 2005). Direktoratet rår over 20 sivilforsvarsdistrikt, fem sivilforsvarsleirar, fem skular og fem regionkontor for el-tilsyn. DSB har rundt 670 tilsette, av desse er om lag 240 ved hovudkontoret i Tønsberg.



Bakgrunnsstoff |


  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap


  • Denne artikkelen bygger på «Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap» frå Wikipedia på bokmål, den 15. april 2009.








Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...