UFO Club Innhaldsliste Historie | UFO Club-hendingar | Bakgrunnsstoff | Kjelder | Litteratur |...


Konsertstader i LondonSkipingar i 1966


LondonJohn HopkinsJoe BoydTottenham Court RoadDominion TheatrePink FloydPink FloydSoft MachineThe Incredible String BandArthur BrownTomorrowProcol HarumA Whiter Shade of PaleFlammarion-graveringthe bonzo dog doodah banddalibunuelsoft machinemark boyleHapshash and the Coloured CoatThe RoundhouseJeff Beck




Koordinatar: 51°31′6″ N 0°7′56″ W
UFO Club var ein kjend, men kortvarig undergrunnsklubb i London i 1960-åra, der mange kjende band på den tida spelte.




Innhaldsliste






  • 1 Historie


  • 2 UFO Club-hendingar


  • 3 Bakgrunnsstoff


  • 4 Kjelder


  • 5 Litteratur





Historie |


UFO Club vart starta av John Hopkins (vanlegvis kalla «Hoppy») og Joe Boyd i eit irsk danselokale kalla «Blarney Club», i kjellaren på 31 Tottenham Court Road, under Berkeley Cinema og ovanfor Dominion Theatre. Han opna 23. desember 1966. Først vart klubben kunngjort som «UFO Presents Night Tripper». Dette kom av at Boyd og Hopkins ikkje kunne bestemme seg for om dei skulle kalle han «UFO» eller «Night Tripper».[1] Eventually they settled on "UFO".


Den opphavlege avtalen med Blarney Club var at dei skulle nytte klubben dei siste to fredagane i desember. Boyd og Hopkins hadde starta klubben fordi dei trong pengar og var usikre på kor mykje publikum dei kunne få. Men som Boyd seinare skreiv, «frikar kom ut av treverket frå heile byen og me gjekk med overskot.»[1].


Pink Floyd vart booka for dei første to fredagane og igjen då klubben heldt fram utover i 1967 etter at dei hadde fått suksess. Dei første konsertane blanda musikk med lysshow, avantgard-filmar, lysbileteshow og danseshow.


Perioden til Pink Floyd på UFO var kort. Etter kvart som dei vart meir kjende kunne dei spele på større konsertstader for høgare honorar. Boyd hevda at det stigande ryet deira kom av suksessen til UFO, men leiarskapen til bandet ønskte å gå vidare og det vart gjort ein avtale for tre ytterlegare konsertar for høgare honorar.


Hopkins og Boyd byrja å sjå seg om etter eit nytt «husband» for UFO. Dei valte Soft Machine, men starta òg å hyre andre band som var tiltrekte av ryktet til klubben. Av desse fann ein The Incredible String Band, Arthur Brown, Tomorrow og Procol Harum, som spelte der då «A Whiter Shade of Pale» låg på førsteplassen i listene.


Ein reklame med Flammarion-gravering i februarutgåva av The International Times for «UfOria! Festival of Love 10.30 till dawn»[sic] annonserte «feb.10 — the bonzo dog doodah band • flix–dali–bunuel • ginger johnson african drums» samt «feb 17 — soft machine • mark boyle projections • movies • food • erogenius 3 + 4».


Hapshash and the Coloured Coat, som bestod av Michael English og Nigel Waymouth, designa psykedeliske plakatar for å annonsere hendingane.


Suksessen til UFO Club vart undergangen deira — han var for liten til å ta imot dei mange som ønskte å kome inn. Slutten kom i juni 1967 då Hopkins vart fengsla for narkotikakriminalitet. Presset frå politiet mot klubben auka dei neste vekene, og vertane trekte tilbake leigeavtalen. Klubben flytta så til The Roundhouse for eit par månader, men trass i at bygningen var forfallen, var leiga overdriven. Om ein stor artist som Jeff Beck spelte, gjekk UFO i null, men klubben tapte som regel pengar. I oktober vart UFO Club i the Roundhouse lagt ned.



UFO Club-hendingar |



  • Des 23/30: Freakout under Berkeley Cinema; Warhol-filmar; The Pink Floyd Sound; Anger-filmar, Heating warm; IT god

  • Jan 13: Pink Floyd; Marilyn Monroe movie; The Sun Trolley; Technicolor strobe; Fiveacre slides; Karate

  • Jan 20: Pink Floyd; Anger movie

  • Jan 27: AMM Music; Pink Floyd; Five Acre Light; Flight of the Aerogenius Chpt 1; International Times; IT Girl Beauty Contest

  • Feb 3: Soft Machine; Brown's Poetry; Flight of the Aerogenius Chpt 2; Bruce Connor Movies

  • Feb 10: Bonzo Dog Doo Dah Band; Ginger Johnson; Bank Dick WC Fields

  • Feb 17: Soft Machine; Indian Music; Disney Cartoons; Mark Boyle Feature Movie

  • Feb 24: Pink Floyd; Brothers Grimm

  • Mar 3: Soft Machine

  • Mar 10: Pink Floyd

  • Mar 17: St Patrick's day - fridag

  • Mar 24: Soft Machine

  • Mar 31: Crazy World of Arthur Brown; Pink Alberts; 'spot the fuzz contest'

  • Apr 7: Soft Machine

  • Apr 14: Arthur Brown; Social Deviants; Special: the fuzz

  • Apr 21: Pink Floyd

  • Apr 28: Tomorrow; The Purple Gang

  • (Apr 29/30: 14-Hour Technicolor Dream i the Alexandra Palace)

  • mai 5: Soft Machine; Arthur Brown

  • mai 12: Graham Bond Orgelisation; Procol Harum

  • mai 19: Tomorrow; Arthur Brown; The People Show

  • mai 26: The Move

  • Jun 2: Pink Floyd

  • Jun 9: Procol Harum; The Smoke

  • Jun 16: Crazy World of Arthur Brown; Soft Machine; The People Blues Band 4.30am

  • Jun 23: Liverpool Love Festival; The Trip

  • Jun 30: Tomorrow; The Knack; Dead Sea Fruit

  • Jul 7: Denny Laine; Pretty Things

  • Jul 14: Arthur Brown; Alexis Korner; Victor Brox

  • Jul 21: Tomorrow; Bonzo Dog Doo Dah Band

  • Jul 28: Pink Floyd; CIA v UFO; Fairport Convention

  • Aug 4: Eric Burdon; Family

  • Aug 11: Tomorrow

  • Aug 18: Arthur Brown; Incredible String Band

  • Sep 1/2: UFO Festival: Pink Floyd; Soft Machine; The Move; Arthur Brown; Tomorrow; Denny Laine

  • Sep 8: Eric Burdon & The New Animals; Aynsley Dunbar

  • Sep 15: Soft Machine; Family

  • Sep 22: Dantalian's Chariot w Zoot Money & His Light Show; The Social Deviants; The Exploding Galaxy

  • Sep 29: Jeff Beck; Ten Years After; Mark Boyle's New Sensual Laboratory; Contessa Veronica



Bakgrunnsstoff |



  • Grunnleggjar John 'Hoppy' Hopkins

  • Grunnleggjar Joe Boyd

  • Offisiell UFO Fan Club



Kjelder |




  • Denne artikkelen bygger på «UFO Club» frå Wikipedia på engelsk, den 15. februar 2011.

    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:





  1. 1,01,1 Boyd, Joe, White Bicycles - Making Music in the 1960s, Serpent's Tail, 2006. ISBN 1-85242-910-0







Litteratur |



  • Boyd, Joe, White Bicycles - Making Music in the 1960s, Serpent's Tail. 2007. ISBN 978-1-85242-489-3

  • Miles, Barry: In the Sixties. (London 2002)

  • Green, Jonathon: Days in the Life: Voices from the English Underground, 1961-71 (London 1998)




Popular posts from this blog

What is the “three and three hundred thousand syndrome”?Who wrote the book Arena?What five creatures were...

Gersau Kjelder | Navigasjonsmeny46°59′0″N 8°31′0″E46°59′0″N...

Hestehale Innhaldsliste Hestehale på kvinner | Hestehale på menn | Galleri | Sjå òg |...